Vekst i havgapet

FRISØR: Katarina Neteland stortrivst som fersk gründer.

FRISØR: Katarina Neteland stortrivst som fersk gründer.

– Det gjer meg ingenting om klokka blir ti før eg er ferdig med arbeidsdagen. Eg jobbar jo for meg sjølv, seier ei nøgd Katarina Neteland, eigar av den nystarta Frisørfrøkna.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

 

– TA INN til venstre den første vegen etter ferjekaien, opp Kyrkjevegen og Grønabrekko, inn til venstre i Inngjerdsvegen, og rundt ved fotballbana. Følg dei små skilta det står «Frisørfrøkna» på. Om du kjem til kyrkja er du komen for langt.

Etablerersenteret sin journalist blir losa trygt i hamn av den rykande ferske frisørgründeren Katarina Neteland. Klokkarvik, heilt ytst på Sotra, er ikkje verdas navle, men du og du så fint det er her ute i havgapet. Og der det bur folk, veks det hår, og der det veks hår trengs det frisørar. Det var og trettiåringen sin konklusjon. Meisterbrevet hadde allereie brent i lomma sidan 2016 og tankane om å gå frå tilsett frisør til sjølveigar hadde modnast i takt med at tida hadde gått.

– Eg hadde lenge ruga på draumen om min eigen frisørsalong. Sist sommar bestemte eg meg for at tida var inne, men det tok litt tid før min nevenyttige far hadde tid til å gå i gang med snekring av frisørsalong i kjellaren min. I tillegg til å måtte gjere gratisarbeid for sine fire born er han Nordsjø-arbeidar og driv og eigen snikkarbedrift.
 


FØLG PILA: Innover der og bortover sånn.


DÅ SJANSEN hennar baud seg i byrjinga av november var det berre å hive seg i det. Far, Åge Neteland, gjorde øybuar av seg ei vekes tid og frisørsalongen tok raskt form. Men, dagen før opninga var det fullstendig trafikkaos på fastlandet på grunn av ein sprukken vassleidning.

– Det vart litt hektiske tilstander her ei stund. Stolane og vasken var sjølvsagt forseinka og stod mykje av den dagen i bilkø. Samstundes som eg om ettermiddagen hadde ein like forseinka fargespesialist innom for levering og prøving av fargeprodukt fekk far min montert siste rest på plass i salongen. «No er vasken klar» annonserte han, og så stimte me til for å skylje fargen ut av håret mitt.

Den første kunden hadde Neteland same kvelden.

– Ho tilbaud seg å vente litt slik at eg rakk og gje far min ein klipp før han for heimover til Nordheimsund, fortel Neteland, som no kan smile ved minnet.

 

ENKELTPERSONFØRETAKET Frisørfrøkna tilbyr alle frisørtenester.

– Dame-, herre- og barneklipp, farge, striper, forming og knivbarbering av skjegg, farging av bryn og vipper, oppsetting av hår, brudepynting og sminke, ramsar bedriftseigaren opp.

– Kva er den største forskjellen på å vera tilsett og å være sin eigen sjef?

– Det administrative! Etter at eg er ferdig for dagen i salongen hiv eg meg over rekneskap og papirarbeid. Eg likar tal, det er spanande og interessant, og for meg er dette arbeidet like kjekt som å klippe. Eg tenker sånn som Pippi Langstrømpe: «Dette har eg aldri gjort før så dette kan eg heilt sikkert». 

Om søknader skal skrivast, eller profilar på Facebook eller Instagram skal fornyast er det derimot mannen, Robert Kaupang Sæle som trår til.

– Ja, om det er det snakk om marknadsføring og tekstformulering er det lurast at det er han som er forfattaren. Skriftlig formulerer han seg mykje betre enn meg.

Ei anna positiv følgje av å være sin eigen herre meiner Neteland er å kunne ta sine eigne avgjerder.

– No bestemmer eg sjølv. Eg kan innreie slik eg vil, og eg kan ta inn akkurat dei produkta eg føretrekker å bruke.

– Kva trur du er den største forskjellen på å drive frisørsalong her kontra i meir tettbyde strøk?

– Det er jo ikkje så mykje drop-in her.

Den sprudlande gründeren skrattar.

– Men eg har ingen problem med å være fleksibel. Om nokon ringer og treng time på dagen gjer eg om mogleg berre om på dei opphavelege planane mine.
 


HEIMEKONTOR: Katarina Neteland har innreia frisørsalong i kjellaren,
i det som tidlegare var mor hennar sitt soverom når ho kom for å vere barnevakt.
– No er ho degradert til boda, ler firmaeigaren.

 

DEN NYSTARTA GRÜNDEREN syns det er djupt tilfredstillande å sjå tilbake på kva ho har fått til.

– På førehand tenkte eg at eg måtte finne meg ei deltidsstilling eg kunne ha ved sida av drifta av frisørsalongen. Det er eg veldig glad for at eg ikkje rakk, for eg hadde så mange kundar i desember at eg hadde ikkje hatt tid til noko anna.

– Eg det noko du no i ettertid ser at du skulle ha gjort annleis i byrjinga?

– Eg kunne nok ha brukt litt meir tid på planlegging. Tida frå eg fann ut at eg skulle satse til eg faktisk var i gang var så kort at det vart ei særs bratt læringskurve.

På få veker skulle ho pusse opp og innreie lokale, etablere eit farbart uteområdet rundt det forholdsvis nykjøpte huset, og setje seg inn i korleis ein driv ei bedrift, innan både økonomi og rekneskap, og med tanke på strukturen i kvardagen når det gjeld å sjonglere med jobb og omsyn til familien.

– Eg tok og alle kursa til Etablerersenteret i november. Det vart ein travel månad og mykje å ha i hovudet på ein gong, men eg hadde heldigvis god hjelp.
 


PRAKTISK: Husets vaskerom fungerer godt til å blande hårfarge i.
 

HOS ETABLERERSENTERET nytta Neteland seg av kurspakken A-B-C Etablering og fekk og med seg månadens morgonmøte med gode økonomitips.

– Kursa var veldig nyttige. Mykje av det eg fekk med meg derifrå av kunnskap og idear var informasjon eg ikkje hadde frå før. Etablerersenteret er eit veldig godt hjelpemiddel for nystarta firma, eller for dei som går med tankar om å starte for seg sjølv. Mi oppleving har berre vore positiv, med gode kurstilbod, kunnskapsrike rådgjevarar, og god hjelp vidare på vegen. Eg fekk og hjelpsame tilvisingar til informasjon i andre fora.

Neteland har tru på at det at ein no går saman til ein storkommune vil kunne samordna tilbodet til gründerar, og slik kunne tilby ei endå sterkare støtte.

– Det synes eg ein kommune som skal vere eit «fyrtårn» må satse på, for vår eigen, og for dei som kjem etter oss sin del, oppfordrar ho.

 

SNIKKAREN har gjort ein god jobb. Det same har Neteland si svigerinne Camilla Vetaas, som får æra for lekkert inventar og harmonisk fargeval. Saman har dei skapt ei trivelig lita frisørhole innom kjellardøra.

– Ein skal få litt spa-kjensle når ein går til frisøren, avgjer Neteland.

– Draumen min er at eg med tida skal ha ein såpass stor kundebase at eg kan leige eit lokale, men akkurat no er det heilt perfekt å ha salongen i kjellaren i vårt eige hus. Eg kan ha rolege morgonar i lag med borna våre på to og fire år, fylgje til barnehagen, og ha tid til både trening og dusjing før første kunde klokka 10 om morgonen.

Når det er opphald mellom kundane kan ho nytta fritida til andre ting i staden for å «kjede seg gjennom dødtida», som ho seier.

– Slik det ser ut no kjem eg til å ha same løna som tidlegare, samstundes som at eg har fått meir fritid.
 


STIL: Æra for atmosfæren i salongen gjev Neteland til svigerinna si,
Camilla Vetaas.

 

MAJORITETEN av Frisørfrøkna sine kundar kjem frå lokalsamfunnet i det som no er Øygarden kommune, flest frå søre delen rundt Klokkarvik. Det har strauma på med gode tilbakemeldingar, noko den råferske firmaeigaren set stor pris på.

– Fleire har sagt at det er tøft gjort av meg å starte opp, og mange har hjelpt til ved å dele på Facebook. Det er veldig kjekt å sjå at den første månaden har vore innbringande og har vist meg at eg allereie etter kort drift klarar å bygge kundebase, ha gode arbeidsdagar, og kombinera drift og familie på ein god måte.

Neteland sine råd til andre som går med tankar om si eiga bedrift er korte og konsise:

– Våg å satsa på det du brenn for.

– Ikkje vær flau for å spørje andre, oppsøka informasjon, eller be om hjelp.

– Hugs å sette av tid til deg sjølv mellom slaga.



BLI NY: Kundane trivst godt hos Frisørfrøkna Katarina Neteland.
 

Nettstadene til Neteland er Facebook: Frisørfrøkna Katarina,
og Instagram: @frisorfrokna.

Gründerne bak:

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr