Hollywood a la Osterøy

Dagleg leiar Trond Lillejord, Mjøsvågen Landhandleri AS

Med kremmarsjel og ivrig dugnadshjelp kan ein utrette store ting i små bygder.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

OM EIN KJEM langvegs ifrå treng ein likevel ikkje vere i tvil om ein har hamna på rett stad, for i fjellsida over vågen står det HOSANGER med digre gule bokstavar. Men noko Florida-varme har dei ikkje. Vinteren har festa eit godt og vått grep om den vesle bygda på vestsida av Osterøy. Denne formiddagen freistar det ikkje nokon å ta med seg kaffikoppen ut til piknikborda som står på rad og rekkje på kaien. Ikkje ein einaste båt ligg ved gjestebryggja, og ein ser heller ikkje snurten av ungar på den vesle leikeplassen som er laga til for dei, om foreldra brukar for lang tid med middagen. Men, det er lett å sjå for seg korleis her må vere på fine dagar i sommarhalvåret.

– Ja, då myldrar det med folk her, bekreftar dagleg leiar ved Mjøsvågen Landhandleri AS, Trond Lillejord.

– Både bygdefolk og tilreisande har vore flinke til å finne fram til oss. Området her har mykje flott natur å tilby, blant anna er Kossdalssvingane eit ynda turmål. Enkelte turistar har lagt seg til ved gjestebrygga her helg etter helg heile sommaren, smiler han og inviterer inn i varmen.

KOPP: Lokalpatriotismen blomstrar.

INNOM landhandeldøra er det lunt og triveleg. Bondesjarmen er høg; blondedukar prydar borda, gamle eplekassar har fått nytt liv som vegghyller, og 80-talets The Monroes syng om søndagsfolk på radioen. Inst i lokalet finn ein eit godt utval av daglegvarer, og i den trivelege kafeen kan ein handle småinteriør og gåver, samt diverse kortreist snadder frå Hardanger og endå nærare.

Bak disken står det store, freistande skillingsbollar og lokkar. Lifleg duft kjem sigande frå pizzaomnen, og utanfor huset har dei jamvel fått plassert pølsevogna til lokalprodusenten «Den hemmelege pølsefabrikken» – ein fullt utstyrt pølsekiosk på hjul, innreia med kjøkken og det heile. Ingen treng å gå svolten heim igjen herifrå.

– Slike samlingspunkt som dette er viktige for landsbygda, og for heile kommunen, ytrar Lillejord.

– Slike moglegheiter trengs no til dags. Det er ikkje lenger slik som i gamledagar at alle møtest på kaien kvar gong skyssbåten legg til.

RYDDAR: Noomi Hagebø er den einaste tilsette i full stilling ved Mjøsvågen Landhandleri.

– Dette er ein koseleg plass å jobbe, med masse trivelege kundar, seier ho.

HAN HADDE lenge gått og sett på bygningen som stod igjen etter det gamle metallstøyperiet.

– Bygget var altfor fint til å berre stå der som ein forfallen lagringsstad, og området her inst i Mjøsvågen er mildt sagt idyllisk. Det måtte jo vere noko me kunne bruke det til meinte eg.

Men den mangeårige handelsmannen hadde sjølv allereie så altfor mange jern i elden. I tillegg til butikkdrift andre stader på Osterøy var han tungt inne i både turlag og reiselivslag på øya.

– Så då begynte eg å sparke kameraten min Øystein Øvsthus på leggen. Det hjelpte. Han fekk med seg sambuaren Randi Nordås, og Mjøsvågen Landhandleri opna dørene første gongen i august 2018.

Telefonen til Lillejord ringer frå djupt nede i jakkelomma. Han fiskar han opp med raske fingre og set han til øyra, men kiminga held fram.

– Nei, det var visst feil telefon, humrar han og leitar fram ein mobil til, frå den andre lomma.

SVANE: Eminent gjest ved brygga.

DET HAR NO gått eit år sidan femtiniåringen tok over som dagleg leiar for landhandleriet. Dei to oppstartarane ville vidare i anna arbeid, og for hans del var tidspunktet perfekt. For få veker sidan opna den driftige karen òg ein flunkande ny Mekk-butikk på Lonevåg senter, ei lita mil tilbake langs vegen, så kremmarsjela har nok å henge fingrane i.

– Kva er du mest stolt av, når det gjeld Mjøsvågen Landhandleri?

– At me har fått til et mykje betre tilbod enn det som var i tankane då me starta. Det me trudde skulle bli ein supplerande kolonial med ein liten kafé har utvikla seg til å bli ein stad der både bygdefolk, ostringar og turistar kan nyte eit godt måltid og få kjekke opplevingar i flotte omgjevnader.

Men, det tar tid å bygge opp ei ny bedrift.

– Eg kan ikkje nekte for at nedleggingsspøkelset ei tid flagra over oss. Som for så mange andre gründerar skapte koronapandemien store vanskar. Men så kom sommaren i fjor, med sol og varme, båtliv og full brygge i månadsvis. Då redda me oss inn igjen.

FAST PLASS: Dagleg leiar Trond Lillejord konfererer med Johnny Olsen, som er vaktmeister og altmoglegmann på dugnad hos Mjøsvågen Landhandleri.

I HAUST blei teltet dei hadde reist inntil husveggen erstatta med ein triveleg vinterhage. Det gav dei utvida moglegheiter til å metta fleire svoltne kundar.

– Kvar torsdag serverar me «raspe». Pizza kan ein få kvar dag, og med jamne mellomrom legg me ut billettar til ulike middagsarrangement, reiegjer Lillejord.

Ved å selje billettar på førehand til slike arrangement veit dei alltid kor mange spisegjestar dei kan forvente.

– Me har til dømes tilbydd trerettars middag laga av innleigd gourmetkokk, og hjortemiddag med særdeles kortreist kjøt. Sosekjøt og kjøtkaker er alltid suksess. Det merkast fort kva som funkar.

I overetasjen har Lillejord og co. innreia eit lokale som dei leiger ut til møter og kurs, bryllaup, dåp, jubileums- eller firmafestar.

– Me har investert mykje, over tid, og me prøver å ha eit tilbod for alle; bryggedans, standup, konsertar, eller trubadurar som kjem overraskande innom. No i februar arrangerer me bursdagsfest for Ole Bull. Me er jo kry av å ha sjølvaste Bullahuset her på øya, blunkar han som alltid står med ein fot innom reiselivslaget.

– Er det du som kjem med alle desse ideane?

– Nja, nesten alle, svarar Lillejord, kledeleg beskjedent.

– Men dei dukkar som oftast opp i samspel med andre glupe hovud, legg han til.

SERVICE: Skillingsbollane til Mjøsvågen Landhandleri er populære.

TRONGT om plassen er det ikkje her i kafeen denne formiddagen. Men ein heimevand kar sit med ein kopp kaffi framfor seg ved det eine av dei to borda, og ei ung dame med Mjøsvågen Landhandleri-logo på den blåkledde ryggen ryddar i kolonialhyllene. Innimellom kjem det kundar inn døra som handlar med seg litt daglegvarer.

– Noomi, tar du imot «mjølkje» ropar Lillejord plutseleg – og høgt.

Dei vante øyrene hans har høyrt den nesten lydlause varebilen som parkerte utanfor. Kollegaen set ifrå seg suppeposane ho har i hendene og går ut for å hente inn dagens mjølkelevering.  

– Per i dag er det me to personar i fast stilling. I tillegg har me åtte sesongbaserte deltidstilsette som trør til, spesielt frå mai til september. Det er veldig viktig å få inn ungdommen i drifta, men det må vere ei god blanding, av både unge og eldre.

BRIKKER: Ostringen Inge Fanebust er kunstnaren bak dei fine bordmerka i vinterhagen hos Mjøsvågen Landhandleri.

LILLEJORD er fjerdegenerasjons handelsmann, og han har no 30 år bak seg i faget. Han voks opp på Tysso, enno ei mil vidare innover vegen, og røtene til området er djupe. Allereie som 15-åring sat han som leiar i ungdomslaget i heimbygda. Det vervet blei han verande i i 25 år.

– Eg har alltid likt å skape, å bygge opp samfunnet rundt meg. Kreativiteten i det er ei sterk drivkraft. Hovudet jobbar i eitt sett. Det er berre slik eg er. Ifølge dottera til ein kamerat er eg ein influensar, utan påvikningskraft. Eg tar det som eit komplement.

Telefonen hans ringer igjen.

– «Ja, ka é da no då?»

Ei rask ordveksling følgjer.

– «Du finn ut av det du. Jah! Hoy!»

Så hankar den travle leiaren seg inn igjen. Han vil påpeike at han har mange gode hjelparar med seg i driftinga av Mjøsvågen Landhandleri.

– Me ostringar er jordnære folk som maular på heile tida. Johnny Olsen, som sit bak meg her, «maklar» rundt her og fiksar ting når han har frivekene sine heime frå jobben i Nordsjøen. Øystein har gravemaskin og er aldri vond å be, og Randi har verkeleg stått på, spesielt innan den administrative delen. Då eg tok over formeleg hagla det med informative mailar frå hennar kant.

Landhandleriet har skapt stort engasjement i heile nærmiljøet. Dugnadsanden er stor på Osterøy.

– Per i dag har me opp mot 40 aksjonærar, skryt Lillejord.

UNIKT LOKALE: Loftsrommet over butikken og kafeen i det gamle metallstøyperiet er innreia som kurs- og selskapslokale med både langbord og bar.

KVA ER det kjekkaste med å drive Mjøsvågen Landhandleri?

– Det aller kjekkaste med denne jobben er å få ting til å flyta og sjå at folk kosar seg. Den positive responsen har vore massiv, og det å høyre kommentarar som «Her var det kult!» varmar meg langt inn i hjarterota.

– Kva er dine beste råd til andre som ønskjer å starte eigen bedrift?

– Utarbeid ein god forretningsplan. Set av mykje tid i oppstarten og ver forbered på at det blir mykje dugnad. Forhøyr deg hos andre som har starta opp bedrift om tips og råd, og framfor alt: Framsnakk det du vil få til, oppfordrar Lillejord.

Mjøsvågen Landhandleri er medlem av Snarkjøp og av Landhandleriene, og i oppstartfasen fekk gründerane mange gode råd frå leiaren av organisasjonen, som og famnar landhandleri på Evanger, Kvamskogen, og Sletta, samt i Herand og i Bellevuebakken i Bergen sentrum.

– Me hadde god nytte av all kompetansen aksjonærane våre sat inne med, og eg hadde òg med meg mykje erfaring frå tidlegare etableringar. For ferskare gründerar som treng meir input og hjelp vidare er slike kurs som Etablerersenteret tilbyr gull verd.

SJØLVSAGT kan det òg for erfarne handelsmenn vera krevjande å vera ny i jobben innrømmer den joviale kremmaren.

– Det hender at eg pratar meg vekk og svir bollane, og bestillingslistene må finlesast så me ikkje får levert seks kassar brokkoli, eller 25 kilo brun farin, fleire gonger. Me brukar jo ikkje brun farin eingong.

Den første gongen det stod pizzakundar framom var han heilt åleine bak disken.

– Kollegaen min var ute eit ærend, og eg hadde enno ikkje vore i nærleiken av noko opplæring i å bruke pizzaomnen. Då kokte det godt i toppen. Det gjorde det og den dagen då halve laget av ungdomar sat i karantene i påvente av koronatesting, samtidig som at brygga var full av folk som ville ha både mat og drikke.

– Men, det er då eg kjenner at eg lever.

Meir info om Mjøsvågen Landhandleri finn du på Facebook, og på nettsida deira: https://landhandleriene.no/mjosvagen/

Forrige
Forrige

Stormfulle steg

Neste
Neste

Kamerakometen