Smak av kortreist sommar

«Dette er luksus!» fastslår Leif-Helge Molvik, femte generasjon bonde på Molvik gard. 

Tekst og foto: Irene R. Mjelde 

– STÅ heilt i ro! Høyrer du kor det summar rundt beina?

Birøktar Leif-Helge Molvik er meir enn gjennomsnittleg interessert i dei honningproduserande insekta. Stolt viser han fram Noregs første bie-hus.

– Eg er ikkje lenger avhengig av fint vêr når eg arrangerer biesafari. Om det regnar står alle dei kvitkledde deltakarane tørt under tak bak bikubane, og den manglande veggen sørgjer for at biene har fritt leide ut og inn igjen til heimane sine. No er det stadig fleire som tar etter idéen min og bygger hus til bikubane sine.

Leif-Helge Molvik vaks opp her på Molvik gard, heilt inst i Molvikagrendi, i Alver kommune i Nordhordland. Han og kona Lene overtok garden etter foreldra hans, Sonja og Odd. I lag med dei to smågutane sine, samt to kattar og hunden Freyja, er paret femte generasjon Molvik som driftar garden.

– Foreldra mine hadde begge arbeid ved sida av garden. Slik ville ikkje me ha det, påpeiker Leif-Helge.

For eitt år sidan sa han difor opp stillinga si som IT-konsulent ved ein vidaregåande skule, og kona Lene takka for seg som pedagogisk leiar i barnehage.

– Me budde på Askøy, og pendla begge to til Bergen kvar dag. Då me først bestemte oss for å overta garden ville me gjera det skikkeleg. I staden for å ha gardsdrift som ein bigeskjeft, ville me innretta oss slik at me kan leve av det. Det er mange bruk i Nordhordland, men det er få av dei som er heiltidsarbeidsplassar.

Transportetappen til arbeidsplassen er no fort unnagjort.

– Me sparar oss for timesvis med bilkøyring. No for tida får eg krampe i foten om eg ein sjeldan gong må stå i kø.

KLARE: Lene og Leif-Helge Molvik ønskjer velkommen til gards.

MOLVIK GARD tilbyr lokalmat og gardsopplevingar. Dei produserer frukt og bær; eple, plommer, solbær, rips, hageblåbær, bringebær og jordbær.

– Med fjellsida som vern for nordavinden er plassen heilt perfekt for frukt og bærdyrking. Det er alltid fleire gradar varmare her i Molvik enn til dømes i Knarvik, smiler bonden.

Den innovative teften viser seg i alle driftsprosjekt på garden. Ein nykjøpt ATV kortar tidsbruk på fraktetappar, og alle planteprosjekt blir innretta med tanke på effektivitet og snille arbeidsmetodar. Dei 8000 jordbærplantene har fått plass på lange, smale rader av bord i funksjonell plukkehøgde, plommetrea blir klipte i toppen for lettare plukking, og ripsbuskane som kom i jorda i går blei planta opp mot horisontale stålvaierar festa i ståande stokkar.

– Espalierrips blir det kalla. Med tida skal dette bli som ein vegg av plukkevenlege rips som ein ikkje treng å bøye seg for å få i bøtta, reiegjer Lene Molvik.

På kort tid har ho blitt ei vaskeekte «gardskjerring», sjølv om det framleis skortar på enkelte småting.

– Eg likar ikkje froskar, innrømmer trettifemåringen.

Men eit og anna froskemøte er umogleg å unngå når ho ferdast på bøar og bakkar. Seinast då Etablerersenteret sin journalist kom køyrande inn på tunet gjekk riva hennar taktfast for å samle saman nyslått gras. Lene er eit skikkeleg arbeidsjern, men ho har endå ikkje heilt styring på når kva skal gjerast.

– Då er det praktisk å ha kårfolk i nabohuset. Svigerfar minner meg på når tida er inne for enkelte gardssysler. «No er det kanskje lurt å begynne med slåtten» ymta han frampå i går. «Åh, ja det er det jo» svara eg og gjekk i gang.

Frua på Molvik gard ler. Den forhaldsvis ferske agronomutdanninga får ho god bruk for. Det er ho som er ansvarleg for mykje av det praktiske. Rekneskap, søknadsskriving og anna papirarbeid er mannen sitt domene, noko han trivest så godt med at han kallar det hobbyen sin.

– Alver kommune heiar på oss grøne gründerar, og dei har støtta mange av prosjekta våre med pengar frå næringsfondet. Me får òg utruleg mykje støtte frå naboar og lokalmiljø som syns det er veldig kjekt at vi ønsker å drive garden vidare. Å kunne fortsette å bygge noko som slekta har drive i fire generasjonar før oss gjer oss stolte.  

MODNAST: Gardbrukar Leif-Helge Molvik påstår at han vart fødd i ein jordbæråker.

DRIFTARANE av Molvik gard syns det er viktig å gjere bruk av heile avlinga si. Ingenting skal gå til spille.

– I fjor haust gjekk eg ut å plukka inn 90 kilo restplommer på ein kveld. Dei var ikkje brukande til noko før me kom på at me skulle lage saft for sal, fortel Leif-Helge.

Skada og små eple får same skjebnen. I kjøleskapet i det vesle bakrommet i garasjen står det rekker med jordbærsirup, bringebæreddik, leskande plomme- og jordbærsaft, og Rallar Rose – blomsterdrikk av geitrams. I hyller, bygde av gamle eplekassar, er det dandert posar med tørka eplegodt, og bivokslys forma som konglar, blomar og små bikubar. Honning er det for tida tomt for. «Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære» står det på papirposane kundane får godsakene heim i. Sommarhalvåret har Molvik gard lange bestillings- og ventelister på frukt og bær.

– Særleg jordbærsirupen vår blir hyppig kommentert. På is, riskrem og andre dessertar er han ein innertiar. Mange har høyrt rykter gjennom andre og bestiller ut frå omtalane, fortel Lene.

– Det er lenge sidan me slutta og eta butikkbær, supplerer Leif- Helge.

– Ein blir godt vant når ein driv fruktgard. Me leverer dagsferske bær som har fått henge i lys og sol til dei er modne. Når dei blir hausta for tidleg for å modnast ferdig under transport, mister bæra mykje av smaken.

VELKOMNE: I går kom det ti store og seks små lodne husdyr på plass blant gras og smørblomar på bøen. Villsauane er allereie god ven med matmora si.

MYKJE HAR skjedd sidan den nye generasjonen flytta inn 1. juli i fjor. I huset dei bur i budde tidlegare Leif-Helge sine besteforeldre. No er byggverket frå 1860 nyoppussa frå inst til ytst. Og i vår blei Molvik gard godkjent som 4H-gard – den einaste i heile Hordaland krets, som til saman består av 35 ulike 4H-klubbar.

– Dei førre generasjonane drog til torget i byen for å selje frukta og bæra dei produserte. Molvik gard vil framleis vere representert på enkelte marknader og messer, men me vil og satse på å opne opp garden for besøk og arrangere aktivitetar for born og ungdomar, fortel Molvikane.

Å bli 4H-gard var eit ledd i utviklinga av desse planane. Skogen ovanfor garden er rydda for kvist, tre og brake, og forvandla til hengekøyeskog med fem meter mellom kvar furu. Her har heile 50 ungdomar overnatta, hengande under open himmel. Framom, på det moserydda berget har dei bygd øksekastblink og sett opp den einaste heilårsgrua i området. Her kan det brennast bål og spiddast pølser så å seie heile året rundt.

– Me stiller garden og plassen til disposisjon, og står for ved, vatn og toalettfasilitetar, reiegjer Leif-Helge, som gladleg viser rundt i dei djupe røtene sine.

Det første barndomsminnet han kan erindre var då han gjekk seg vill i ripsbuskane og ikkje fann ut igjen.

– Dammen der spadde farfaren min ut for hand, peikar han.

– No er han med på å forsyne jordbærplantane med vatn, fortel han, mens han reddar ei marihøne ut frå hjulspora i grusvegen.

SOMMAR: Då Etablerersenter-journalisten har lukka grinda bak seg nedst i bakken sit det eit ekorn midt i vegen og ser etter bilen, med bustehalen rett til vers. Denne staden er så nasjonalromantisk at det hadde ikkje overraska om det sjarmerande dyret hadde løfta labben og vinka.

 FOR BØNDER er det alltid noko å henge fingrane i.

– Men av og til må me jo berre ta oss fri, ymtar Lene.

– Nei! kjem det kjapt og humrande frå mannen hennar.

– Når eg treng litt fred og ro går eg bort til biene mine. På min tidlegare arbeidsplass hadde eg 600 personar som kunne trakke ned døra mi. Dette her er rein luksus.

– Kva er det beste med å drive dykkar eigen arbeidsplass?

– Å, det er så mykje. Det gjer godt å arbeide ute, og dagleg ser me resultata av det me gjer. Gutane våre får vekse opp på landsbygda med besteforeldre i nabohuset, og det er kjekt å kunne vidareføre det som har eksistert i fire generasjonar før oss. Nede ved fjorden står eige naust og snikkarverkstad. Det kjennest som at me har ein leikeplass på 120 mål, konstaterer husbonden.

– Det er veldig kjekt å kjenne seg som ein del av noko større. Me kunne jo ikkje la dette bli seld ut av familien, samtykker Lene.

HOS ETABLERERSENTERET har paret fått med seg både økonomikurs og marknadsføringskurs.

– Det var veldig kjekt og lærerikt. Dei flinke og kunnskapsrike kurshaldarane gav oss mykje god hjelp i arbeidet mot sosiale medium og andre plattformar. Me fekk med oss mange nyttige tips og triks, både gjennom kursa og via oppfølginga i etterkant. At ein kan ringe Etablerersenteret når ein står fast er gull verd. 

Å møte andre som driv sine eigne bedrifter sette dei òg stor pris på.

– Det er spanande å høyre kva andre gründerar gjer, og korleis dei løyser utfordringar undervegs. No følgjer me med på Facebook for å vere sikre på å få med oss andre interessante og aktuelle arrangement hos Etablerersenteret.

FRAMTIDSPLANAR manglar det ikkje på her på garden. «Det har me ikkje gjort før, så det må me prøve», lyder mottoet til herr og fru Molvik.

16 villsauer beitar allereie nøgde av overfloda på bøen, men det skal òg kome fleire dyr til gards. Det framtidige hønsehuset har fått si planlagte tomt og skal byggast slik at hønsa er sikra mot ørn, hauk, mink, mår og rev. Meir hjortegjerde skal på plass, det skal lagast turstiar rundt om i inn- og utmark, og gardsbutikk og produksjonslokale skal på plass i garasjen så snart traktoren har fått eit anna vern å overvintre under.

– Alt me produserer er klissete, så det skal bli godt å få produksjonen ut av det private kjøkkenet, påpeikar Lene.

Råda frå dei unge gardbrukarane i Molvikagrendi lyder slik:

– Gjer ting skikkeleg, ikkje berre på sida av alt anna. Ha ein plan for kva du vil oppnå. Og ikkje minst, gjer noko du likar!

 

Nettsida til Molvik gard har adresse: www.molvikgard.no. Godsaker dei produserer kan kjøpast på nettbutikken Matfra.no


Forrige
Forrige

Ekte indirekte miljøbidrag

Neste
Neste

Hjertefølt jobbhjelp