Salskometen

KONKLUSJON: – Sal er ein fin, psykologisk prosess, uavhengig av produkt eller teneste, seier Vegard Bakken. Foto: Irene Mjelde

KONKLUSJON: – Sal er ein fin, psykologisk prosess, uavhengig av produkt eller teneste, seier Vegard Bakken. Foto: Irene Mjelde

– Vårt mål er alltid å tene pengar for dei vi jobbar for, fastslår Vegard Bakken.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

 

– DEN OPPHAVELEGE planen min var å bli helikopterpilot, røper gründer Vegard Bakken.

– Men sidan eg ikkje stoppa og vekse før høgda mi nådde 203 centimeter måtte eg gå for plan B.

Det har han likevel aldri angra på. Bakken brenn for sal– og motivasjonsarbeid, og bacheloren innan sal og marknadsføring gav han endå meir bensin på bålet. No har han stått ved roret i sitt eige selskap Motivia/Salg Norge AS i seks år.

– Forretningsideen vår er å auke kunnskapen rundt god kundeservice, bidra til økt omsetning hos kundane våre, og auke kvaliteten på sluttproduktet, reiegjer den salsfrelste firmaeigaren.

Det oppnår han ved å tilby bedrifter opplæring i sal og salsleiing. Han og kompanjongane hans tar og oppdrag som seljarar av alle tenester og produkt, og hjelper gjerne til som sparringspartnar, rådgjevar og prosjektleiar.

– Vi har lang erfaring med både små, mellomstore og store bedrifter, og har lært at ideelt sett burde dei aller fleste hatt aktiv salstrening fleire gonger i året. Når vi kjem inn i ei bedrift og ser ting ifrå kundeperspektiv opplever vi at vi lett kan bidra til å auke omsetninga til bedrifta omgåande. Den sterke trua på at vi kan hjelpe alle i riktig retning har hatt stor medverkingskraft på at Motivia framleis eksisterer.

 

TRETTIÅRIGE Bakken har lang erfaring bak seg som sin eigen sjef. Allereie som trettenåring inngjekk han sin første arbeidsavtale.

– Det lokale skulekorpset trengte trommelærar og sidan eg var ein forholdsvis stødig trommis ringte dei meg, mimrar Bakken.

På spørsmål om kva lønskrav han hadde fleska ungguten til med 500 kroner timen.

– Eg merka jo på reaksjonen at summen var i høgste laget, men sidan eg var det einaste valet dei hadde blei det sånn, i mange år framover. På det meste var eg oppe i 28 elevar og pengane strøymde inn. Det var gode tider det.

Bakken ler hjarteleg.

– Foreldra mine trudde trommelæraraktiviteten min var på frivillig basis. Kvar kunde var akkurat under frikortgrensa, og pengane vart stort sett brukt til å utbetre trommesettet, så det var ingen som reagerte.

 

Den unge trommelæraren valde å dele undervisningstimen opp i to økter. Den første halvtimen fekk elevane øve på det dei hadde lyst til, og den siste blei brukt til pirking på detaljar i korpsmusikken. Dette konseptet gav ungguten viktig lærdom.

– Eg mista ikkje ein einaste elev på dei seks åra. Slik oppdaga eg at om ein skal bli særs god til noko er motivasjonen – lysta til å øve, vel så viktig som å trene på dei spesifikke øvingane.

 

UTELIV: Gründer Vegard Bakken hentar mykje inspirasjon i naturen. Foto: Irene Mjelde

 

I ÅRA SOM følgde fekk salsgründeren god bruk for å ha denne motivasjonstanken liggande i bakhovudet, og framleis er parallellane frå Bakken sin tenåringsjobb og til dagens yrkesfilosofi mange.

– Det å være ung er ikkje alltid ein fordel i jobbsamanheng. I starten var det vanskelig å bli tatt seriøst både av bankar og kundar. Ein blir den vesle spirrevippen utan erfaring i forretningslivet, og motivasjon til å halde fram med det ein trur på er nødvendig ballast. Det er vel først dei siste åra eg har sloppe vekk frå amatørstigmaet.

For dei som ikkje har hatt trua på denne kometen har fått bite i seg misoppfatningane sine. Bakkens Motivia har gjennom knallhard jobbing blitt eit suksessrikt firma å lite på.

– Å drive for seg sjølv er hardt arbeid. I fleire år køyrde vi landet rundt kvar einaste månad for å promotere og følgje opp kundar. Fritid og familieliv var utelukka i den perioden. Eg kunne gå fleire døger utan søvn og det hende eg spurde meg sjølv kvar eg tok drivkrafta ifrå, men innsatsen har lønt seg, konkluderer han.

– Eg trur at ekte, indre motivasjon i svært mange tilfelle er avgjerande om ein vil nå måla sine i livet.

 

BOKBRANSJEN har lenge fått hovudfokus i Motivia, men gjentekne førespurnader frå andre bransjar og interesse for å lære endå meir har ført til at dei no endrar kursen ein smule.

– Vi set pris på å møte kundane, lytte, og sette oss inn i kva dei treng. Vi blei tidlig ekspertar på å skjønne korleis salsprosessar går for seg, og kan kome inn og lære bort både rimelig og kjapt. Sal er eit stort felt, men det er ikkje så veldig komplisert og små grep kan føre til store endringar.

Bakken har erfart at dei aller fleste har mykje å hente for å bli enda betre innan sal.

– Det gjeld å sette fokus på kva sal handlar om. Det finns sal i alle prosessar, og dersom ein navigerer seg godt gjennom dei vil omsetnaden kunne auke samtidig som kundane deira blir enda meir nøgde.

Han påpeikar at bedriftseigarar flest arbeider beinhardt og er særs kunnskapsrike.

– Ofte kan noko av problemet være at ein rett og slett kan for mykje om produkta eller tenestene sine og forklarer dei for inngåande og komplisert for kunden.

Bakken brukar sin eigen far som eksempel:

– Far min er professor i Biologi. Då han skulle hjelpe meg som ungdomsskuleelev med naturfagleksene var oppgåvene så enkle for han at det vart ein utfordring å forklare slik at det blei forståelig for meg.

 

BØKER: I mange år har bokbransjen fått hovudfokus hos Motivia/Salg Norge AS. Foto: Irene Mjelde

 

BAKKEN forkynner at for han er det å drive med sal og motivasjon det ultimate yrket.

– Mange syns salsfokuset er ubehagelig, men om ein snur litt på det kan ein heller fokusere på korleis ein kan hjelpe kunden best. Til dømes, i staden for å selje produktet du har størst forteneste på skal du alltid, utan unntak, saman med kunden finne fram til produktet han har mest nytte av. Slik får du ein tilfreds kunde som kjem tilbake ein annan gong. Ein kjem alltid lengst med å behandle folk med ærlegdom og respekt, avgjer Bakken.

Sjølv om han er nøgd med yrkesvalet sitt klarerer han at det, som alle andre yrkesretningar, gjev opplevingar både på godt og vondt.

– Min motivasjon er at det gjer meg lukkeleg å sjå andre lukkast. Eg involverer meg veldig, og i dei motsette tilfella, der det ikkje går så bra, er det ekstremt tungt. Eg tar det fryktelig personleg og kan ligge vaken om nettene og gruble på problemstillingar. Med handa på hjartet kan eg seia at vi i Motivia alltid gjer alt vi kan for kundane våre.

Når han omtaler Motivia seier Bakken «vi», for med seg på laget har han Krister Riis Falch og Benjamin Håseth Gjerde, fordelt på to kontor – eit i Bergen og eit i Manstad på austlandet.

– Eg er veldig stolt av å ha tilsett dei to beste seljarane eg nokon sinne har møtt. Det tok en del år, men når ein først har samla eit draumelag så er det helt klart noko å være kry av. Saman har vi har hatt utallege bestseljarar i bokbransjen. Ein periode jobba vi med forlag der vi i lange periodar hadde over halvparten av bøkene på bestseljarlista, reklamerer salsgründeren.

 

MØRING: Vegard Bakken er oppvaksen i Ulsteinvik, staden der fjernsynsprogrammet Heimebane blei spelt inn. I 2008 gjorde han bergensar av seg og frå kontoret på Gyldenpris har han vid utsikt over Puddefjorden og Bergen by. Foto: Irene Mjelde

 

I STARTFASEN og opprettinga av Motivia/Salg Norge nytta Bakken seg av Etablerersenteret sine kurs og sosiale treffpunkt. Han såg det som viktig å få et overblikk på førehand over korleis tinga fungerte.

– Rådgjevingssenteret har alltid kunna tilby relevant kunnskap i alle tenkelige situasjonar ein kan hamne i, både før, under og etter ein etablering. Inntrykket vårt er at konsulentane der har eit genuint ønskje om å hjelpe folk til å lykkast med draumane sine.

Bakken har framleis god kontakt med Etablerersenteret, men no er det gjerne han som er foredragshaldaren. Øvst på lista over gode råd til gründerar i startgropa har han; å svare på alle skriv, mailar og telefonar så fort som mogleg, alltid vera hyggeleg og løysingsorientert, og alltid levere meir enn forventa.

– I tillegg vil eg oppfordre alle til å snakke med folk om ideen sin. Det er større sjanse for at det vil hjelpe enn at det vil øydelegge.

 

Meir info om Motivia/Salg Norge AS finn du på nettsida www.motivia.no.

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr