Sjøsprøyt i medvind

«Dette er noko me har sakna» responderte askøyværingane då Pats Garage AS opna dørene i 2020.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

Gründer: Petter Antonsen Træet

– PATS GARAGE har allereie gått langt forbi det eg sjølv trudde var mogleg, erklærer Petter Antonsen Træet.

Han driv fritidsbåtverkstaden som har som målsetting å tilby den beste sørvisen i heile Bergens-området. Dette oppnår bedrifta ved å ikkje berre ta imot vedlikehalds- og reperasjonsoppdrag i den autoriserte båtverkstaden på Askøy, men òg levere mobile, fleksible løysingar til båteigarar, heime i deira eigne hamner.

– I tillegg tar me på oss fraktoppdrag, vinteropplag, detailing – vask og puss, motorskift og repower av fritidsbåtar, og me kjøper og sel bruktbåtar, reiegjer gründeren.

LOKAL: Petter Antonsen Træet og hans Pats Garage AS held til på Mjølkevikvarden på Askøy

MED BÅTSTØYPERIET Norsk Model og Formplast i nabobygget blei det naturleg å utvikle si eiga nybåtutgåve, og allroundbåten Norbas 570 har allereie vore for sal ei god stund. Det sist komne tilbodet deira til båteigarar er sal av båtmotorar frå merkeforhandlarar som Suzuki, Tohatsu og Honda.

– Planen var å starte med båtsørvis i det små og supplere inntektene ved å ta røyrleggarjobbar ved sida av. Eg brukte halve startkapitalen på å kjøpe inn eige røyrleggarverktøy, som eg ikkje har brukt til eit einaste oppdrag. Eg har rett og slett ikkje hatt tid.

Me veit alle korleis det gjekk med røyrleggaren som var med i Idol. For denne fagarbeidaren har oppturen vore minst like rak.

– Det er rikeleg med båtverkstader i Bergens-området, men eg veit ikkje om nokon andre som tar på seg oppdrag utanfor verkstaden. Eg visste at ein slik fleksibilitet var eit sakn for mange småbåteigarar. Når ein står der i fjøra og båten eller motoren ikkje verkar som han skal, kan vegen vere lang til ein verkstad på land.

Pats Garage er lokalisert på Mjølkevikvarden, heilt nord på Askøy, men kundekrinsen er vid.

– Dei fleste kundane våre er lokale, men langt ifrå alle. Me har henta båtar både på Voss, Tysnes, Sotra, og i Hardanger. Her ein dag kom det innom ein kar heilt ifrå Førde. Me har heilt klart trakka inn i ein marknad som var open for eit meir fleksibelt og nytenkande sørvistilbod. Kundane våre er strålande fornøgde, og dei kjem igjen og igjen.

Dei positive tilbakemeldingane kjem frå heile næringa, og frå resten av omverda. I fjor vart dei heidra med Askøy sin gründerpris.

– Det var stor stas. Me har eit solid støtteapparat i ryggen. Kommune, samarbeidspartnarar, utleigar av verkstadslokalet, banken, det har berre vore godord å få frå dei alle.

ALDRI KJEDELEG: Å drive båtverkstad gjev Petter Antonsen Træet ein variert arbeidsdag. Han hentar, leverer, sleper, fiksar, vaskar og pussar.

SOM SÅ MANGE andre øybuarar vaks han opp i sjøkanten. Unge Træet var berre seks år då morfaren kjøpte den første båten til han, og opna slik opp for barnebarnet sin båtentusiasme.

– Det var ein ti fots Pioneer med ein fire hestars Yamaha-motor bakpå. Eg var frelst frå første drag i startsnora, og sidan den gongen har det vore båt som gjeld for meg. Bilsertifikat fekk eg ikkje før eg var 23 år.

Ein kan velje på nytt, og på nytt igjen. Som ferdig utdanna røyrleggar oppdaga Træet at arbeidet gav han lite variasjon.

– Det vart rett og slett for kjedeleg. Så eg slutta i røyrleggarjobben og fekk meg arbeid i båtverkstad.

– Kva var grunnen til at du starta ditt eige firma?

– I tidlegare arbeidsforhold såg eg stadig forbetringspotensiale, men ingen av arbeidsgjevarane i båtbransjen var villig til å satse på ideane mine om bruktmarknad, mobil sørvis, eller ein meir moderne verktøypark.

«Det er for kostbart og tungvint. Kundane er ikkje villig til å betale for slik ekstrasørvis», lydde dei gjentakande tilbakemeldingane.

– I hovudet mitt høyrdest dette heilt feil ut. Folk får jo alt mogleg levert på døra no til dags. Nyleg hadde eg synstest av optikar heime i mi eiga stove. Sørvisbilar er fullspekka med utstyr, og alle veit at det svært sjeldan er billeg å få handtverkarar på besøk. Kvifor skulle ikkje det same vere tilfelle i båtverda?

Etter å ha høyrt på dei gjentakande hjartesukka i årevis hadde kona, Hege Roa Hammersland, fått nok. «Du kan ikkje kome heim kvar ettermiddag og påstå at du kan gjere alt så mykje betre. Då er det betre du opnar din eigen båtverkstad.» Mannen tok henne på alvor, og tok likegodt makkeren sin med på lasset. Sjølv om han akkurat no har sendt henne heim i svangerskapspermisjon, med born nummer to på veg.

– Det eignar seg dårleg for gravide å gå her i verkstaden i dunsten frå botnstoff, kjemikaliar og oljesøl, forklarar Træet.

I BÅTSTØYPERIET: Petter Antonsen Træet bak skroget til ein av sine halvferdige Norbas P570.

I HEILE seks år hadde Pas Garage berre vore ein mogleg framtidsvisjon. Då dei omsider tok steget, gjorde dei det med å gå rett inn i pandemi og nedstenging.

– For oss vart det faktisk eit pluss. Det var første vårmånad, og når våren kjem med sol og varme, vaknar båtfolket. Det er noko med det, å kjenne saltvatnet tørke på huda under varme solstrålar, og brenne bål og grille i fjæra, drøymer trettitoåringen.

– Plutseleg ville alle ha fritidsbåt. Forhandlarane vart skrapa for nye båtar, noko som opna opp for ein god bruktbåtmarknad.

BRUKT: Båtmotoren frå 1981 blei nett seld.

– Med litt stell går han som ei klokke i 40 år til, konstaterer Petter Antonsen Træet.

FAMILIEBEDRIFTA søkjer no etter medarbeidarar. Dei ønskjer å tilsette mekanikar eller hjelpearbeidar med Truck-sertifikat og båtførarbevis. Han eller ho treng ikkje vere mekanikar, men verktøysforståing og båtinteresse er eit stort pluss.

– Normalt sett må båtverkstader permittera tilsette i vinterhalvåret. Det har det hittil ikkje vore fare for hos oss. Me har arbeid heile året. Huseigaren min hadde eit særs godt utsegn her ein dag: «Gjer du eit godt stykke arbeid i dag, til ein nøktern pris, har du arbeid også i morgon.»

Han trudde det skulle vere vanskeleg å starte for seg sjølv, men den eine tingen etter den andre har berre trilla rett på plass.

– Det er nesten som om det har vore for mykje medvind. Om det skulle komme ein motbakke, er eg redd han kan virke framand, seier Træet.

– Det næraste me kjem negative opplevingar er at det i etableringsfasen, før ein har eit rekneskap og vise til, er nødvendig å vere frampå for å vise kva ein duger til. Økonomien lir av at det tar tid å etablere tillit i nye kundeforhold, for nye samarbeidspartnarar ønskjer ofte betaling før dei leverer ut varer.

– HAR DU nokon gong angra på at du starta for deg sjølv?

– Nei!

Han har gått ned i løn, men det er ikkje pengar som gjer Træet det ekstra arbeidsgiret.

– Berre det å kunne ta fri ein og annan fredag, på sparket om vêrmeldinga er god, er heilt fantastisk, slår han fast.

– Det er ingen arbeidsgjevar som bestemmer over meg. Om eg har gjort ei blemme, rota med kabalen og dobbeltbooka eller noko slikt, kan eg ta det på mi eiga kappe, og til dømes trekke frå transporten på fakturaen utan å måtte godkjenne det med overordna. Det skal så lite til for å skape litt ekstrasørvis. Kundane blir fornøgde, og det blir eg òg. Det handlar om å skape kvardagsharmoni.

GRÜNDER: – Å starte firma har gått betre enn eg hadde drøymt var mogleg, men læringskurva har vore stupbratt, seier Petter Antonsen Træet.

 EIN SKAL halde tunga beint i munnen når ein skal sno seg gjennom lovar og reglar gjennom ein firmastart.

– Bedrifta har hatt autorisert regnskapsførar heilt frå første dag. Me er opptatt av at alt skal vere rett. Me er best på båt, og overlet rekneskapen til dei som er best på rekneskap.

Etter å ha drive eit år, fann ei overraskande bot likevel vegen til postkassa.

– Ein dag, då Pats Garage berre var på tankestadiet, sat eg og drodla fram ein logo på ein app på telefonen. Då firmaet tok form henta eg fram igjen skjermbiletet eg tok av resultatet den gongen. Og trur du ikkje det amerikanske firmaet bak appen hadde funne meg.

Træet hadde brukt deira eigedom utan rettigheiter eller løyve.

– Me har seinare ledd mykje av akkurat det. Av kor liten peiling eg hadde.

KORTREIST: Pats Garage sin eigenproduserte Norbas P570

DEI BESTE gründerråda frå etableraren bak Pats Garage er som følgjer:

1. Vær alltid open for tilbakemeldingar og eventuell kritikk. Det kan gje deg mange positive utviklingsmoglegheiter.

2. Ha is i magen og masse pågangsmot. Om det ikkje gjekk bra i dag så går det nok bra i morgon.

3. Hugs å ta pausar innimellom. Det er vanskeleg å ta fri frå noko ein sjølv skaper og brenn for, men det å ta en pust i bakken er særs viktig.

Dette siste rådet legg Træet ekstra trykk på.

– Det første året jobba eg gjerne 13-14 timar i døgnet. Måndag til søndag. Eg svarte på telefonar når som helst og hadde ikkje skilje mellom fritid og arbeidstid. Eg stortreivst med arbeidet, og synst eg hadde det heilt strålande.

Det var mange som åtvara han mot å slite seg ut.

– Men korleis skulle eg kunne vite når eg måtte bremse? Det var jo første gongen eg gjorde noko slikt, eg hadde ingen tidlegare erfaringar å samanlikne med.

Den dagen han sat bak rattet på veg til eit nytt oppdrag og kjente lysta og driven var totalt fråverande, skjøna han kva vener og familie hadde snakka om. Kroppen gav beskjed om at han var langt under reservegrensa. No var det på høg tid å roe ned.

– Når ein arbeider med noko ein lever og andar for, er faren stor for at det går over alle støvelskaft. Eg brukte dei to neste åra på å finne balansen. No er eg særs nøye med å ha ei normal arbeidstid.

Herr og fru Træet er stolte over det dei har fått til.

– Me har bygd bedrifta vår opp «stein for stein», dag for dag og time for time, med ei nøktern haldning, og med store visjonar om å utvikle eit fantastisk tilbod innan maritime tenester. Det har me klart med god margin.

Mer om Pats Garage finnes på nettsiden: www.patsgarage.no

Forrige
Forrige

Ferskt filmeventyr

Neste
Neste

Rakrygget og bakoverlent