Uansett farge og fasong

Gründer: Ingrid Spord

GRÜNDER: Ingrid Sport, elitefotballspelar og hjernen bak GRØNN MAT AS.

– Å kaste mat er noko av det verste ein gjer, presiserer Ingrid Spord, dagleg leiar av GRØNN MAT AS.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

FØRSTE JANUAR i år gjekk startskotet for Bergen sitt ferskaste bidrag til berekraftig og sunn matvareproduksjon, GRØNN MAT AS

– Forretningsideen går ut på å tilby ein serie av velsmakande matprodukt som inneheldt så mykje snåle grønsaker og frukt som mogleg, fortel primus motor og dagleg leiar, Ingrid Spord.

– Grønsakene og frukta me brukar ville elles ha blitt kasta eller blitt brukt som dyrefor. Me ønskjer å bidra til å minske matsvinn, samtidig som me sørger for at den norske befolkninga får i seg meir grønt.  

Miljøtanken står sterkt hos nyetablerarane, og med-gründer, kokk og produktutviklar, Jan Steinar Sleen, foreløpig einaste tilsette hos GRØNN MAT AS, er klar i talen:

– Å kaste mat burde ikkje eingong ha vore eit tema. Kva gjer det vel om gulrøtene er litt skeive, for små eller for store, eller er forma med to bein, dei smakar jo like godt for det. Ein skal bruke opp den maten ein har produsert, ikkje kaste han, understrekar Sleen.


HAN VISER TIL at vi i her Noreg lar ein tredjedel av maten gå i boset. 

– Om GRØNN MAT oppnår måla sine kjem me årleg til å redde mange hundre tonn matvarer som elles ville ha blitt kassert, opplyser den engasjerte gründeren.

– På emballasjen til pizzabotnane våre oppfordrar me ôg kundane til å bruke det dei har i kjøleskapet sitt som topping på pizzaen sin. For eksempel passar taco-restane frå fredagen utmerka som pizzafyll laurdagen.

I første omgang er dei no klare på marknaden med «To helt råe pizzabunner», frå serien «MER ENN». Deigen til desse pizzabotnane er bakt med heile 43,8 prosent gulrotmos. Sleen er proppfull av tankar om fleire produkt, men foreløpig held han korta tett til brystet.

– I neste lanseringsvindauge vil me komme med fleire nye matprodukt, men eg vil ikkje røpe noko om dei enno. Me kan jo ikkje ha noko av at andre snappar ideane våre ifrå oss før me har fått dei i produksjon.

AVSPARK: Dagleg leiar av GRØN MAT AS, Ingrid Spord, er klar for matvaremarknaden med sitt første produkt.

I STARTFASEN fekk GRØNN MAT AS innvilga eit økonomisk tilskot frå Innovasjon Norge

– Den støtta betydde alt, vedgår Spord.

– Som gründer er det ofte slik at pengane ikkje strekker til. Tilskotet frå Innovasjon Norge var avgjerande for at me kunne utvikle produktideen vår. Marknadsundersøkinga me då gjekk i gong med har vore til uvurderleg hjelp vidare i prosessen, og me hadde ôg pengar til å sette i gong produksjon av skikkelig profesjonell emballasje, så miljøvennleg som mogleg. Alt dette har gjort oss betre rusta no når me har kome så langt som at vårt første produkt skal ut i butikkane.

Den daglege leiaren reiegjer for utfordinga gründerar ofte står ovanfor. Dei konkurrerer med vel etablerte firma som har pengar nok til å gjere alle ledd i produksjonen litt dyrare, og litt betre, enn det dei nystarta har midlar til.

– Mange må gje opp draumane sine fordi dei ikkje har økonomi til å fortsetje. Me var heldige som kom gjennom nålauga hos Innovasjon Norge, og me har også hatt god hjelp frå Etablerersenteret.

VISJON: GRØNN MAT AS sine pizzabotnar blir laga hos leigeprodusenten deira i Indre Arna, men dagleg leiar Ingrid Spord og produktutviklar Jan Steinar Sleen sin plan er å starte eigen vareproduksjon.


SPORD har delteke på fleire av etablerarkursa til rådgjevingssenteret. 

– Eg fekk svært god informasjon og grunnleggande forståing rundt temaet etablering og økonomi, noko som er godt å ha med seg vidare på gründerreisa. Rådgjevarane hos Etablerersenteret er veldig imøtekommande og positive menneske, som ønskjer å hjelpe deg på best mulig måte. 

I tillegg er Spord nøgd med å ha fått moglegheit til å gje ut smaksprøvar til dei andre kursdeltakarene, noko som gav henne mange nyttige tilbakemeldingar på GRØNN MAT sitt hittil lanserte produkt. Den ivrige tjuefemåringen fartar nemleg gjerne rundt med pizzaomnen sin og serverer velsmakande munnfullar til alle som vil ha.

– Eg har steikt pizza rundt om i heile Bergensområdet, og mottakinga er alltid heilt strålande. Så om nokon har eit passande arrangement er det berre å gje beskjed, så kjem eg, ler gründerspira.

GULROT: Produktutviklar Jan Steinar Sleen på besøk hos GRØNN MAT AS sin grønsaksprodusent. (Privat bilde)

PÅGANGSMOTET har knapt ein ende hos den unge bedriftseigaren. Og det sjølv om ho framleis ikkje har tatt ut ei einaste krone frå firmaet sitt. Inntekta si får ho som aktiv elitefotballspelar på damelaget til Sandviken IL.

– Som idrettsutøvar er eg opptatt av å ete sunt, og forretningsideen til GRØNN MAT har eg hatt i bakhovudet lenge. Firmaet er mi investering i framtida. Eg har ofra det å ta utdanning til fordel for idretten, og ser det som viktig å ha noko å falle tilbake på.

På ein måte har ho fått utdanninga si gjennom åra med fotballen, meiner ho.

– Eg har god trening i å jobbe strategisk over tid, sette meg eit hovudmål og ha delmål på vegen dit. Og eg har lært å våge, og satse. 

Som kaptein på elitelaget har ho også erfaring med viktigheita av at alle er med å dra lasset. Alt dette er nyttig lærdom å ha med seg som gründer.

– Gode samarbeidspartnarar er alltid viktig. Ein kan ikkje klare alt aleine. Kapteinen på fotballaget skal samle trådane og få kvar einskild spelar til å prestere det beste han kan. For å lukkast er ein avhengig av alle, også dei som set på benken. Det er mange i arbeidslivet som har mykje å lære av idretten. 

Mottoet hennar er: «Alt er mogleg!»

– Denne utsegna har vore til sterk motivasjon for meg. Så lenge ein veit kva ein vil, og kva ein må gjere for å komme dit, er det berre å stå på.

KLAR: Eigarane av GRØNN MAT AS er sikre på at tida er perfekt for
lansering av pizzabotnar laga av gulrøter. (Privat bilde)

SOM EI HJELP til andre i same situasjon som henne har Spord planar om å starte eit fond. GRØNN MAT AS skal sette av ti prosent av overskotet for å gje økonomisk hjelp til idrettsutøvarar som ønskjer å starte eiga bedrift. 

– Hovudsakleg er tanken å støtte kvinnelige fotballspelarar, men eg vil ikkje ekskludere nokon med rigide reglar så eg seg ikkje vekk i frå å også støtte andre idrettsutøvarar, av begge kjønn, seier ho. 

Den unge gründeren veit at startfasen av ei etablering kan vere tung.

– Ein må verkeleg bevise at ein meiner det før ein får økonomisk støtte nokon stad. Det er inga økonomisk gründerstøtte å få innan idrett. Via fondet vil me bidra i byrjinga for dei som ønskjer å satse på ideen sin. Men først må me begynne å tene pengar, legg Spord smilande til.

MÅL: Denne sommaren vil GRØNN MAT AS sine pizzabotnar vere å finne i alle daglegvarekjedene på Vestlandet. Med tida satsar bedriftseigarane på å bli både
landsdekkande og internasjonale. (Privat bilde)


PÅ SPØRSMÅL om kva positive opplevingar ho har hatt denne siste tida tar Spord fram dei gode og utviklande samtalane ho har hatt med flinke folk i matbransjen. 

– Eg har også treft mange i min eigen situasjon som eg har kunna diskutere ideen med. For ikkje å gløyme dei utruleg mange gode tilbakemeldingane eg har fått frå folk som har fått smake pizzabotnane våre. 

Det aller kjekkaste har likevel vore å kjenne på den sterke eigarskapen ho har hatt til prosessen.

– Eg kan kanskje ôg her dra parallellar til fotballkarrieren min. Også der er det ein sjølv det kjem an på. Den vanvitig sterke kjensla av eigarskap er ei verdifull oppleving. 

Råda Spord ønskjer å gje andre gründerar i startgropa er:

– Sett deg et hovudmål, ha delmål på vegen, følg planen din, og jobb strukturert.

Ho oppfordrar vidare til å evaluere etter kvart, og lære av det ein gjer. 

– Ting tar tid, så ikkje gje opp om du møter på humpar i vegen. Ein har ingen garanti for å lukkast, men om ein har satsa alt, kan ein, uansett korleis ting utviklar seg, slå seg til ro med at ein har gjort alt ein har kunna. Og hugs: Alt er mogleg! Eg er ikkje i tvil om at om ein brenn for ideen sin får ein det til, til slutt.

Nettadresse GRØNN MAT AS: www.mer-enn.no

Forrige
Forrige

Berre dikt

Neste
Neste

The taste of Colombia