Berre dikt

INSPIRASJON: Notatblokk og blyant er aldri langt borte når Kristin Straume Audestad er ute i naturen.

INSPIRASJON: Notatblokk og blyant er aldri langt borte når Kristin Straume Audestad er ute i naturen.

– Me har ein jobb å gjere med håp og lys, avgjer Kristin Staume Audestad.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde
 

«HEI! Det er berre meg», er det ein del menneske som opnar telefonsamtalane sine med. Det gjer Kristin Straume Audestad òg. Men det er ikkje «berre» det, sjølv om forlaget ho starta fekk namnet berrekristin.

– Tidlegare tenkte eg litt sånn: «Herlighet, skal folk betala for dette? Det er jo berre mine ord.» Det er nok difor namnet på forlaget sa seg sjølv. No har eg tatt steget opp, til: «Dette er meg, og det står eg for.»

Audestad trur kanskje ho hadde risikert å få stryk om ho hadde late ein språkkritikar eller poesimeldar lese gjennom dikta sine.
– Eg veit ikkje om dei kan kallast dikt i det heile, men folk les dei, og tilbakemeldingane tilsei at dei likar det eg skriv.
«Du skriv det eg tenkjer, som eg ikkje visste at eg tenkte», og: «Du formulerer så fint dei kjenslene eg har inni meg som eg ikkje heilt får fram», er nokre av kommentarane Audestad får frå takknemlige lesarar. Og dei er det etter kvart blitt mange av. Sidan 2011 har ho publisert dikta sine på ulike sosiale medium. Per i dag har ho over 9000 følgjarar på Instagram.

– Eg har etablert meg på Instagram over lengre tid, og det er der eg no har størst respons. Det er kjekt å gå inn på profilen min og sjå kven som les og kva dei skriv. Statistisk sett er 93 prosent av følgjarane mine damer. Dei siste sju prosentane er nok mjuke menn med kontakt med kjenslene sine.


TILTALANDE: Kristin Straume Audestad brukar si eiga handskrift i diktboka si, og ho er kry over at ho har klart å gjere innbindinga så visuelt fin at kjøparar fortel at dei har ho framme til pynt.

HUMRANDE fortel Audestad om koner som sender dikta vidare til mennene sine med kommentaren: «Sånn er eg!»
– Forretningsideen min handlar fyrst og fremst om «ord til folket». Stadig fleire lesarane oppfordra meg til å samla dikta mine i bokform. Skriva gjer eg jo uansett, for å setja ord på eigne kjensler og erfaringar. Om eg kan hjelpa nokon samtidig er det ein kjempebonus.

Dikta sine, meiner ho, er ein form for kvardagspoesi, eller brukspoesi.
– Brukspoesi i den forstand at eg håpar dikta kan brukast til å koma seg gjennom ulike fasar av livet, når ein til dømes opplever sorg, angst, eller depresjon, men at dei òg kan setja ord på glede, håp og kjærleik.

Marknadsføringa av boka gjekk som ein leik. Då ho var klar var nettverket allereie på plass.
– Eg selde 400 bøker allereie før boka var trykt. Eg er svært takknemleg for responsen eg får frå følgjarane mine. Då eg på profilen min på Instagram spurde etter tips til små nisje- og gåvebutikkar der eg kunne forhøyre meg om dei vil ta boka inn i sortimentet sitt hagla det inn 100 tips på kort tid, rosar ein nøgd poet.
 


TIDLEG UTE: Sine første dikt skreiv Kristin Straume Audestad allereie før ho byrja på skulen.

LANSERINGSDATOEN for Audestad si diktbok «Det er mykje meir på innsida» var den sjette desember i fjor. Innan jul var heile opplaget på 800 eksemplar tomt og ny bestilling sendt.
– Eg skulle ha bokslepp på Dale klokka fire den fredagen, men bokleveransen var forseinka og kom ikkje før klokka 12 same dagen. Det vart litt nervepirrande, men det gjekk med eit naudskrik. Det å halde si eiga bok i hendene for første gong er ei spesiell oppleving, men eg rakk ikkje dvele så mykje med kjensla før eg skulle dele boka med dei frammøtte.

Audestad har gjeve ut bok før òg ho. I 2011 kom «Dikt for dagen», utgjeven på eit anna lite forlag. I samband med utgjevinga starta ho enkeltpersonsføretak og hadde tankar om å lage ulike produkt pryda med dikta sine. Den planen la ho på is på grunn av andre moglegheiter i arbeidslivet, men skrivinga heldt ho fram med.

– Mot slutten av 2019 tok eg opp igjen planane i samband med at manuset eg hadde liggande blei refusert av dei store forlaga. Eg endra litt på skildringa av enkeltpersonsføretaket og gav ut boka på eige forlag.
Den avgjerda har ho ikkje angra på.

– Det er uansett mykje arbeid å gje ut bok. Skilnaden frå sist er at denne gongen har eg sjølv stått for regien gjennom heile prosessen. Det har vore både gjevande, lærerikt og artig, understrekar diktmakaren.

Ho syns det var kjekt å ta i bruk lærdom ho ikkje hadde fått brukt på lenge. Til dømes når det gjaldt å utarbeide designen av boka, og til å digitalisera dei handskrivne dikta, då ho nytta kunnskapar frå linja for medium og kommunikasjon på vidaregåande.

– Det er ikkje for pengane sin del eg gjer dette, men det er ein stor fordel å sitje igjen med fortenesta sjølv når eg no først tener nokre kroner på alle skrivetimane mine.
 


FREDELEG: Når det ikkje er badetemperatur er Kristin Straume Audestad ofte å finne på Sildastadskjeret nær heimen. Her finn ho inspirasjon til nye tankar og nye dikt.

DEN EKSTRA inntekta fører med seg at Audestad no kan har godt samvit når ho prioriterer skriving i ein elles hektisk kvardag, med tre born, og ein femti prosent pedagogisk stilling i kyrkja i heimkommunen Vaksdal.

– Sjølve bokprosessen kravde sjølvsagt mykje tid. Kontorarbeid med bestillingar og betalingar skulle gjerast, eg ville lære å føre rekneskap, og eg måtte finna fram til ein god betalingsløysing. Det var ei utfordring at det gjekk ein del ut over dei heime, men eg førebudde dei på det på førehand, og det gjekk stort sett veldig fint.

Bokmanuset til «Det er meir på innsida» blei til etter ein lokal konsert som Audestad heldt i lag med sambygding, og no ordførar i Vaksdal, Hege Eide Vik.

– Ho song og eg las eigne dikt, og det kom 100 publikummarar. Det var mange fleire enn eg hadde rekna med, og veldig kjekt, seier Audestad smilande.

No er ny konsert under planlegging. Nye dikt trillar ut frå poeten sitt hovud, ned gjennom armen, ut i fingrane og ned på papiret. Mest sannsynleg kjem difor og ei påfølgande diktbok nummer to på forlaget «berrekristin».

– Eg har så mykje oppi hovudet mitt, vedgår Audestad, og ler.
På spørsmål om kva som inspirerer henne kjem svaret kjapt.

– Folk! Heime, på jobben, på butikken. Relasjonar, og det menneske har i hjarte og sinn.
For henne er ikkje skrivinga ein hobby eller ein jobb, det er eit behov.

– Eg må skrive. Det har blitt ein livsstil å notere meg tankar undervegs som dei dukkar opp. Og vanskelege kjensler til dømes, blir lettare å handtere når eg får dei ned på papiret.

 


MEIRSAL: Med tida har Kristin Straume Audestad tankar om å selje ulike produkt med dikt på, som koppar og handlenett.

AUDESTAD karaktereiserar seg sjølv som; kronisk distre mamma 34 år, med sterk skrivetrong, og som trumfar låg sjølvkjensle.
– Det siste er noko eg jobbar med det heile tida, vedgår trebornsmora.

Ho meiner å ha blitt forma slik at om det var 100 personar som skytte av det ho hadde skrive, og ein som fann noko negativt, så ville det vore den negative kommentaren ho hadde hengt seg opp i.
– Men, eg har faktisk aldri fått nokon av dei. «Bygdedyret» sit kanskje mest i hovudet mitt, innrømmer ho.
– Eg er nok det ein kallar høgsensitiv. Eg er ein grublar som tar inn alt, og har til stadighet tankar og sterke kjensler som skal gjennomarbeidast.

Det at ho sjølv i periodar har slite med angst og depresjon kjem òg til uttrykk gjennom skrivinga. Slik håpar ho å kunna strekkje ut ei hand til dei som kjenner på det same.

– Å skrive dikt er veldig personleg. Eg sel jo på ein måte sjela mi, sjølv om riktig nok ikkje alle dikta handlar om meg sjølv. Det kjennest frigjerande og veldig riktig å vera så ærleg og open, men òg litt skremmande. Likevel, når folk skriv til meg: «No kjenner eg meg ikkje lenger så åleine», då er det vel verd det, sjølv om eg har blottlagt sjela mi.

Audestad reflekterer over den krevjande tida vi er inne i. Ho trur det no er særs viktig at ho hentar litt håp inn i dikta sine.  
– Håp er alltid nødvendig, men særleg no. Kanskje folk flest etter dette kjem til å skjøna meir om korleis dei som lever med angst til dagleg har det i kvardagen?

 

ETABLERERSENTERET annonserte at dei skulle arrangere kurs for gründerar i nabobygda Stamnes, nølte ikkje Audestad med å sikre seg ein deltakarplass.– Kurset var veldig informativt og nyttig. Rådgjevarane som hadde kurset var positive og oppmuntrande, og det var tydeleg at dei ønskte at me skulle lukkast.

Audestad lærte om aktuelle selskapsformer og fekk kjennskap til formelle dokument og register som ho ikkje hadde vore klar over.
– Det ville vore dumt og gått på ein smell der. Ein ønskjer jo å fylje lovene, men det er jammen mykje å setja seg inn i som nystarta bedriftseigar.

Forlagsgründeren sine beste råd til andre som ønskjer å bli sin eigen sjef er:
– Bruk kontaktnettet ditt og forhøyr deg med mange ulike personar. Det er fint med innspel og tips frå andre som har gjort liknande erfaringar før deg.
Råd nummer to er ei oppfordring om at ein ikkje skal vera så livredd for å gjere feil.– Eventuelle feil ein gjer er ein del av prosessen, og noko å læra av, ikkje å «slå seg sjølv mentalt i hovudet med». Eg er litt perfeksjonist sjølv, og vil helst fiksa alt perfekt med ein gong. Det har eg måtta bita i meg nokre gonger, konstaterer Audestad, og avsluttar:
– Skaff deg helst kundar før du har produktet klart. Og sist, men ikkje minst: Våg!

 


Du finn meir om Kristin Straume Audestad her:
www.berrekristin.no (www.berrekristin3.webnode.com)

Gründerne bak:

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr