Bølgjeleik i blått hav

Gründerne bak: Birgitte Kallestad / Synnøve Glesnes / Maria Dalland

– Moro til sjøs skapar tryggleik og trivsel i vatnet, avgjer gründerane bak Kystleik AS.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

– KVIFOR skal leik berre vera for born? spør Birgitte Kallestad seg.

Førtiåringen er ein av dei tre friske fruene frå havgapet som står bak bedrifta Kystleik AS. Ho stortrivst i både bølgjer og på flatt hav, og tar veldig gjerne ein klatretur i bergveggen.

– Det er altfor mange vaksne som ikkje har oppdaga gleda ved å vera aktiv i, og på, sjøen. Tilbodet vårt til borna er gull verd, men også vaksne treng å få kjenne på naturelementa me er så heldig å ha tilgang til.

Dei to andre blada i gründer-trekløveret er Synnøve Glesnes(38) og Maria Dalland(36). Etablerersenteret sin journalist møter dei på Sotra, på heimstaden deira Glesvær, ei av våre små, sjarmerande bygder heilt ytst i den vestnorske skjergarden. Ein litt småkald bris ruskar i håret, men steinbenken me har sett oss på nær svaberga er oppvarma av solstrålar denne forsommardagen. I bakgrunnen småsnakkar fire flittige lokale «malarar», mens dei gjev stakittgjerdet rundt uteserveringa til kafeen, som lokkar byfolket ut hit med dei velsmakande sjømatrettane sine, eit strøk med kvitmaling. Framom oss blenkjer eit stålblått hav i ettermiddagssola.

VENNINNER: Birgitte Kallestad, Maria Dalland og Synnøve Glesnes starta aksjeselskap saman.

– DET ER kjekt å trekke folk ut hit til Glesvær så vi får vist fram den flotte heimplassen vår, seier Maria Dalland smilande.

Det var ho som klekte ut ideen om bedrifta Kystleik. Allereie i 2019 oppretta den erfarne SUP-instruktøren enkelpersonsføretak, og gjekk i gong med kursaktivitet innan SUP-brett og utesvømming, for skuleelevar og andre påmeldte.

– Sommarsesongen i 2020 var den travlaste eg nokon gong har opplevd. Eg skjøna fort at slik kunne eg ikkje drive det. Synnøve og Birgitte hadde allereie god kjennskap til drifta sidan dei var av mine hyppigaste innleigde instruktørar. Då eg ymta frampå om at me kunne starte aksjeselskap i lag, tende dei på tanken med ein gong.

Februar i år vart difor Kystleik AS registrert. Bedrifta tilbyr kurs innan klatring, SUP-brett og annan aktivitet i, og ved, sjø. I tillegg har dei guida klatre- og SUP-turar i området rundt Glesvær, gjerne med innslag av mental kroppskanning og mindfulness-øvingar på den flytande farkosten. Dei arrangerer tredagars sommarleir for born, og driv idrettskule i samarbeid med idrettslaget på staden. Tilbodet deira er retta mot born og unge i nærmiljøet, men og mot vaksne, firma, tilreisande og turistar.

– Me ønskjer å gje menneske i alle aldrar gode opplevingar ved kysten og i sjøen. Me har eit sterkt engasjement for born og unge i regionen, og vil utvikle ulike aktivitetstilbod der folkehelse og livsmestring står i fokus, reiegjer Dalland.

– At me sjølve og finn stor glede i aktivitetane me tilbyr er eit stort pluss.

BRETT: SUP står for «Stand Up Paddle».

DEI TRE gründerane utfyller kvarande, og saman har dei fått på plass system og struktur i bedrifta. Kallestad er sjølvutnemnd HMS-ansvarlig, og hovudinstruktøren innan mindfulness på SUP-brett er det Glesnes som er.

– Å padle med SUP-brett er god trening, men det kan og brukast til rekreasjon og avslapping. Sjølv unner eg meg ofte ein roleg tur dei morgonane det er heilt flatt på havet. Det gjev meg ein uvurderleg ro som fyl meg gjennom heile dagen, fortel Glesnes.

– Me har alle tre ein genuin kjærleik til havet og kystnaturen, set pris på mykje av dei same tinga, og har eit felles sett med grunnverdiar, påpeiker Dalland.

Fellesskap og godt samarbeid er nyttig, for gründerar må halde tunga beint i munnen. Heile våren og forsommaren har oppdraga rulla inn kontinuerleg, trass i at damene vedgår at dei kunne vore mykje flinkare når det gjeld marknadsføring.

– Me har mange gode hjelparar, men det blir likevel for mykje å halde styr på. Heldigvis har me, i tillegg til oss sjølve, fleire frilansinstruktørar me kan leige inn for oppdrag. Om dei gode framtidsutsiktene heldt fram kan det bli aktuelt å tilsette fleire på fast basis, både til instruktørjobbar og innan administrasjon.

Kanskje helst innan administrasjon resonnerer dei tre seg fram til. For det er som instruktørar dei sjølve trivst aller best.

– Kystleik gjev oss så mange moglegheiter. Det er berre vår eigen fantasi som kan sette grenser, meiner Kallestad.

Nyleg deltok Glesnes og ho på guidekurs i regi av Museum vest og Øygarden kommune, og er no sertifiserte som øygardskjennarar. Kurset vekte sterkt engasjement hos dei begge.

– Dei aller første menneska som busette seg i Noreg budde her i området. Det er mykje spennande å fortelje om innan både lokal arkeologi og geologi, og me har til dømes snakka om å arrangere guida turar på SUP-brett langs sjøsida her, der dette er tema.

RUSLANDE over brygga kjem Torvald Bakke og hunden hans. Sist Etablerersenteret var i området, hausten i 2018, var det den hendige treleikemakaren sitt firma – Goffa, som var utpeikt til månadens bedrift. Her i bygda kjenner alle kvarandre og me småpratar litt med hundeluftaren før me tar opp igjen samtalen om Kystleik.

Til saman har firmaeigarane fem eigne born i alderen to til elleve år. Det hindrar ikkje trekløveret i å trivast i lag med større grupper av andre sine ungar.

– Eg ser kor mine to storkosar seg i vatnet og eg vil veldig gjerne at fleire born skal ha den moglegheita, seier Dalland.

Ho arbeider som lærar i den lokale barneskulen og har ansvaret for utesymjing på barnetrinnet ved Spildepollen skule. Tilbakemeldingane frå elevane etter ein skuledag i, og ved, sjøen er udelt positive.

– «Dette har vore den beste dagen i livet mitt», kom det spontant frå ein tredjeklassing hin dagen. Desse utedagane er berre heilt nydelege, og ein kan jo ikkje anna enn å lika jobben sin med slike tilbakemeldingar, seier Dalland og smiler så munnvikane nesten når øyrene.

– Ungdomskuleelevane har og stor glede av tilbodet me gjev dei. Om dei ikkje er like spontane i utsegnene sine som dei yngste så røper dei seg med dei glade ansikta.

Dei tilreisande deltakarane på kursa deira blir og fasinerte av naturen her ute ved havet.

– Det er utruleg kjekt å vere instruktør når kursdeltakarane uttykkjer slik takksemd og skryt uhemma av opplevinga dei har vore med på.

OPPHAV: Maria Dalland fekk ideen om Kystleik.

– HEI, HEI!

Birgitte smiler og vinkar, igjen. Denne gongen til eit par som kjem spaserande langs kaikanten bortom oss.

– Det var foreldra mine, seier ho.

Sjølv om himmelen er vid er ikkje verda så stor her ute i havgapet. Det er som om skuldrande senkar seg fleire centimeter heilt av seg sjølv her på Glesvær. Ordet idyll er lett å ta i bruk, sjølv om kvardagslivet ikkje nødvendigvis alltid berre er ein dans på roser her heller. Det tar på å vere dobbeltarbeidarar, sjølv om halve arbeidsdagen går føre seg iført tørrdrakt.

Glesnes arbeider som ergoterapeut på Haukeland sjukehus, og Kallestad som lærarvikar på den same skulen som Dalland. I tillegg har sistnemnde fått ansvaret for mykje av administrasjonsarbeidet i Kystleik.

– Det hender eg er så sliten at eg set meg i sofaen utpå kvelden og berre har lyst til å grine ein skvett, røper Dalland.

– Det gode er at me kjenner kvarandre så godt frå før at om det buttar litt for ein av oss er det lett å vere open om det, og slik få støtte og avlastning frå dei andre.

Dei andre to nikkar. Glesnes og Kallestad har vore venninner heilt frå barndomen av, og då Dalland kom tilflyttande for 12 år sidan blei ho fort innlemma i venskapen. Men venninnepraten, slik han var før, har dei ikkje tid til lenger. I alle fall ikkje i sommarhalvåret.

– Sesongen varer ifrå mai til september. Skravlinga får me spare til vinteren, konstaterer dei.

KLAR: Birgitte Kallestad er engasjert
SUP-instruktør.

SJØLV OM dei alle trivst i jobbane sine er dei klare på at dei har ønskje om ein annan arbeidskvardag.

– Me brenn for Kystleik, men å ha det så travelt som vi har det no vil ikkje fungere i lengda, fastslår Dalland.

Målet er å med tida kunna leve av inntekter frå firmaet slik at dei kan konsentrere seg om denne eine jobben.

– Me blir nok aldri superrike av firmaet vårt, men det er heller ikkje det viktigaste, skyt Kallestad inn.

– Det viktigaste er å få meir fritid, supplerer Glesnes, til latter frå dei to andre.

– Kva er det kjekkaste med å drive eigen bedrift?

– Det å få moglegheit til å skape sjølv, og at me har råderett over eigen arbeidskvardag, i lag med andre, konstaterer Dalland.

– Det blir gjort ein del blemmer i starten, men det er berre læring.

– Har du eit eksempel?

– Eg selde ein gong eit oppdrag så billeg at mannen min, som eg hadde leigd inn som hjelpar, måtte jobbe gratis for at me ikkje skulle gå i minus, innrømmer Dalland.

– Og eg måtte kalle inn Birgitte til eit oppdrag i tillegg til meg sjølv, fordi eg på det tidspunktet ikkje endå kjende meg trygg nok på å køyre med hengar, nemner Glesnes.

– Når honorara skal delast på to blir det ikkje så mykje igjen. Det er verdfult å ha det kjekt, men me kan ikkje tenke slik kvar gong. Tida vår er verdfull og.

– Korleis ser de for dykk at Kystleik AS ser ut om fem år?

– Då er firmaet så etablert og på plass at me tre kan leve av drifta, me har endå fleire aktivitetar å tilby, og me har tilsette til å hjelpe oss.

AVKOPLING: Synnøve Glesnes er kursinstruktør innan mindfulness på SUP-brett.

TUREN er komen til å ta det lokkande sjøvatnet i bruk. Bileter av dei tre SUP-instruktørane i aksjon må me ha, og dei er ikkje vanskelege å be. SUP-bretta og anna nødvendig utstyr er lagra i eit sjøhus like ved.

«Så bra at det vert skrive om desse flinke jentene» er det ein blid kaffidrikkar som kommenterer frå innsida av det nymala stakittgjerdet då me passerar kafeen. Bygdefolket er meir enn nøgde med gründerane bak Kystleik og engasjementet deira.

– Me har fått mykje støtte frå nærmiljøet og føler mange heier på oss, bekreftar Dalland.

– Me er stolte sjølve og, av kor mykje me har fått til på kort tid, og av den gode responsen. Spesielt kry er me av prosjektet vårt «Med havet som næraste nabo», som me har utvikla for nærskulane, avgjer ho.

– Det å gjere born og unge trygge i vatnet er særs viktig, spesielt om ein bur slik me gjer. Diverre er det ikkje slik at alle skular har kapasitet til å sikre med borna symjetrening, men ved hjelp av prosjektet vårt veit me at me i alle fall kan bidra i rett retning for nokon.

Å kjenne at ein meistrar på ulike arenaer er viktig.

– Gode naturopplevingar gjev ringverknad og skapar kjensle av livsmeistring. Elevane lærer lite på skulen om dei ikkje trivst.

– Naturen gjev plass og rom for fantasi, kreativitet og spontanitet, tilføyer Kallestad.

– Det er så sterkt jag i samfunnet i dag. I naturen kan menneske få moglegheit til å finne ro, både born og vaksne.

SUP-BRETT er enkle å handtere og kort tid etter står dei tre gründerane klare på flytebrygga. Bretta får med vande grep salt sjøvatn under seg, og sjøentusiastar på oversida.

Birgitte har forsikra at SUP-brett passar for dei aller fleste, utan at ein treng å vere resar i balanseøvingar. Utfordringa om å bevise at det er mogleg å utføre yogaøvingar på brettet tar ho på strak arm, og slår like godt til med «klovnen». Ho set hovudet og hendene i det flytande underlaget, støttar knea på olbogane, og løftar føtene opp. Helst vil ho stå rett opp og ned, på hovudet, men ved første forsøk går det ikkje. Ikkje på andre eller tredje forsøk heller. Men ho gjer seg ikkje, og klarar til slutt å få beina sånn nokon lunne rett til vers før ho går i vatnet. Latteren rungar, både frå ho sjølv og frå oss som ser på, då ho igjen har hovudet over vasskorpa. At leik gjev livsglede er denne gjengen eit levande bevis på.

Kystleik-gründerane sine tre beste råd til andre som ønsker å starte egen bedrift er desse:

1. Start eit selskap som gjev deg og dei andre i firmaet moglegheita til å ha det kjekt på jobb og få personleg utvikling.

2. Knytt til seg personar med den rette kompetansen.

3. Ha godt avklarte forventningar i førehald til arbeidsmengde, tidsbruk og økonomi.

Ein finn meir informasjon om Kystleik AS på nettsida kystleik.no og på Facebooksida https://www.facebook.com/Kystleik

Forrige
Forrige

Snadder for enhver smaksløk

Neste
Neste

«Flink» eller «fiasko»