Til kamp for kloden

FIRMAEIGAR: Kristine Ullaland går «all in» for å bidra til eit reelt grønt skifte.

FIRMAEIGAR: Kristine Ullaland går «all in» for å bidra til eit reelt grønt skifte.

– Ta bærekraft på alvor, råder Kristine Ullaland, gründeren bak Zero Waste Norge.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

 

«AVFALL er eit symptom på ineffektiv drift» lyder slagordet til Zero Waste Norge.

– Om alle på jorda hadde levd som nordmenn, hadde vi ifølge FN hatt bruk for 3,4 jordklodar.

Kristine Ullaland, grunnleggaren av Zero Waste Norge, har funne en ledig benk i byparken, midt i Bergen sentrum. Sola skinn og eit fargesprakande vell av blomar fyller synsranda kvar ein enn snur seg. At vi menneske er i ferd med å overkøyre mange av naturens undre er vanskeleg å førestille seg i slik vakker overflod.

– Tenesteytande næringar i Noreg kasta 2,2 millionar tonn avfall i 2015, informerer den miljøbevisste gründeren.

– Det svarer til vekta av alle norske personbilar. 46,7 prosent av dette avfallet var restavfall som ikkje blei attvunne eller resirkulert, noko som utgjev ei stor belastning for miljøet, reiegjer ho.

 

SÅ LENGE ho kan hugse har Ullaland vore særskild opptatt av miljøet. Ho lever sjølv ein zero waste-livsstil, der målet er å produsere så lite avfall som mogleg i eige hushald.

– Då eg i 2012 flytta til London for å ta master i sosialantropologi oppdaga eg at sentrum var heilt fritt for bosspann på grunn av terrorfrykt. Det eg ville kaste hopa seg difor opp i veska og det å tømme ho på kveldstid synleggjorde kor mykje boss eg hadde produsert i løpet av dagen.

Dette gav Ullaland ein kraftig vekkar.

– Bevisstheit om eige forbruk er viktig. Vi som enkeltpersonar kastar årleg i gjennomsnitt 417 kilo avfall. Ein kan ikkje styre kva andre menneske gjer, men ein kan velje om ein sjølv vil være passiv eller aktiv. Eg har vald det siste.

 

 

PENGESTØTTA ho i 2016 blei tildelt frå Etablererfondet gjekk til utvikling av bedriftsstrategien for Zero Waste Norge.

– Då eg gjekk i gang med eige firma valde eg å arbeide full tid allereie frå starten av. Stønaden gav meg i byrjinga såleis ein veldig viktig økonomisk tryggheit.

På hobbybasis hadde ho ei stund hatt eit nettside om korleis folk kunne redusere avfallet sitt. Dette prosjektet hadde gitt Ullaland ein god del merksemd og oppdrag, og ho merka seg snart at det ut frå zero waste-tankesettet mangla gode løysingar for næringslivet.

– Det var derifrå ideen kom. Eg ville skape ein arbeidsdag for meg sjølv som eg kunne vekse i, og der eg etterkvart ville kunne skape arbeidsplassar til fleire som ønskjer å jobbe med operasjonalisering av det grøne skiftet.

 

ZERO WASTE NORGE er oppretta av idealistiske grunnar, og formålet er å bidra til ei berekraftig framtid for næringslivet. Ullaland sine erfaringar tilseier at det ikkje alltid er så mykje som skal til for å spare inn på både avfallsmengde og ressursar og slik drifte mest mulig effektivt.

– Det viktigaste er å ha omstillingsvilje. Nye reglar og lovverk pressar mot ein sterkare miljøbevisstheit og det kan vere lurt å omstille seg på eigne premissar og i eige tempo, framfor å bli pålagt noko ein ikkje har fått sett seg inn i. Å ta berekraft på alvor kan gje konkurransefortrinn opp mot konkurrerande bedrifter, seier Ullaland.

Ho påpeiker og at det kostar å generere meir ressursar enn naudsynt, og at det kostar å kaste. Ved å redusere dette sparar bedrifta pengar.

– Forandring kan vere skummelt, men det betyr ikkje at det ikkje er bra.

 

BEDRIFTER som ønskjer å legge seg på ei så miljøbevisst linje som mogleg gjer lurt i å bestille eit informasjonsmøte med denne engasjerte miljøforkjemparen. Med tida ønskjer ho å kunne tilsetje fleire i Zero Waste Norge, men foreløpig har ho gode kontaktar ho kan leige inn på prosjekt når det trengst.

– Å produsere minst mogleg avfall er smart økonomisk sett. Det kan faktisk vere pengar å spare på ein gjennomgang av miljøaspektet ved drifta, fortel Ullaland.

Ho og medhjelparane i Zero Waste Norge ser til dømes på alt som blir kjøpt inn av forbruksmateriell og matvarer, kvar det blir kjøpt, korleis det blir brukt og kva som blir kasta, og utarbeidar så ein analyse for korleis ein kan gjere ressursane mest mulig berekraftige. Behova for kvar einskild bedrift blir avgrensa saman med kunden.

– Vi arbeider i tett dialog med kundane, og metodane vi har utvikla er effektive og fungerer godt. Handlingsplanen vi utarbeider viser til konkrete tiltak, rangert i anbefalt rekkefølge, og han er i tråd med FN sitt berekraftsmål nummer 12, som omhandlar ansvarlig forbruk og produksjon.

 

 

FIRMAEIGAR: Kristine Ullaland går «all in» for å bidra til eit reelt grønt skifte. Foto: Irene Mjelde 

 

 

I EIT MØTE Ullaland hadde med Zero Waste Scotland kom det fram at organisasjonen blei tildelt 18 millionar pund i støtte frå staten. Gründeren fortel at hennar søknader om statlig støtte her i Noreg blir avslått med bakgrunn i at effekten av førebyggjande arbeid er vanskeleg å måle.

– Den norske staten prioriterer difor opprydding i staden. Eg likar ikkje måten næringsliv og politikarar skubbar forbrukarane framfor seg, at det er vi som sjølve må stå i butikkane og vurdere kva som er dei mest miljøvennlige varene.

I 2018 blei Zero Waste Norge tildelt fylkeskommunen sin miljøpris for det førebyggjande arbeidet sitt. Ullaland understrekar at det er mykje positivt på gong.

– Eg treng ikkje lenger forklare kvifor bedriftene skal kjøpe tenestene våre, berre korleis dei skal gå fram. Det gjev meg stor glede å oppleve at kundane er nøgd med tenestene våre. Dei fortel og at dei blir meir miljøbevisst på privaten etter å ha engasjert oss for bedriftene sine. Med tida håpar eg å få enda fleire med meg på miljølaget.

 

UTFORDRINGA hennar er ofte at bedriftene har ein forventning om at tenestene til Zero Waste Norge er gratis.

– Det er dessverre ikkje per i dag mogleg å få til. Men ein bør likevel ikkje la miljøet bli på dugnad og slik kome i andre rekke.

Sjølv har ho verkeleg satsa. Ein periode levde ho av å leige ut leilegheita si på Airbnb.

– Det var ganske intenst ei stund, for å seie det slik. Men eg har få utgifter og kjøper stort sett alt eg treng på bruktmarknaden. Dette er noko eg verkeleg brenn for, og når eg har bestemt meg for noko kan eg vere særskild uthaldande.

Det var ikkje alle som syns at denne lidenskapelige satsinga var ein så veldig god ide, men bedrifta fekk etterkvart nasjonal og internasjonal merksemd for si nytenkande tilnærming til avfallsførebygging, blant anna frå FN.

– Det har betydd enormt mykje for meg å ha nokon som deler entusiasmen min og som deler gleda over framgangen til bedrifta mi. Det er naturleg å tvile litt innimellom, på om vala ein tar er dei rette, men det å ha nokon i ryggen gjorde det lettare å rive seg laus frå kva andre syns eller meiner.

Det vart sagt «At du tør. Kva om du ikkje lukkast?»

– Men eg kan jo og lukkast, ivrar ei motivert Ullaland.

– Ein skal ikkje være så redd for å «gå på trynet», så lenge det kjem noko godt ut av det. Uansett vil eg jo ha lært utruleg mykje på vegen.

Å starte ei bedrift er ein prosess, og det kan ta tid å kome i mål. Ullaland veit at det statistisk sett tar fem år før nystarta bedrifter kan seiast å vere i god drift.

– No eksisterer Zero Waste Norge på fjerde året så no begynner det å lausne, kunngjer ho med eit bredt smil.

 

DET ER KREVJANDE å vere gründer, og læringskurva er stupbratt. Denne sommaren har Ullaland hatt skikkelig ferie for første gong på fire år.

– Det har vore ein prosess for meg å lære og sette grenser for når eg er tilgjengeleg. Behovet for eit liv utanom jobben er underkommunisert i gründerverda, men eg har etter kvart kjent på kroppen at for å være ein god arbeidar treng ein både søvn, sunn mat og eit sosialt liv.

Den velfortente ferieturen gjekk til heimbygda hennar i Sunnfjord.

– Sommarferien vart heilt perfekt. Eg trefte familie og vener, las kjekke bøker og plukka bær til vinteren.

Ullaland sine beste råd til andre gründerar er:

– Ikkje vær så redd for å feile, og be om hjelp av folk du ser opp til. Det verste ein kan få er eit nei. Men viktigaste av alt: Ikkje berre tenk, gjer.

 

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr