Billeg og berekraftig bygging

BEREKRAFT: – Vi elskar å få ting til å skje, konstaterer Elias Kvalsvik Haugen og Jakub Wijata. Deira miljøvenlege takstein blir snart å finne i byggemarknaden.

To driftige unge menn frå Nordfjord har ambisjonar om å minimere byggebransjen sine miljøsynder.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde 

– «DETTE vil vi ha!» rungar heiaropa, og vi blir mottatt med opne armar kor vi enn kjem, fortel Jakub Wijata.

I lag med barndomskameraten Elias Kvalsvik Haugen etablerte han i fjor sommar bedrifta Bú Composite. Frå januar 2024 begynte dei arbeidet med å kartlegge behov, å produsere prototype, og å spreie den glade bodskapen om at det snart blir lettare for byggebransjen å innfri miljømessige krav.

– Byggebransjen er den mest forureinande i verda. Han står for over en tredjedel av CO2-utsleppa og produserer enorme mengder avfall. I tillegg har prisen for å bygge et hus dobla seg på 15 år, påpeiker Haugen.

– Bú Composite løyser begge desse problema ved å omdanne avfall til billige, sterke, innovative og berekraftige byggematerialar. Resultatet blir at bygging blir mindre forureinande, rimelegare og med enklare installering.

IDEEN om eiga firmautvikling kom då dei to som studentar fylde all ferietid med jobbing. Dei arbeidde for eit bygge- og rivingsfirma, og fekk hakeslepp over alt av bygningsmateriell som berre gjekk rett på bosshaugen. «Dette må det no vere mogleg å gjere noko med,» tenkte dei.

– Vi starta Bú Composite fordi vi erfarte kor tungt, dyrt og lite miljøvenleg bygging kan vere. Dette inspirerte oss til å tenke ut meir berekraftige og kostnadseffektive løysingar. Visjonen vår er å nytte materialavfall til å lage nye produkt som kan redusere miljøavtrykk og kostnader i byggebransjen, og samtidig løyse deler av avfallsproblematikken som bransjen og verda står ovanfor.

Ideutviklingsvegen har gått om materialar til maritim bransje, konteinarproduksjon og alt av materialar til husbygging, men etter kvart landa Bú Composite rett og slett på taket. I fleire månader har dei to gründerane arbeidd med prototypeutvikling og pilottesting, og om få dagar får dei levert sin ferdige prototype på takstein, laga av resirkulert materiale frå plastavfall og kasserte rotorblad frå vindmøller.

– Vi gjorde ei omfattande marknadsundersøking der vi kontakta over 100 byggefirma. Dei  sprikande ideane våre blei snevra inn, og om kort tid har vi klart eit handfast, spesifikt produkt å presentere for marknaden, erklærer Haugen.

ÅPENT LANDSKAP: Gründarane bak Bù Composite trivst godt i VIS Innovasjon sine luftige lokalar.

ETABLERERSENTERET sin journalist møter tjuefireåringane i ellevte etasje i Media City, der dei har kontorplass hos VIS Innovasjon. Bak panoramavindauge der utsikta er like vid som framtida ligg framfor dei, klekker radarparet ut løysingar som skal revolusjonere tankane våre om kva som er mogleg å få til i byggebransjen.

– Taksteinane våre har minimale CO2-utslepp under produksjon, og ei estimert levetid på opptil 80 år. Etter det kan taksteinen igjen resirkulerast. Dei er designa for å møte strenge miljøstandardar og bidra til grønare byggeprosjekt.

Begge smiler breitt. Fulltidsarbeidet dei starta i januar i år går foreløpig sterk ut over eigenkapitalen dei har samla seg, men satsinga er absolutt verd det, meiner dei.

– Dette er verkeleg noko bransjen treng. Positive miljøtankar har auka enormt dei siste par åra, og leiarar i byggeindustrien tar avfallsproblema seriøst. Vi får utruleg gode tilbakemeldingar frå pilotkundane og interessentane våre, og vi veit derfor at vi er på riktig spor for å oppfylle vårt langsiktige oppdrag – å gjere bygging billeg og berekraftig.

HØGT: Byutsikta frå kontoret.

HAUGEN studerer til siviløkonom og Wijata er utdanna innan digital marknadsføring. Sistnemnde har i tillegg arbeidd eit år i bedrifta Strukturplast, der han henta mykje kunnskap om eigenskapane til kompositt. Bú Composite har, i tillegg til dei to driftarane òg to hjelparar på prosjektbasis. Desse er kløpparar på materialtesting og produktdesign.

– Eg tar meg av alt arbeid knytt til kommunikasjon og marknadsføring, mens Elias har stålkontroll på alt av økonomi og administrative oppgåver. Dette har gjort at vi alle kan fokusere på det vi er best til, fortel Wijata.

Som leverandør har dei valt seg bedrifta Gjenkraft AS i Høyanger.

– Gjenkraft er ein av to bedrifter i Skandinavia som resirkulerer kompositt. Vi har skrive samarbeidsavtale, og dei blir leverandøren vår av oppkverna karbonfiber og glasfiber. Enkelt forklart blir massen pressa saman, og resultatet blir byggematerialar som er særs solide.

– Kontaktane våre i byggebransjen rapporterer om 15-30 prosent brekkasje når det gjeld takstein laga av betong. Dette vil dei unngå ved å handle takstein hos Bú Composite, reklamerer Haugen.

– Mogleg omsetning mot det norske marknaden ligg rundt seks til sju hundre millionar i året. I tillegg kjem alle dei utanlandske aktørane. Framtida ser veldig lovande ut.

Privat bilde

SNART TAKSTEIN: Fiberstoff, i ein blanding av glasfiber og karbonfiber, er klar formaterialtesting. Prosessen blir kalla vakuuminfusjon.

ORDET BÙ er norrønt. Det tyder hus, skjul, eller ly. I første omgang har dei peila seg inn på takstein, men bedriftseigarane avviser ikkje at produkta deira kan bli fleire etter kvart.

– Vi tar steg for steg og startar med takstein, så ser vi kor vegen tar oss vidare. Materialet vårt kan brukast i eit bredt spekter av bygningsmaterialar og allereie no er benkar, plantekassar og belleggingsstein under utvikling. Om ti år kan vi forhåpentleg levere byggevarer til heile hus, slik vi først tenkte.

Under utprøving og materialtesting har dei samarbeida med teknisk universitet i Polen. Foreløpig vil taksteinen deira òg bli produsert i Polen, men på sikt er planen å skape sin eigen produksjon her på Vestlandet. Da vil dei kunne ha lageret i nærleiken og unngå unødvendig frakt.

– Vi går inn for å jobbe tettast mogleg saman med entreprenørar og taktekkarar. Slik lærer vi mest om kundane våre sitt behov, og kan utvikle best moglege produkt.

GRÜNDER: Jakub Wijata.

 DET VAR HOS Etablerersenteret dei fekk det gode tipset om å kontakte VIS Innovasjon og melde seg inn i deira Ada Tech Incubator.

– Etablerersenteret er ein fantastisk stad for ein kvar med ein forretningside. Rådgjevingskontoret stiller med nettverk og ekspertise til å hjelpe deg å sette opp forretningsplan, og lærer deg grunnleggande og praktisk forretningsutvikling. Eller som for vår del, dei viser deg vidare til det beste miljøet for å utvikle akkurat din ide.

Dei to gründarane påpeiker at det at Etablerersenteret sendte dei vidare til VIS er ein av hovudgrunnane til at dei har kome så langt som dei har.

– VIS og Ada Tech Incubator har stilt opp med lokale og vegleiing, samt nettverk som har hjelpt oss med å spisse forretningsideen vår, å gjennomføre marknadsundersøking og mykje meir. Det er vanskeleg å drive selskap heilt for seg sjølv, spesielt når ein er i tjueåra og har lite erfaring innan forretningsutvikling. Det å vere i en inkubator har hjelpt oss svært mykje, understrekar Wijata.

GRÜNDER: Elias Kvalsvik Haugen.

ALLE oppstartsbedrifter møter utfordringar, og Bú Composite er ikkje noko unntak.

– Feilvurderingar om marknaden, regulatoriske hindre, og at alt tar lenger tid enn ein ser for seg, er berre noko av motstanden vi har møtt. Den hittil største utfordringa har vore å finne ein påliteleg produsent som kunne lage prototypen raskt og rimeleg, seier Wijata.

Men, i den andre enden:

– Dei mest positive opplevingane kjem når ein på stadig betre måtar klarar å løyse utfordringane som dukkar opp. Alle vala vi har tatt har kanskje ikkje vore optimale, men vi har lært mykje av den vegen vi har gått.

På spørsmål om kva som er det kjekkaste med å ha sitt eige firma, er svaret einstemmig:

– Meistringskjensla! Kvar dag kjem med ei ny utfordring. Det kan ta ein time, ei veke eller ein månad, men når løysinga kjem gjer det ei sterk meistringskjensle, fortel ein smilande Haugen.

– Ei vekes arbeid som entreprenør lærer deg meir om arbeidslivet enn eit heilt år på skule, avgjer Wijata.

– Dette siste året har lært oss vanvitig mykje om korleis den verkelege verda funkar; med regnskapsføring, kundebehandling, materialteknologi, produksjonsteknikkar og problemløysing. Arbeidsdagen som gründer varer gjerne i 12 timar, men det er alltid gøy. Vi elskar å få ting til å skje, og vi jobbar mot å nå våre eigne mål. Samtidig hjelper vi andre med å løyse problema deira.


RÅDA Haugen og Wijata vil gje andre gründerar i startgropa, er desse:

1. Gang alt med tre. Ting tar alltid meir tid, pengar og krefter enn ein først antar. Folk reiser på ferie, blir sjuke, eller overvurderer eigen kapasitet. Ein må derfor alltid ta høgde for eit «worst case scenario» med omsyn til kor mye tid, pengar og krefter ei oppgåve tar.

2. Ein sit ikkje inne med all ekspertise åleine. Finn derfor ein partnar som utfyller svakheitene dine og som likar det du mislikar. Vi foreslår å ha minst ein medgründer, gjerne to. Tre personar, med fordelt ekspertise innan produktutvikling, sal og administrasjon, er alt ein treng for å starte opp, og raskt skalere ei bedrift.

3. Lytt til marknaden. «Product-Market fit» er det viktigaste aspektet ved å lykkast. Gjer ei grundig marknadsundersøking for å bekrefte etterspørsel og betalingsvilje for produktet eller tenesta di. Utan denne flyr ein i blinde, og endar fort opp med å ha laga eit fantastisk produkt som ingen vil ha.


Les mer info om Bú Composite på: www.bucomposite.com

Neste
Neste

Teft for godt lesestoff