Kameleonar før og no

I NOTHUSET: Anne Lise Leiren Mastervik er fersk driftar av Bygdasjarm

– Me har eit ansvar når det gjeld å ta vare på gamle kulturar, fastslår Anne Lise Leiren Mastervik. Nyleg sette ho i drift Bygdasjarm AS.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

MOSEN følgjer dei bratte bergnabbane like tett som godt brukte dunputer. Omtrent like tett klamrar fururøter seg til den steile bergveggen. Og nesten like tett som det igjen, heng den bardunerte vesle trehytta klistra til fjellsida. I slike dramatiske naturomgjevnader er gründeren bak Bygdasjarm AS i sitt ess.

– Her i tårnet, som på fagspråket blir kalla laksegilja, sat den tolmodige fiskaren og stirte ned i nota 20 meter under seg. Når ein fisk var på rett stad slo han til dragepinnen, nota lukka seg, og den uheldige finnekledde symjaren vart fanga inne i eit lite basseng, klar til å hentast opp, reiegjer Anne Lise Leiren Mastervik.

– Metoden var særs spesiell. Fisking med sittjenot var ein kunst, og ikkje noko ein lærte seg på ei veke.

Leiren Mastervik er som eit leksikon når det gjeld den fordums fiskekulturen som gjekk føre seg i Osterfjorden og Bolstadfjorden frå midten av 1800-talet, og Etablerersenteret sin journalist er så heldig å få sin heilt private demonstrasjon.

FRISK: Det vankar alltid ein leskande velkomst når Bygdasjarm inviterer til opplevings-tour.

– DAMENE slapp ikkje til den gongen. Kvinnfolk i laksegiljene blei sett på som særs «ufiskeleg». Denne forma for fisking kravde intens konsentrasjon, og det vart vel litt for distraherande for karane om dei fekk selskap av skravlande damer i gilja.

Leiren Mastervik boblar nærast over av formidlingslyst der ho leier tilhøyraren sin med seg i sikksakk nedover dei bratte tretrappene. All denne informasjonen har ho ruga på lenge, og det er lett å skjøne at engasjementet og iveren lett smittar over på dei små og eksklusive turistgruppene hennar.

– Når folk kjem her på omsyning trur dei at dei veit kva turen inneheld. Det er alltid like kjekt å høyre kommentarane som kjem og sjå kor positivt overraska dei blir.

Etter ein heil del turar har Leiren Mastervik kome fram til at det ideelle er å ha med seg grupper på maksimalt åtte personar.

– Litt fordi det er ei omsyning i tronge omgjevnader, men mest fordi eg vil ha kontakt med alle eg har med meg. Det er vel kanskje litt sprøtt å starte opp noko slikt som dette no i koronatida, men eigentleg er drifta særs koronatilpassa, resonnerer ho.

GUIDE: Anne Lise Leiren Mastervik er klar for ei ny omsyning i sitt sanne «eventyrrike».


BYGDASJARM AS vart formelt starta i fjor haust, og si første kommersielle omsyning i laksegilja på Stamnes hadde den ferske bedriftseigaren i juni 2020. Men, forretningsideen har lagt og godgjort seg i hovudet hennar nesten så lenge ho kan hugse.

– Seint på 80-talet og tidleg på 90-talet dreiv far min og eg gardsturisme heime på garden på Stamnes, og gjestane våre fekk alltid tilbod om ei omvising i laksegilja med på kjøpet. Det var vel slik tanken kom. No driv Bygdasjarm kultur- og kunnskapsformidling av ein type gamal fiskekultur som er heilt unik både i internasjonal, nasjonal, regional og lokal målestokk.

Under opprydding fann ho nyleg ei studentoppgåve ho skreiv i ungdomstida.

– Då eg leste gjennom oppgåva hugsa eg godt arbeidet eg la ned den gongen. Eg laga ei metodisk spørjeundersøking som vart sendt rundt til alt og alle eg kunne kome på som kunne ha interesse for reiseliv; kommunar, busselskap, og verksemder knytt til turisme, rundt om i heile Hordaland. Spørsmåla skulle avdekke om det var interesse for å ha laksegilja på Stamnes som eit reisemål. Konklusjonen vart at det var det. Dette var i 1995.

Den enno så driftige førtiåtteåringen ler av si eiga ungdomsiver. Det er lett å skjøne at denne sprudlande dama gjer lukke som laksegiljeguide.

TOLMOD: Slik sat dei og stirte etter fisken, demonstrerer Anne Lise Leiren Mastervik, iført autentisk førtids-kaps og solbriller.

– KVIFOR akkurat no?

– Fordi at no passa det. Akkurat no kjendest heilt rett.

Leiren Mastervik kjenner ansvar for å formidle kunnskapane ho set på om den gamle fiskemetoden vidare, både til sin, og til komande generasjonar.

– Dette er ein identitet og ein kulturarv som er i ferd med å døy ut. Ei laksegilje er eit anlegg med eit lite tårn med opphaldsrom, trappetilkomst, samt eit lite nothus i vasskanten for nota og anna utstyr som trongst. Det fantes òg giljer andre stader i landet, men så langt eg har klart å finne ut er det berre her i fjorden dei framleis eksisterer, reiegjer entusiasten, medan ho med handa kostar vekk litt rusk og nokre småkonglar og set seg på bryggekanten.

Notfisket frå laksegiljer var sesongprega og føregjekk frå mai til august.

– Denne tida budde desse «kameleonbøndene» meir eller mindre i laksegilja si. Her åt dei, og her sov dei, når dei ikkje sat og stirte ned i nota, og alt dei gjorde handla om sjølvberging. Fortida her har alltid fasinert meg, ikkje minst tolmodet fiskaren hadde. Eg ser det som viktig å formidle korleis denne livsførselen og arbeidet var før vår eiga tid.

Med stoltheit i stemma fortel Leiren Mastervik at laksegiljene på Stamnes ligg innanfor UNESCO biosfæreområde Nordhordland.

– Det betyr blant anna at ein her skal byggje på det beste frå fortida i lag med notida sine kunnskapar og idear, sørge for å ta vare på kulturverdiane, og forvalte dei riktig for framtidige generasjonar, forklarar ho.

LEIREN LAKS: Ein smakebit av kortreist matauk.

DET ER IKKJE berre vitebegjæret angåande gamle fiskefangstmetodar som blir tilfredstilt når Leiren Mastervik trakterer gjestene sine. I løpet av dei rundt to timane omsyninga varer får dei med seg ei ekte vestnorsk naturoppleving med innlagte utfordringar i bratthenget, og påfølgande kjensle av meistring. I tillegg får smakslaukane deira prøvd seg på lokale smakar både av vått og tørt. Prisløna heimerøyk laks og regnbogeaure frå småskalaprodusenten Leiren Laks, drive av Leiren Mastervik sin eigen far, gjer stor lukke.

– Å servere noko å bite i skapar alltid god stemning, smiler ho.

– Er du over gjennomsnittet interessert i gamal kultur?

– Ikkje all gamal kultur, men eg syns det finns mykje kjekt både av gamalt og nytt. Eg tenkjer at me skal ta med oss det som var bra frå fortida. «Gamalt rask» kan me la liggja, men det er vel kanskje eit definisjonsspørsmål?

Leiren Mastervik er ikkje så reint lite av ein kameleon sjølv. Trebarnsmora arbeider 60 prosent stilling ved ein barneskule i tillegg til eigen firmadrift. Ho har òg meditasjonsgrupper, driv med qigong, og blir glad av å gå ski- eller fotturar i fjella.

– Kor viktig er det for deg at det du driv med er lystbetont?

– Veldig viktig! Lyst skapar ein større indre driv i alt ein gjer. Ein må berre passa på at engasjementet ikkje blir så sterkt at ein slit seg heilt ut. Dette veit eg litt om. Eg har det nemlig med å bli litt elektrisk når eg driv med noko eg syns er spesielt kjekt.

HØGT: Ein får utfordra høgdeskrekken i Anne Lise Leiren Mastervik si laksegilje.

 – ER DRIFTSIDEEN den same no som då du starta?

– Nei, tankane mine om Bygdasjarm var i utgangspunktet ganske annleis enn slik drifta har forma seg. Vegen blir til mens ein går, og ein må vere open for å spisse litt her og forandre litt der etter som ein ser behov for det.

Sjølv om ho svært lenge hadde ruga på ideen sat det langt inne å losne startskotet.

– Facebook-sida var klar lenge før eg torde å trykke på knappen. Då det var gjort måtte et ta ein lang springetur i skogen. Det var mildt sagt skitskummelt.

Den største utfordringa har for Leiren Mastervik vore å få formidla tydelig nok kva tilbodet hennar går ut på, og å gjere det kjent for turistmarknaden. Til sistnemnde har Facebook vist seg å vere gull verd, og dei aller fleste kundane har kontakta henne via sida hennar der.

– I starten kjendest det òg litt vanskelig å prissetje tilbodet mitt, men det blei lettare etter kvart.

Ho har sjekka, vurdert og konkludert, og landa på eit vederlag som ho meiner både ho og kundane kan vera nøgd med.

– Ein må våge å verdsetje eige arbeid og forstå at det ein gjer har ein verdi. Men til sjuande og sist er det marknaden som bestemmer. Dette er eit eksklusivt tilbod som ikkje er laga for masseturisme, men for den som har sans for det nære og unike, og som vil kome tett på gamal identitet og kultur. I laksegilja på Stamnes er du ingen tilfeldig tilhøyrar, du blir ein del av forteljinga, og det er kjekt å sjå at det eg hittil har gjort har vist seg å fungere.

HISTORIE: Det er heile ni laksegiljer å finne i Sørfjorden, og familien Leiren si er særs godt halde ved like.

– KORLEIS HAR Etablerersenteret vore ei hjelp for deg?

– Med Etablerersenteret i ryggen våga eg å gjere det eg hadde tenkt på så lenge. Rådgjevarane der har eit brennande ønskje om å hjelpe andre på ein seriøs måte, samstundes som det heile tida er ein sjølv som har ansvaret og sit på framdrifta.

Ved Etablerersenteret har Leiren Mastervik nytta seg av kurset 1-2-3 Etablering.

– No anbefaler eg dette kurset til andre etablerarar, anten dei har erfaring med å starte bedrift frå før, eller ikkje. Som kursdeltakar får ein uansett nye innfallsvinklar og påminningar om kva som er viktig, og ikkje minst skapar ein relasjonar til andre gründerar.

Den engasjerte dama bak Bygdasjarm sine råd til andre firmaeigarar i startgropa er som følgjer:

– Våg å følgje ideen din. Ta den tida du treng, vegen vert til medan du går. Søk råd og lytt til svara, og ikkje tru at du må gjere alt åleine. Aksepter heller at du ikkje har kunnskap om alt, og få hjelp til dei oppgåvene du ikkje har tid eller lyst til å lære deg sjølv.

Meir info om Bygdasjarm finn ein på Facebook.

Forrige
Forrige

Bunad og bærekraft

Neste
Neste

Berre dikt