Fart og spenning

Gründer: Tommy André Vik, Tovi Elektro AS

– Det er ingen som betalar for visjonar. Dei betalar for å få jobben gjort, påpeiker elektrikar Tommy André Vik.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

– MÅLET ER ikkje at firmaet mitt skal bli så stort. Målet er at vi skal ha det bra på jobb. Eg hadde fylt dagane mine til brestepunktet uansett kor mange tilsette eg hadde hatt.

Tommy André Vik starta Tovi Elektro AS i oktober i 2018. Bedrifta utfører elektriske installasjonar; alt frå datakontaktar til høgspent, innan husvære, hytter, industri, jernbane og kraftindustri.

– Den største fordelen vår er den omfattande kompetansen vi innehar. Eg arbeidde i mange år som anleggsleiar og installatør hos det som då heitte BKK. Der deltok eg i komplisert elektrisk arbeid på alt frå kontrollanlegg til høgspenningsprosjekt, og fekk slik godt innblikk i korleis ein gjennomfører store prosjekt. Denne lærdomen gjer at bedrifta mi kan ta på seg jobbar som er mykje meir kompliserte enn det som er vanlig at små elektrikarfirma som oss kan klare.

TRAVEL: Tommy André Vik er gründeren bak elektrikarfirmaet Tovi Elektro.

– KVIFOR starta du di eiga bedrift?

– Verda er i endring. Det gjeld òg BKK. Bedrifta var gjennom eit stort tal omorganiseringar, og eg syns at arbeidsstaden min staka ut ei retning som ikkje inkluderte at eg fekk jobbe med det eg synst var kjekt. Som anleggsleiar bør ein vere motivert og også klare å motivere dei rundt seg. Eg følte sjølv at eg begynte bli litt «grinete», og fant ut at både eg sjølv og BKK hadde best av litt forandring.

Då han gjorde det kjent at han var klar for å skifte arbeidsstad fekk Vik mange gode jobbtilbod. Men, han ville ikkje starte i ny jobb med det same, og kanskje ta den frustrerte sinnsstemninga med seg vidare til neste arbeidsplass.

– Då ville eg heller prøve meg åleine i eit års tid og sjå korleis det gjekk. Eg starta med å leige meg ut til bedrifter, og tok etter kvart på meg litt større elektrikarjobbar, som ulike hytteprosjekt. Om eg fann ut at denne måten å arbeide på ikkje var noko for meg, tenkte eg å vurdere dei opne jobbtilboda på nytt.

MERKE: Pengestøtta han fekk frå Etablererfond brukte Vik til å få utarbeidd nettside og til å få trykt logo på arbeidsklede.

OPPVEKSTEN sin hadde Vik på Stamnes i Vaksdal kommune. Der bur han framleis. Men han har kundar rundt om i eit stort område, og svært mange av dei heldt til på Voss.

– Då eg skulle gje bedrifta namn funderte eg lenge på kva eg skulle kalle ho. Namn med stadsindikasjonar, som Stamnes Elektro eller Voss Elektro, forkasta eg fort. Eg ville ikkje skape geografiske grenser i kundekretsen.

Gründerspira reiv seg i håret, men så let han det stå til. Ein sein fredagskveld framfor PC-en tok han ei avgjerd og trykte på «play».

– I ettertid har namnevalet ergra meg. Det er det einaste frå oppstarten som eg gjerne skulle ha kunna gjort om igjen, men firmanamnet blei fort såpass innarbeidd at det ville vore dumt å forandre på det.

Angeren botnar i at han brukte sitt eige namn som utgangspunkt. Han vil jo helst ikkje bli oppfatta som «sjef». Då likar han betre å omtale seg som leiar.

– Om dei tilsette kallar meg sjef får dei kjeft. Men eg håpar eg er ein tydeleg leiar, for noko av det verste eg veit er arbeidsleiarar som ikkje gjer klart uttrykk for kva målet er, men som lar det gå ut over arbeidarane om planane deira ikkje blir innfridd.

SELSKAP: Tommy André Vik flankert av samarbeidspartnarar ved Evanger Stasjon; Knut Aspebakken Sværen (t.v.) og Hallvard Gjerald.

DET VIK ER aller mest nøgd med i den forhaldsvis nye arbeidssituasjonen er kjensla av at han og dei tilsette jobbar saman om å drifte firmaet. Han rosar dei tilsette arbeidskollegaane sine opp i skyene, og årleg viser han takksemda si ved å dele ut bonusar.

– Vi er fire personar i teamet, inkludert meg sjølv og ein nordsjøarbeidar som innimellom jobbar hos oss i heimeperiodane. Alle som arbeider i Tovi Elektro er positive menneske som ønskjer å få ting til. Vi er eit lag, og vi tenar pengane saman, så det skulle berre mangle om det ikkje og skulle vise litt ekstra på alle sine bankkontoar.

Plass nummer to på den positive lista får alle kundane som gjev han og arbeidsgjengen hans sjans til å vise kva dei kan. Sidan oppstarten for tre og eit halvt år sidan har Tovi Elektro hatt heile 980 ulike oppdrag.

– Fem-seks av oppdraga har vore på over ein million kroner. Eit av dei på over fire millionar.

– Det å få lov til å rekne på slike store anbod, som gjeld jobbar som er rekna for å være kompliserte og vanskelege, kjem ikkje automatisk. I alle fall ikkje om ein er ei lita nystarta elektrikarbedrift. Eg hadde på førehand trudd at eg kom til å finna det skremmande å sende ut anbod med slike summar. Det fasinerer meg litt at det ikkje gjer det, seier han smilande.

Dei litt mindre omfattande jobbane er òg sjølvsagt kjærkomne for firmaet.

– Det at kundane kjem tilbake til oss, og gjerne naboen deira i same slengen, er ei god oppleving. Det er viktig for alle å velgje riktig handtverkar, og vi gjer vårt beste for ikkje å skuffe nokon av dei.

PAUSE: Kontorarbeid følgjer med for firmaeigarar.

– KVA ER drivkrafta di?

– Eg er ei rastlaus sjel som likar å få ting til. Spesielt er det kjekt å få til det som ikkje andre får til. Pengar er ikkje det viktigaste for meg, men skal en ha en god arbeidskvardag, må ein ha godt verktøy, eit godt lager og lokasjon, gode arbeidsbilar og fornøgde tilsette. Om ein skal få til alt dette må en faktisk ha pengar. Difor må det vekse på kontoen når en bygger opp eit firma.

Planen hans er å tilsette ein ny person ein gong i året fram til dei er fem elektrikarar på laget.

– Etter det er planen å ta inn lærlingar, og slik la framtidas yrkesutøvarar få ein sjans til å prøve seg i arbeidslivet.

NOKO KLAR forretningside innrømmer Vik at han ikkje har.

– Alle vala er ikkje alltid så nøye gjennomtenkt. Tovi Elektro flyt litt med straumen. Når det kjem inn ein førespurnad som verkar interessant, går vi for den. Vi er heldige slik, at vi har så mykje arbeid at vi faktisk kan velje.

Den største utfordringa i arbeidskvardagen er korleis å best disponere tida, reflekterer elektrikargründeren.

– Det er vanskeleg å ta på seg akkurat passeleg mengde arbeid. Tar en for lite risikerer ein lediggong, og tar ein på seg for mykje blir kundar, tilsette, og kone frustrert.

– Kva er det minst kjekke med å drive ege firma?

– Dei gongane eg samanfattar den siste veka i hovudet, og kjenner på at eg ikkje har hatt tid til å vere i lag med familien min. Då føler eg at eg ikkje strekk til verken her eller der.

Ein gong han beklaga seg til svigerfaren fekk han nokre kloke ord i retur. «Skal du ha oppturar må du ta med deg nedturane òg», sa han.

– Då var koronaen nett komen, og alle oppdraga rauk fordi kundane ikkje våga å bruka pengar. I tillegg hadde arbeidsbilen havarert, og kona mi hadde brekt foten så eg måtte ta meg av ungane. Men han hadde rett. Allereie to veker seinare fauk alt til himmels – Oppdraga hagla inn frå alle som ville bruke stillstanden i koronatida til å oppgradere hus og hytter.

FORNØGD: Tommy André Vik trivst godt i den nye arbeidssituasjonen sin.

– KVA VIL DU seie har vore den største overgangen frå å gå frå å vere tilsett til å drive eige selskap?

– Før var alt i ordna former. Det kom folk å vaska kontora, møter blei sett opp for meg, og eg hadde fem veker lovbestemt ferie. No er eg på etterskot overalt.

– Angrar du?

– Nei! Absolutt ikkje! For meg er dette lystbetont. Men som firmaeigar har du aldri heilt fred, du har alltid ein tanke i hovudet. Det er prisen ein må betale.

Han meiner at den største utfordringa hans er at han alltid har fokus på det som ligg framom han og ventar.

– Eg treng å lære meg å innsjå at ein aldri kjem til det punktet der ein kan lene seg tilbake og sjå at alle jobbane er ferdiggjort. Då kunne eg kanskje fridd meg frå den konstante kjensla av å alltid ligge litt etter. I slekta mi kallar vi det «monsagener», etter onkelen min Mons. Dei med slike gener jobbar heile tida. Eg misunner dei som kan sjå på noko halvferdig og likevel kunne fullstendig slappe av.

VIK OG HANS Tovi Elektro er over den verste kneika, men det var mykje han sakna i starten.

– Det hadde vore flott med ein fast rådgjevar i næringsråda rundt om, som kunne ha fungert som støttespelar og informert om nyttige tips for nyetablerarar. Og kanskje det kunne ha vore ei liste tilgjengeleg, over alle støttetilboda som eg seinare har skjønt finst der ute?

Dei første to åra tok Vik seg av rekneskapen sjølv. Han kunne ingenting om dette på førehand og tenkte at den beste måten å lære på var å gjere arbeidet sjølv.

– Sett i ettertid er eg veldig glad for at eg gjorde det, for det gav meg kunnskap og forståing for faget som eg elles ikkje ville ha hatt, påpeiker han.

– Når ein startar eige firma er der feller overalt. Det var vanskeleg å vite kva råd eg skulle følgje. Etablerersenteret hadde eg ikkje høyrt om, og frustrasjonen steig i takt med alle seljartelefonane som hagla inn den første tida etter at eg registrerte firmaet.

ARBEIDSTJOMMI: Tommy André Vik tar seg tid til ein prat med Håkon Jordalen frå Jordalen Entreprenør.

EIN SMULE frittalande vedgår Vik at han kan vere. Då han ein dag svarte med hastige og hissige gloser på det han trudde var seljartelefon nummer fem same føremiddagen, høyrte han ei noko spak stemme seie frå den andre enden: «Jammen, naboen min anbefalte deg».

– Det hender eg trakkar litt hardt i salaten, men eg fekk hanka meg inn igjen og bede om unnskyldning, og kunden vart nøgd til slutt.

Han har fått høyre at han kan virke litt vel oppkava innimellom.

– Det er nok berre min måte å vere på. Eg kjenner eigentleg ikkje på stress sjølv. Bortsett frå den gongen eg hadde kopla feil nokre høgspentkablar inni ei gruve og stod frustrert med to like endar utanfor, utan å klare å sjå kvar feilen låg.

«No Tommy, må du gå å ta deg ein kopp kaffi» beordra kollegaen han.

– Men, når det er sagt, er det òg ein kjennsgjerning at det høge blodtrykket mitt faktisk har dempa seg etter at eg starta eige firma. Eg trivst med å ha det travelt, og eg trivst best i arbeidsklede. Ein gong eg kom på julebord hadde eg i farten trakka oppi verneskoa. Då var ikkje konemor blid. Heldigvis hadde ein arbeidskamerat gjort det same så vi var to.

DET Å SKULLE GJE råd til andre gründersjeler er ikkje noko firmadriftar Vik tar lett på. Han meiner at det er mange «komponentar» som må vere til stades om ein skal oppnå suksess med bedrifta si.

– For det første, ver ærleg med deg sjølv om kva som er styrkane dine og kva som er svakheitene dine. Utgangspunktet for suksess er gjerne at ein er litt flinkare enn andre, litt lurare, litt betre til å bygge nettverk, eller at ein har et betre produkt enn andre.

Han trur at det er lett å overtyde seg sjølv om at ein er betre enn andre, og at omgjevnadane dine som regel vil støtte deg i den påstanden.

– Men, til sjuande og sist; om ein startar for seg sjølv står ein heilt åleine. Om tilsette gjer ein feil, er det du som ikkje har instruert dei godt nok. Om produktet ikkje verkar er det du som har konstruert feil. Om kundane er sure, er det du som ikkje har følgt godt nok med. Så ver heilt ærleg med deg sjølv, for det er berre du som må stå ansvarleg for det firmaet ditt har gjort.

 

– OG FOR det andre?

– Spør deg sjølv om du er villig til å gjere det som trengs. For min del bruker eg all den tida andre brukar på sofaen ved PC-en. Det er lett, når en drøymer om å starte for seg sjølv, å tenke at dette går heilt fint, men når ein skal gjere det kvar einaste kveld dei to neste åra kan ein bli litt lei. Eg trur svært få kan klare å bygge opp ei bedrift utan å ofre ganske mykje fritid.

Å spørje seg sjølv kvifor du vil starte eigen bedrift, er eit anna av Vik sine gode råd.

– Viss svaret er at du gjer det for å tene pengar må du enten ha en veldig god forretningside, eller så har du lite sjølvinnsikt, for det å drive eigen bedrift er ikkje ein rask måte å «kome til pengane» på. Eg meiner ein må starte eige firma fordi en ønskjer å skape noko, eller fordi ein vil endre kvardagen sin. Så får ein eventuelt betra personleg økonomi kome som ein bonus.

Og til slutt:

– Stå aldri i gjeld til andre! Det vil slite deg ut og gje deg ein belastning du ikkje vil ha med deg. Så ikkje lån pengar av folk som ikkje kan tape det du låner, og ikkje be om hjelp som du må tilbakebetale seinare.

Meir info om Tovi Elektro AS finn du på facebook.com/tovielektro


Forrige
Forrige

Fra tareskog til matbord

Neste
Neste

Magiske Modalen