Foto: Irene R. Mjelde - Månedens bedrift september 2025
Skaparkraft - Kva gjer at nokre lukkast medan andre ikkje?
Lurer du på kvifor nokre lukkast med forretningsidéen deira og skaper vekst medan andre ikkje gjer det?
Svaret kan du få når Osterøy Utvikling og Etablerersenteret inviterer til Skaparkraft hos LOBAS. Her møtest gründarar, etablerte bedrifter og skaparglade menneske for å dele erfaringar, inspirasjon og konkrete råd for å lukkast.
Korleis følgje draumen og lukkast?
⭐Gründer Magnus Revheim frå nystarta Klyvvikje Smed og administrasjons- og salssjef Sigbjørn Reigstad frå etablerte LOBAS deler sine erfaringar.
⭐Linda Fosse gir deg energien til å satse.
Kven kan hjelpe deg på vegen?
⭐Etablerersenteret, Klar Bedrift og Industriutvikling Vest (IUV) fortel korleis dei bidreg til vekst og utvikling gjennom ekte kundeforteljingar frå Osterøy.
Me legg som alltid opp til dialog med erfaringsutveksling, gode diskusjonar og spørsmål.
Etter programmet blir det omvising i fabrikken og Gamle smio på LOBAS og mange moglegheiter til å bygge nettverk og hente inspirasjon. Lunsj får du òg!
Program:
kl. 08.00 Registrering, mingling og kaffe med noe attåt.
kl. 08.30 Korleis følgje draumen og lukkast?
kl. 10.00 PAUSE
kl. 10.30 Kven kan hjelpe til på vegen?
kl. 11.30 Lunsj
kl. 12.30 Omvisning i fabrikken og Gamle Smio
🗓 Tid: Onsdag kl. 08.00–14.00
📍 Sted: LOBAS - Hordavegen 18, 5282 Lonevåg
💰 Pris: Gratis – inkl. enkel lunsj
Arr. av Osterøy Utvikling og Etablerersenteret