Rein leik med heil ved

VAREMERKE: Kvalitet står i høgsetet i Torvald Bakke sin vesle leiketøysproduksjon.

VAREMERKE: Kvalitet står i høgsetet i Torvald Bakke sin vesle leiketøysproduksjon.

Då han vart overflødig i oljenæringa kosta Torvald Bakke støv av særs gamle kunster.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

 

SVINGANE blir fleire og fleire i takt med talet av våte vassarmar som strekkjer seg inn frå havet. Knausane glisnar, vegen smalnar og GPS-en takkar for seg. Så langt ut i havgapet at adressa er Holmen 3, heldt leiketøysproduksjonen Goffa til. Den forholdsvis ferske gründeren Torvald Bakke vaks opp her ved kaikanten på Glesvær. Seinare flytta han inn eit lite steinkast ovanfor. Men utsikta er så å seie den same - sjøbuer, båtar, og mykje himmel.

– Kom inn, kom inn! inviterer finsnikkaren frå ytterdøra si.

Det same gjer på sitt vis den vesle ulldotten som svinsar rundt beina hans. Yorkshire terrieren Kira er like fast inventar som sagspon og pussestøv i kjølvatnet etter bedriftseigar Bakke.

– Ho gjer seg ikkje å mase før ho får viljen sin, og no vil ho helse på deg, seier han.

Så eg set meg på huk og stryk handa over ein liten, smal rygg med silkemjuk pels.

 

     

PROSESS: Arbeidsbordet i Goffa-verkstaden har eit sjarmerande innhald. Den kvite folkevogna var den aller første prototypen som såg dagens lys hos Goffa.

 

VEL INNE PÅ VERKSTADEN i kjellaren får saltvasslukta konkurranse. Det er som om alt kvardagsstress fordunstar når ein trør over dørstokken og inn til dufta av ferskt treverk med eit hint av maskinolje. Frå vindaugskarmen sørgjer ei svart utgåve av Radionette sin gamle Kurér-radio for smørjing av øyregongar. Det er nemlig ikkje berre med trebitar Bakke viser fram Reodor Felgen-evnene sine. På finurlig vis har han gitt den gamle klassikaren dab-status.

Men det er dei små treutgåvene av firhjulingar som står og skin rundt om i verkstaden som fangar den største merksemda. Nokre av dei har enno ikkje fått farge, nokre manglar berre hjula, og atter andre er fiks ferdige og klare til å bli tatt i bruk av små barnehender.

– Den første folkevogna laga eg av plankar som låg som beskyttelse under den nye oppvaskmaskina til svigerforeldra mine, fortel han.

– Materialar dukkar opp overalt; velbrukte skjerefjøler, gamle skrivebord i heiltre, eit stellebord frå Ikea som ikkje trengs lenger. På finn.no er det mykje knask andre vil kvitte seg med, som eg kan bruke.

 

DET EINASTE som kan snuse på å være i nærleiken av kunna kallast masseproduksjon her på verkstaden er dei fem kvite, hjullause folkevognkroppane som heng til tørk side ved side i lakkboksen. Ivrig legg Bakke i gang med ei utgreiing om gongen i treleike-produksjon for hand. Om malar, forenkla visuelle uttrykk, prototypar, saging og pussing og ulike tresortar. Heile produksjonen er lagt opp med tanken om å spare omgjevnadane for forureinande påkjenningar.

– Eg fann etter kvart fram til ein form for maling som er heilt ufarlig for både menneske og miljø – såkalla «milkpaint». Han kjem i pulverform og eg tilset vatn og blandar meg fram til den fargen eg vil ha.

Bilane til Goffa skal tole juling, og kvar av dei blir levert med dekkskiftegaranti. Skulle det ein gong skje at eit hjul ramlar av tar han servicen heilt gratis. I byrjinga av oktober var Bakke å sjå på fjernsynet, ein fredagskveld i beste sendetid. Norge Rundt hadde høyrd rykte om treleikene frå havgapet og bad om å få kome på besøk.

– Det fekk dei sjølvsagt, smiler den hendige gründeren.

– Det er utrulig kjekt med alle dei gode tilbakemeldingane. Og etter programmet fossa det inn med ordre. Berre den første timen tikka det inn 21 stykker.

 

SMÅTT: Det skal nøyaktigheit til når ein lagar trebilar for hand.

 

GOFFA-KØYRETØYET som står høgst i kurs hos tv-tittarar og andre er den vesle sjarmerande traktoren.

– Ja, traktoren er definitivt vinnaren, og eg lagar han både i grøn John Deere- og raud Massey Ferguson-utgåve. Men og folkevogna, 2CV, Saab 96, Citroën DS og den nye turboutgåva av Porschen fell i smak, fortel Bakke og viser fram dei ulike køyretøya.

Ei Kira med spon i barten tuslar i hælane hans.

– Kven er kundane dine?

– Mange av dei er miljøbevisste småbarnsforeldre, men det melder seg og ein god del samlarar, eller nostalgikarar som ein gong hadde eit av bilmerka eg illuderer, og som kjøper treutgåva for å ha ho til pynt, eller for å gje ho til barneborna.

– Kvar kom ideen til namnet Goffa i frå?

– Bonusbarnebarnet mitt har allereie ein morfar og ein farfar i frå før, så eg fekk fort namnet Goffa. Det vart eit naturlig namn for meg å velje.

 

DET VAR IKKJE mykje som tilsa at den mangeårige LCI-koordinatoren frå oljenæringa skulle gjere leiketøysmakar av seg. Han hadde riktig nok ein S i sløyd med seg frå ungdomskulen. Men det byrja jo å bli nokre år sidan då nedskjeringar stramma grepet om oljenæringa og femtifemårige Torvald Bakke med eitt stod utan arbeid.

– Eg visste kva veg det gjekk. Eg hadde redda meg unna gjennom tre tidligare innskrenkingar i oljefirmaet, men eg hadde ikkje tru på at eg skulle vera like heldig denne gongen og.

Slik var ståa i arbeidslivet den dagen Bakke fann ut at han skulle pusse opp på vaskerommet. For å få idear og inspirasjon leita han fram pinterest.com på laptoppen, men det var ikkje først og fremst vaskeromsidear som trigga det snart arbeidslause kreative hovudet. Eit bilete av ein folkevognsbuss i tre, med surfebrett, fanga større interesse.

– Bilen var så detaljrikt og stilig laga. Eg tenkte ikkje på det som noko framtidig arbeidssysle den dagen, men bildet av bilen blei liggande å murre i bakhovudet. Og mens oppseiingstida gjekk sin gong, begynte eg å gjere litt undersøkingar i leiketøysbransjen, og rundt det å starte eige firma.

 

    

MASSEY FERGUSON: Traktoren er den mest populære firhjulingen som rullar ut frå Goffa sitt produksjonslokale.

 

OM LAG SAMSTUNDES som nedskjeringane nådde Bakke og kollegaane hans, stranda den etter kvart så omtala «plastkvalen» i fjæresteinane på Vindenes på Sotra. Det gjorde og sitt til at gründerideen skaut fart.

– Plastforurensinga i havet sette sinna i kok hos mange, også hos meg. Plastleiker er laga av ein form for plast som enno ikkje lar seg gjenvinne. Eg ønskjer å vere ein motpol til dette forbruket.

Goffa tilbyr og andre treprodukt, som lampar, og mobilhøgtalarar. Og om du har eit særskild ønskje om eit bilmerke han manglar i sortimentet er det berre å legge inn ein bestilling. Med tida håpar Bakke på ei fulltidsbedrift, men enn så lenge må han nok finne seg ein deltidsjobb i tillegg til produksjonen sin. Året han har kunna spedd på med dagpengar er nesten omme.

– Kva er den største forskjellen på arbeidsdagane dine før og no?

– Det at eg no styrer min eigen kvardag. Å drive eiga bedrift er meir krevjande enn å vere tilsett, rekneskap skal førast og ein kan ikkje gje andre ansvaret for rekningar som skal betalast. Men eg får svært mykje igjen for at eg driv med noko det etter kvart har vist seg at eg brenn for.

Det hender at Bakke saknar samværet med gode arbeidskollegaer. Då kjem mobilen fram og «snappane» går i skytteltrafikk frå her til der.

– Etter mange år i arbeid framfor ein pc er det ei verkeleg god kjensle å skape noko med hendene og sjå fysiske resultat av ein dags arbeid.

 

PAUSE: Lunsjpausen er ikkje lenger like sosial som før, men omgjevnadane er det ingenting å klage på, og den faste lufteturen i lag med Kira er eit godt plaster på selskapssåret.

 

EKTE HANDTVERK er dyrt å produsere, og prisen på produkta blir deretter.

– Butikkar skal ha så høg avanse at om eg skulle seld via dei, ville produkta mine blitt altfor dyre. Prismessig kan eg ikkje konkurrere med det som blir importert frå Aust-Europa, og andre stader det det er billegare å produsere. Difor må eg satse på nettbutikk for å spare inn på mellomledda, forklarar Bakke.

Den største utfordringa han møtte i startfasen handla om det å nå ut til potensielle kundar.

– Eg lærte fort at du kan ha et fantastisk produkt, men det hjelper lite om ikkje folk veit om deg. Marknadsføring kostar mykje meir enn eg trudde, både av tid og pengar, men det er viktig å prioritere.

Gjennom å delta på kursa til Etablerersenteret har Bakke fått med seg mange nyttige råd og god hjelp.

– Særlig økonomidelen var særs viktig for meg å lære meir om. Eg fekk innføring i korleis eg kunne føre rekneskap, og eg fekk vite om nyttige linkar til ulike støttefond. Rådgjevingssenteret gav meg veldig god hjelp og rettleiing. Og dei gav meg tru på ideen min.

 

KOS: Yorkshire terrieren Kira er godt nøgd med matfar sin nye arbeidssituasjon.

 

– KVA RÅD vil du gje andre som vel å satse på gründerideen sin?

– Det tar tid å etablere seg, så punkt ein er å ha tru på deg sjølv og ikkje gje opp om ein møter motgang i byrjinga. Vær budd på mykje arbeid, og minimer utgiftene i starten. Ha helst ein betalande jobb ved sida av bedrifta di fram til du ser at ideen din er liv laga.

Bakke påpeikar og viktigheita av å gjere skikkelige marknadsundersøkingar før ein set planane sine ut i livet.

– Prøv gjerne å få seld tinga dine før du lagar dei. Det er ikkje mykje verdi i eit stort lager om ingen kjøper det du sel.

 

 

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr