Sertifisert støttespelar

Gründer: Elin Huseby

«Ver bevisst på dine sterke og svake sider, og ver ekstremt ærleg med deg sjølv!» er eit av dei gode råda etableraren bak Kaizen Consult AS gjev vidare til andre gründerspirer.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

DET JAPANSKE uttrykket «Kaizen» betyr oversett til norsk: «varig forandring til det betre». Dette er òg Elin Huseby sin intensjon når ho med si kunnskap og sitt engasjement går inn døra hos kundane sine. Kvalitets- og HMS-konsulenten mildt sagt brenn for faget sitt, og det er lett å la seg smitte av entusiasmen hennar.

– Beklagar at eg snakkar på inn- og utpust, men eg blir så ivrig når eg får snakke om jobben min, innrømmer den ferske gründeren.

– Eg føler at eg har mykje kompetanse å bidra med. Små og mellomstore bedrifter har som regel ikkje tilgang til spesialistar innan mitt fagfelt, men dei er like fullt forplikta til å følgje arbeidsmiljølova.

Som Huseby påpeiker må dei til dømes følgje akkurat det same lovverket innan HMS som store bedrifter, sjølv om småbedrifter oftast verken har kompetanse eller kapasitet til å utføre denne jobben.

– Då kan dei leige inn Kaizen Consult på ein time-for-time avtale, sikre at dei opererer innanfor lovverket, og samtidig få hjelp til å utarbeide system, lage rutinar og utføre opplæring, oppfordrar ho.

I TILLEGG til bistand innan HMS tilbyr Kaizen Consult ulike kurs og konsulenttenester for styrking av arbeidsmiljø og kvalitet. 

– Eit av kursa mine handlar om å lage og levere produkt og tenester med størst mogleg nytteverdi, og minst mogleg tap av ressursar. Denne leiarfilosofien, som går under namnet «Lean», innehar metodar og verktøy for fokus på flyt, oversiktlege prosessar og kontinuerleg forbetring. Målet er å skape meirverdi gjennom økt kundefokus, og høgare økonomisk lønsamheit.

Huseby er òg godkjent Miljøfyrtårn-konsulent, og kan bidra på vegen til Miljøfyrtårn-sertifisering.

– «Miljøfyrtårn» er Norges mest brukte miljøsertifiseringsordning, spesielt utforma for små og mellomstore bedrifter. For å bli sertifisert er ein nøydd til å kople seg opp mot ein aktuell rådgjevar, og per i dag er eg den einaste godkjente konsulenten her i Bjørnafjorden kommune.

MILJØ og berekraft er i vinden som aldri før, og fleire og fleire bedrifter vel å sertifisere seg som Miljøfyrtårn. Huseby formidlar at nye rapportar viser at Miljøfyrtårn-sertifiserte bedrifter i stor grad opplever miljøbetringar, styrka konkurransekraft, kutt i kostnader, og betring av omdøme.

– Eg simpelten elskar å stå framfor eit lydhøyrt publikum og dele kunnskap, og det er utruleg gjevande å sjå når folk lukkast med å ta den nyerverva kunnskapen i bruk. Samtidig lærer eg ekstremt mykje sjølv òg av å undervise, og halde kurs og «workshops».

– Kva tankar gjer du deg om miljøvern?

– Oj! Det var eit stort spørsmål. Viss eg kan få forme svaret mitt rundt det som gjeld stiftelsen Miljøfyrtårn, vil eg seia at det beste ved denne sertifiseringa er at ho er retta mot små og mellomstore bedrifter. Det er desse me har mest av i Noreg, og det er viktig at dei får moglegheit til å ta ansvar i forhold til miljøet.

Slik kan den største delen av norsk arbeidsliv bli stadig «grønare».

– Det er ingen som forventar at ein skal gripe over alt på ein gong for å bli sertifisert, men det blir kravd at ein set seg mål og at ein heile tida arbeider for å nå desse måla. Alle kan bidra med små steg for å gjere heilheita betre.

FOR ALLE: – Faget mitt er ikkje bransjespesifikt. Metodane kan brukast uansett fag og arbeidsstad, fortel Elin Huseby.

DET NYOPPRETTA firmaet er midt i den travlaste startfasen. Det offisielle avsparket gjekk den første august, men den ivrige gründeren tjuvstarta allereie før sommaren. Ho posta planane om oppstart på LinkedIn og Facebook, og kort tid seinare var dei første avtalane settla og oppdragskontraktane skrivne. Slik var bana sveipa og klar då startskotet gjekk etter ferien.

Fast firmabase har Huseby sikra seg i kontorfellesskapet i Ulvenparken nær heimen sin på Os.

– Den store fordelen er at det ikkje var så store investeringar som måtte til. Eg trengte ei datamaskin og ein kontorplass. Det var alt! Om det likevel skulle vise seg at eige firma ikkje var nokon god ide kan eg revurdere, og eventuelt heller skaffe meg fast arbeid igjen. Men eg vil verkeleg at dette skal fungere.

Nettsida til firmaet laga ho sjølv.

– Eg har prøvd meg fram og lært litt etter kvart. Alternativet var å bruke rundt 50 000 kroner på å få jobben gjort av andre. Eg kom fram til at det ikkje var verd det.

TRETTIEINÅRINGEN vaks opp på Karmøy, rett sørom Haugesund. Inngangen til det framtidige yrket hennar var noko tilfeldig – «gjort ut frå eliminasjonsmetoden», ifølge henne sjølv.

– Eg hadde ikkje noko særleg utferdstrong som tenåring, og ville ikkje lenger vekk enn Haugesund då eg skulle velje studieretning. Der stod valet mellom sjukepleie, nautikk, og linjer for maskin-, brann- og HMS-ingeniør.

Ho valde sistnemnde. I heile landet var det berre i Haugesund denne linja var å finne.

– Eg valde rett! Jo lenger ut i studieløpet eg kom, jo meir spanande blei det. Karakterane steig i takt med engasjementet, og etter fullført studieløp gjekk eg ut med toppkarakter på bacheloroppgåva mi. Eg var faktisk bestemann i heile klassen, minnest Huseby med eit smil.

Arbeidsmarknaden kjendest vidopen for den blodferske HMS-ingeniøren.

– Eg hadde griseflaks, der og. Oljebransjen var på topp og arbeidsmarknaden skreik etter akkurat den kunnskapen eg sat inne med. Eg hadde ingen problem med å gå direkte frå skulebenken og ut i løna arbeid.

Elin Huseby er storfornøyd med å ha fått plass i kontorfellesskapet Ulvenparken, på Os

JOBBTILBODA kjem framleis i fleirtal for den ivrige HMS-ingeniøren, men Huseby har altså likevel valt å prøve seg med eige selskap. Og gründerlivet er ikkje framandt for den ferske gründerspira. Mannen hennar er sjølvstendig næringsdrivande på fjerde året, og foreldra hennar har eige firma, som dei òg hadde gjennom heile oppveksten hennar.

– Eg har god innblikk i kor mykje det krev å ha si eiga bedrift, men eg har òg fått erfare dei gode sidene ved det. Foreldra mine tok seg til dømes alltid fri når me ungane hadde skuleferie. Å drive for seg sjølv er ikkje nødvendigvis det enklaste valet, men det skaper ein fleksibel arbeidssituasjon, noko som er gull verdt i den livssituasjonen eg er i no, som småbarnsmor til tre.

Virvelvinden ho for tida oppheldt seg i er nemleg ikkje fredelegare på heimebane. Planlegginga av firmaet gjorde ho medan ho var i morspermisjon med tredjemann, og det at dei to minste kom med berre tretten månaders mellomrom gjer at det er nok å henge fingrane i i heimen.

– Tanken om eige firma, eller ikkje, har vore ein lang prosess. Det var vanskeleg for meg å avgjere om småbarnsfasen var den rette tida å starte eige firma i. Men eg er nøgd med valet eg har gjort. Eg må prioritere beinhardt, spesielt når det gjeld tidsbruk, men friheita det gjev å kunne legge opp arbeidsdagen etter eigne premisser er ubetaleleg.

Det ho ikkje rekk over på dagtid tar ho igjen innimellom minstemann sine duppar på kveldstid.

– Eg hadde ikkje lyst til å la firmaplanane ligge på vent. Motivasjonen er på topp, og eg føler eg har momenta på mi side akkurat no. Eg brenn for jobben min. Sjølv om dette er arbeid gjev det meg mykje energi. I tillegg er eg så heldig å ha eit godt familienettverk rundt meg.

Den utdanna kvalitetsleiaren og HMS-konsulenten har stor arbeidskapasitet. Dei to siste oppsette studieåra på høgskulen gjorde ho unna på eitt.

– Eg arbeider strukturert; skriv lister, set meg mål og deler løpet opp i delmål. Det funkar for meg, avgjer Huseby.

OS: Natur og miljø er ei av Elin Huseby sine fanesaker, og per i dag er ho den einaste godkjente Miljøfyrtårn-konsulenten i Bjørnafjorden kommune.

FIRMAET hennar har fått draumestarten ho ikkje våga å håpe på.

– Det viser at marknadsanalysen min stemmer. Eg er veldig letta. Eg gjer jo alltid mine risikovurderingar – «yrkesskada» som eg er. Etter ein god del år i dette yrket er eg veldig flink til å tenke «worst case»-scenario.

Den største frykta hennar var at ho ikkje skulle få kundar.

– Eg veit eg er flink i faget mitt, men det å skulle «selje seg sjølv» er eit heilt anna felt. Eg hadde aldri trudd at eg skulle få så god respons, og så fort.

Firmaeigaren innrømmer at ho kan bli usikker, og fundere på om avgjerder var rett og arbeidet gjort på ultimate og riktigaste måte.

– Nett no er det største aberet om eg kjem til å klare å kople av når eg er heime, eller i andre fritidssituasjonar. Det er noko eg er nøydd til å øva meg på. Eg har alltid jobba mykje. Det er slik eg er oppdradd. Så snart eg vart stor nok arbeidde eg i far min si bedrift i skuleferiane. Av han fekk eg innprenta viktigheita av å ikkje slurve. Mantraet hans var, og er: «Gjer det riktig første gongen, så slepp du å gjere det om igjen».

Huseby ler litt.

– Far min er min beste rådgjevar og mentor. Me to har fast teamsmøte annankvar veke. Sist utfordra han meg til å finne eit «nullpunkt» – å trene hjernen opp til å «skru av», ved å avslutte kvar arbeidsdag ved å gjere ein fast ting. Så gjenstår det for meg å finne ut kva som skal vere mitt nullpunkt. Me bur ved sjøen så eg har lurt litt på om det kan vere å gå nedom kaien og roen pusten heilt ned, og slik gjere ein skikkeleg «landing» før eg går heim.

GRÜNDER: Elin Huseby

Å STARTE Kaizen Consult AS har gjeve Huseby mange gode opplevingar.

– Det er så kjekt å sjå at folk vil deg vel og vil hjelpe. Det har overraska meg å sjå alle dei mange kjente og ukjente som har heia meg fram. Alle dei grundige tilbakemeldingane, og all den positive støtta, har vore ein heilt herleg oppleving.

Ho er glad for at ho våga å annonsere at ho var i ferd med å starte for seg sjølv.

– Det hadde vel på mange måtar vore enklare å berre starte opp stille og roleg «i det skjulte». Det at så mange no veit gjer det verre om eg skulle feile, men om eg ikkje hadde vore så open om det hadde eg gått glipp av all den positive støtta, konkluderer gründeren.

– Sjølv om det er kjempeskummelt har ein igjen for å våge og sette seg hårete mål – å tenke «best case», og sjå for seg kor bra det faktisk kan gå. Ikkje berre sjå «risikoen for» men og «moglegheita for».

I FØRSTE OMGANG satsar Huseby på å nå lokale bedrifter i Bjørnafjorden kommune, og Bergen med distrikta rundt. Den einaste på lista over tilsette i Kaizen Consult er henne sjølv.

– Ser du for deg å med tida tilsette fleire i bedrifta di?

– Det spørsmålet har eg ikkje svaret på enno. Eg er faktisk veldig usikker på kva eg ønskjer. Ved å ha tilsette vil eg miste litt av den friheita eg snakka om i stad. Samtidig ville det òg ha gitt meg friheit om vi var fleire til å skjøtte oppgåvene i firmaet. Eg må sjå korleis ting utviklar seg, men eg har jo lurt på om eg kjem til å sakne det å ha eit fagmiljøet rundt meg, nokon å «spele ball med».

Huseby er stolt av at ho hadde tru nok på seg sjølv til å våge og satse. Sjølv om ho i starten måtte stille til møter med ein baby på armen.

– Eg er òg kry av pang-starten eg har fått, med fleire signerte kontraktar å gripe fatt i allereie no, heilt i byrjinga. Og eg er veldig nøgd med namnet eg har valt for firmaet mitt. Det tok litt tid, men då eg fant det vart det eit heilt logisk val.

– Kva er drivkrafta di?

– Det er to ting; Det at eg brenn for yrket, og familien min. Eg har to døtrer, og eg kjenner veldig på det at eg har kjempelyst til å vere eit godt forbilde, vise dei at mamma òg kan.

Huseby innrømmer at ho kan kjenne seg ein smule provosert når folk omtalar henne som tøff og modig som startar for seg sjølv med tre små heime.

– Det er jo ingen som seier dei same orda til mannen min. Me er på veg framover, men i yrkeslivet heng det enno nokre fordommar igjen.

DET ALLER KJEKKASTE med å drive for seg sjølv er for henne at ho får brukt kreativiteten sin.

– Eg trudde lenge at eg ikkje var kreativ i det heile, men dei siste åra har eg skjønt at det er akkurat den eigenskapen eg tar i bruk når eg er i aksjon på oppdrag i ulike bedrifter. Eg nyt verkeleg å lage «workshops» og aktive arbeidsmøte, og å sette opp planar for korleis eg skal få dei tilsette engasjert i framdrifta og målsettinga hos bedrifta deira.

Konsulenten fastslår at det er enorme mengder kunnskap ute blant dei tilsette i bedriftene.

– Det er dei eg må samarbeide med for å finne ut kvar skoen trykker, dei som veit kva som er avgjerande. Eg har sterk tru på å involvere dei tilsette, og det er heldigvis den vegen lovverket utviklar seg.

Huseby stoppar så vidt ordflaumen, berre for å beklage at skavla hennar går så fort at det nærmar seg krampe i fingrane for journalisten med pennen.

– På bygdene blir det tulla med at HMS betyr «heima med sau». Mitt mål er å få dei tilsette til å forstå at ein til dømes ikkje lagar ei risikovurdering berre for å ha eit papir å legge i skuffa, men at han skal brukast til noko som styrkjer arbeidsplassen deira og gjer arbeidsdagen deira betre. Eg ønskjer kort sagt at dei skal oppleve HMS-arbeidet som nyttig.

Etter ei «workshop»-økt ber Huseby alltid om ein kort evaluering i form av lappar deltakarane skal levere når dei går.

– Slike tilbakemeldingar er kvalitetsmål på meg sjølv, og supernyttige for at eg skal kunne evaluere eigen innsats som kurshaldar.

Litt forlegen hentar Huseby på oppfordring fram Excel-arket for det siste kurset ho heldt. «Superbra kurs», «aktivt og engasjerande», «innhaldsrikt», «god formidlingsevne» lyder tilbakemeldingane.

– Sjefen sjølv takka for at eg ville hjelpe dei i staden for å «ta dei på det dei var dårlege på», fortel ho.

– KVAR ER Kaizen Consult om fem år?

– Det sit langt inne for meg å seia det, men sannheita er at eg framleis er så usikker. Alt er så ferskt, og det er så mykje eg ikkje veit om retninga framover, at eg ikkje klarar å sjå heile bildet. Eg kan gje deg ein lyd når dei fem åra har gått, konkluderer Huseby.

– Kva er dine tre beste råd til andre som ønsker å starte eige firma?

– Eg kjenner meg verkeleg ikkje i posisjon til å kome med ein masse råd til andre enno. Eg er sjølv så tidleg i min eigen oppstartfase at eg ikkje har klart for meg kva veit ikkje kva suksesskriteria er. Men om eg skal prøve meg på nokre råd, med mi erfaring så langt, må det bli:

1. Bruk god tid til planlegging. Lag ein detaljert og gjennomarbeida businessplan, inkludert marknadsanalyse og økonomiplan.

2. Vær bevisst på dine sterke og svake sider, og vær ekstremt ærleg med deg sjølv. Når du veit kva som er dei svake sidene dine kan du snu dei òg til styrke.

3. Spør om hjelp. Når du startar eigen bedrift blir det forventa at du skal vere både økonom, innkjøpar, dagleg leiar og så vidare, samtidig som du skal levere når det gjeld faget ditt. Knytt til deg personar i ditt eige nettverk som er gode til det du ikkje kan.

 

Meir om Kaizen Consult AS finn du på www.kaizenconsult.no.

Forrige
Forrige

SoMe med rosa tvist

Neste
Neste

Grønn fremtid