Ekte indirekte miljøbidrag

– Trua på å lykkast er større enn redsla for å feile, seier Alexander Sekkingstad, etableraren bak Energioptimal Vest AS.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde 

– EG SER meg ikkje tilbake. Eg har ein sterk vilje og det å gje opp er ikkje eit alternativ. Dette skal eg få til.

I 2020 starta Alexander Sekkingstad bedrifta si Energioptimal Vest, lokalisert på Straume i Øygarden kommune. Forretningsideen hans er å vere ein lokal og uavhengig støttespelar for bedrifter og privatpersonar som vil effektivisere bruken av straumenergi i bygningane sine.

– Bedrifta mi Energioptimal Vest, som eg stort sett brukar forkortinga EOV for, tilbyr energirådgiving, prosjektleiing, energimerking, prosjektering og praktisk energioptimalisering. Eg leverer blant anna ei eigenutvikla mobil filterløysning for optimalisering av eksisterande varmeanlegg.

– Dette må du forklare litt nærare.

– Ein naturlig prosess i eit varmeanlegg er at vatnet skil ut jern over tid. Jernet er små partiklar som gradvis reduserer varmeeffekten på for eksempel golvvarmeanlegg og radiatorar. Anlegget må arbeide hardare for å oppnå ønska komfort, og røyr og komponentar får redusert levetid, noko som resulterer i økt energiforbruk. Løysinga mi er ei kraftig magnetisk stang og filter. Ved å kople dette til anlegget vil ein forbetre varmeoverføringa og spare energi. Eg har kalla oppfinninga M -12 000.

OPPFINNING: Slik kan det sjå ut når jernpartiklar festar seg til magnetstanga i filtersystemet Alexander Sekkingstad har utvikla.

– KVIFOR starta du Energioptimal Vest?

– Eg gjekk lenge med eit ønske om å skape mi eiga yrkesframtid, bygd på eigne premisser. Eg ville bli stimulert fagleg, og utnytte den praktiske og teoretiske kompetansen min på best mogleg måte. Samtidig var eg på grunn av ein ryggdiagnose nøydd til å sjå etter nye alternativ til den fysisk krevjande jobben eg hadde som industrirøyrleggar og tidlegare bygningsrøyrleggar.

Sekkingstad fann ingen arbeidsgjevar som kunne tilby han ein slik jobb, så han klekka ut ein langsiktig plan. I 2017 starta røyrleggaren på ei ny treårig fagskuleutdanning, parallelt med den faste stillinga i Nordsjøen.

– Eg studerte KEM – Klima, energi og miljø i bygg, ved sida av å arbeide offshore, seier Sekkingstad.

– Det var hardt arbeid, men eg angrar ikkje eit sekund. No får eg utteljing for det.

Etter utdanninga tilbaud den velvillige arbeidsgjevaren han arbeid som jobbplanleggar i stilling som metodeingeniør, på land, men Sekkingstad takka nei. Han ville følgje draumen sin.

– Når ein startar for seg sjølv er arbeidserfaring innan faget særs nyttig ballast å ha. Det er ikkje alltid at kart og terreng stemmer overeins. Då kan eigne refleksjonar og arbeidserfaringar løyse mykje.

Arbeidsåra i Nordsjøen gav han innblikk i ei stadig større elektrifisering av sokkelen.

– Mykje går, etter mi meining, i feil retning. Kraftmangel på land skapar underskot av straum, som igjen gjev høgare straumprisar. Eit av tiltaka ein må møte dette med er ENØK, og det er akkurat dette bedriftsideen min er bygd på.

DEMO: Eit vassbasert demonstrasjonssolpanel opptar mykje plass på Alexander Sekkingstad sitt kontor.

ENERGIOPTIMAL VEST har base i Straume Teknologisenter, og kontoret har Sekkingstad innreia som eit velutstyrt «showroom». Det som for eit utrent auga kan sjå ut som «rot», er i verkelegheita teknisk utstyr som optimaliserer straumtilførsel og sparar store summar for dei som tar det i bruk.

– Eg har skjønt at for personar som ikkje har dette som fagfelt kan fagspråket mitt fort bli for innvikla. Difor har eg for å lettare kunne forklare og reiegjere korleis utstyret verkar innretta meg slik at eg kan vise det på ein visuell måte. Det siste eg vil er at kundar skal føle seg dumme i møte med denne teknologien. Mi oppgåve blir difor å forenkle slik at det blir lettare for forbrukarane å forstå.

Det som opptar mest plass er eit stort solfangaranlegg. Den svarte spegelflata dekker halve langveggen i det vesle rommet.

– Oppvarming står for 60 til 70 prosent av total energiforbruk i norske privatheimar, og eg har merka økt etterspørsel etter solvarmeanlegg i kombinasjon med vedfyring. Solvarme, eller ein solfangar, er kjent teknologi. Det er fornybar energi i praksis. Kundar ønsker å bli meir sjølvforsynte med energi, og ein slik installasjon bidrar til varig verdiskaping.

Tilbakemeldingar frå kundar, både private og bedrifter, fortel om halvert straumforbruk etter at Sekkingstad har montert ny varmepumpeinstallasjon hos dei.

– Det blir det store pengar av når det er snakk om verkstadsalar på 2000 kvadrat. Tekniske anlegg skal fungere med gode forutsetningar. Det er heilt unødvendig å betale dobbelt.

START: Ut frå straumsituasjonen slik han er no vart tida perfekt for oppstart av Energioptimal Vest.

DEN STØRSTE utfordringa har vore å finne samarbeidspartnarar og kundar som evner å tenke nytt når det gjeld straumforbruk.

– Å finne fram til dei riktige kundane er viktig for utviklinga av EOV. I dei fleste bedrifter er det ein viss motstand for å omstille seg. Mitt råd til dei er: Omstill no, eller bli omstilt!

Sekkingstad påpeiker at det å vere i forkant av dei nye krava om energieffektivitet som er varsla frå EU vil er ein stor fordel.

– 66 prosent av bygningsmassen i Noreg er bygd før 2010. Potensialet er stort, og slik straumsituasjonen er no er det i aller høgste grad berekraftig, økonomisk og formålsnyttig å effektivisere straumbruken.

Det er mange bedrifter på Sotra og omegn, og det at han er ein lokal og uavhengig aktør meiner Sekkingstad er eit stort konkurransefortrinn.

– Eg er servicefokusert og kundeorientert. Måten kunden blir møtt på er viktig, og hos meg snakkar dei alltid direkte med leverandør og montør, i staden for å treffe på ei celle i ein stor organisasjon. Mi ærlege meining er at når ein utbyggar i prosjektfase vel totalenterprise, forsvinn gode løysingane og spissa tilpassingar. Dei blir valt vekk til fordel for pris. På sikt blir dette ei uøkonomisk løysing for byggeigar. EOV si rolle er å ivareta byggeigar si langsiktige interesser, frå ide til ferdig produkt..

EOV si referansebedrift er Sotra gruppen, som består av Sotra Contracting AS og Sotra Anchor & Chain.

– All honnør til dette konsernet som med sin innovative filosofi gjev meg moglegheit til å utvikle forretningsideen min. Dette er ein stor fordel for oss begge.

TEKNISK: Alexander Sekkingstad monterer sensor på eksisterande varmeanlegg hos Sotra gruppen.

FRÅ HAUSTEN av blir dei to tilsette i EOV. Då er kona hans, Charlotte Gullaksen, ferdig med regnskapsstudiane og klar for gründertilværet ho òg.

– Korleis kjem det til å gå?

– Eg er positivt innstilt og evig optimist, humrar Sekkingstad.

– Ved at ho tar seg av rekneskap, papirarbeid og promotering, kan eg ha fullt fokus på det faglege og på utviklinga av firmaet.

Å innlemme sin næraste støttespelar i si eiga yrkesverd har og andre fordelar, har Sekkingstad innsett.

– Kona meinte eg dreiv med risikosport. Etter hennar oppfatning var eg hakka galen då eg sa opp den faste, trygge jobben. No gjer ho det same. Ein må sette seg ambisiøse mål om det skal bli noko ut av dei.

Då Energioptimal Vest blei registrert som selskap i 2020 var det som enkeltpersonføretak. Året etter blei selskapsforma endra til AS.

– Kva var tanken bak dette grepet?

– Eg ville unngå å ha personleg økonomisk ansvar. Frua og eg har delt eigarskapet i to. Min tanke er at det vil inspirere og motivere henne til å bidra til firmaet på sin måte. Det er særs nyttig som gründer at partnaren din forstår kva du står i.

Etter desse første tre åra med EOV har eigaren lært å avgrense arbeidsmengda.

– Eg har etter kvart blitt flinkare til å lytte til kroppen. Som gründer kan du jobbe deg i hel om du ikkje er forsiktig. For min del er det terapi å gå ute i naturen. Då koplar eg av samtidig som eg styrkar ryggen. Om eit problem kvernar i hovudet har eg som oftast løyst det når eg kjem ned igjen frå fjellet. Det er når ein koplar av frå rutinearbeidet at dei gode blinka av idear kjem.

LURT: Sensor til trykkmåling kjem på plass.

– KVA ER du mest stolt av?

– Eg er veldig nøgd med at verksemda mi er blitt sentralgodkjent, noko som er eit kvalitetsstempel frå direktoratet for byggkvalitet. Men aller mest stolt er eg av å ha vunne Stormfondet sin pris i 2022. Det var ei sterk stadfesting på at ideen min er liv laga og verd hardt arbeid.

Tilliten Stormfondet viste gjorde at Sekkingstad kjente på eit stort ansvar om å generere vekst i selskapet sitt. Premiesummen på 100 000 kroner blei investert i meir, og betre, innovativt teknisk utstyr. Ein eigen promoteringsfilm fekk han òg laga.

– Pengane gav meg moglegheit til storvegs utviding på verktøysida, slik at eg kunne utvide tilboda til bedrifta. Til dømes kan eg med denne måle trykk, temperatur og reinheit i varmeanlegget, samt CO2 i lufta, fortel Sekkingstad og heldt opp eit apparat som kan minne om ein megafon.

– Apparatet måler faktisk luftmengde i ventilar. På den måten kan anlegget balanserast og levere rett mengde til rett rom. Eg har òg blant anna gått til innkjøp av termografikamera, slik at eg kan dokumentere varmetap.

Det er ikkje alt han vil skal fotograferast.

– Nokre forretningsløyndomar må eg ha, avgjer Sekkingstad.

FIRMAEIGAR: Alexander Sekkingstad får ofte høyre at han er veldig sta, men som gründer er det ein nyttig eigenskap.

KORLEIS har bedrifta di utvikla seg om fem år?

– Då har eg skapt eit kompetent rådgjevarmiljø med fokus på energieffektive løysingar. Vi er tre til fem tilsette, med ein god miks av praktisk og teoretisk kunnskap, og eit ope sinn. Målet mitt er å spisse tilbodet mot behova i marknaden, ikkje å bli stor.

Råda frå driftaren av Energioptimal Vest er desse:

– Bli ein del av eit gründermiljø. Det er motiverande og kjekt å jobbe i eit miljø der alle vil skape noko eige. Du kan òg plukke opp eit par gode tips her og der.

– Kjenn marknaden din, og overtyd deg sjølv om at produkta og tenestene du tilbyr er dei aller beste. Om ikkje du sjølv er hundre prosent sikker på dette kan du heller ikkje overtyde andre. Du må kunne overføre din eigen entusiasme til kundar og samarbeidspartnarar. Tomme ord er ikkje verd noko.

 


Forrige
Forrige

Grøne vibbar kledd i gult

Neste
Neste

Smak av kortreist sommar