Fantasirik leik på fredeleg estetikk

GRÜNDERAR: Linn Indrebø og Ingvild Bjørneboe-Iversen.

To års gründerskap har, for Linn Indrebø og Ingvild Bjørneboe-Iversen, ført til at Vetlo-universet snart er eit faktum.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

I Casuarina i Australia kvernar to gründerhovud rundt alt som skal gjerast, for om få veker seglar den første konteinaren med produkta deira inn i norske farvatn. Vel to år har gått sidan Linn Indrebø, heime på Stanghelle i Vaksdal kommune, pitsja ideen sin til venninna Ingvild Bjørneboe-Iversen. Ho sakna ei skikkelege leikematte til dei to små borna sine – eit behageleg og lunande underlag for aktivitetar på golvet, med eit utsjånad som også kunne tilføre noko estetisk til heimen. Skulle dei to starte bedrift og kreere dei sjølve?

– Eg tende omgåande på Linn sin ide, fortel Bjørneboe-Iversen.

– Det ein får tak i av leikematter kan gjerne vere praktiske, men då prega av sterke fargar og støyande uttrykk. Kvifor skal vi småbarnsforeldre bli tvungen til å måtte velje mellom funksjon og estetikk?

GRÜNDER: Ingvild Bjørneboe-Iversen

DET ER INDREBØ som er grunnen til at Etablerersenteret no intervjuar damene via skjerm. For eit år sidan flytta ho og familien til Australia, der mannen kjem frå. Men dei to gründervenninnene har tett kontakt, og når Bjørneboe-Iversen kjem på besøk er det i følgje med born og mann.

– Det var dei to eldste ungane våre som gjorde oss til venninner. Max og Alia har halde saman sidan første dag i barnehagen, og dei to yngste er òg på same alder og gode leikekameratar. Mennene våre har vi òg vore heldige med, opplyser dei to.

– Dei har begge heia på oss heilt frå start, og stått på for at vi skal få dette til.

GRÜNDER: Linn Indrebø

UNDER NAMNET VETLO er gründerparet sine leikematter no snart i hamn. Bedrifta har utvikla golvmatter som kombinerer estetikk, kvalitet og funksjon. Rolege og gjennomtenkte univers gjev rom for kreativ lek, utan å dominere rommet visuelt. Mattene er tosidige, med ei interiørvenleg side for dei vaksne og ei leikinspirerande side for dei små. Dei fungerer like godt for dei vaksne sine treningsaktivitetar, som for borna sin aktive leik, og dei er særs enkle å reingjere.

– Designa våre er inspirert av nærmiljøet, vestlandsnaturen, og born sin eigen måte å oppleve verda på. Produkta skal opplevast som eit naturleg element i moderne heimar, samtidig som dei inviterer til fantasi, utforsking og gode leikeopplevingar. Og, dei er laga for å vare sjølv om dei er i dagleg bruk, reiegjer Indrebø.

Samtidig som at dei ville utvikle eit produkt som betyr noko i kvardagen til barnefamiliar, hadde dei eit sterkt ønske om å skape noko eige, å bygge ei merkevare med tydeleg identitet. Firmanamnet kom som ei naturleg forlenging av dette ønsket.

– Begge våre eldste blei fødde som premature, og på lokal dialekt betyr ordet «vetlo» det same som «veslejenta» – noko lite og uskuldig. Vi har Vestlandet med oss i designa våre, og ville at òg bedrifta sitt namn skulle spegle nærheit og lokalitet. På Vetlo si nettside blir all tekst skriven på nynorsk. Det meiner vi signaliserer både kvalitet og lokal tilknyting.

I samband med marknadsundersøkingar oppretta gründerane bak Vetlo det dei kallar ei fokusgruppe med barnefamiliar. Dei utvalde småbarnsmødrene i fokusgruppa har alle stor interessert for interiør, så utviklarane har fått mange gode og konstruktive tilbakemeldingar når det gjeld dei ulike motiva. Av dei rundt 50 ulike dei starta med, er dei no nede i eit utval på seks design.

– Noko av det aller kjekkaste har vore å sjå at ideen vår treff andre, og å få ei stadfesting på at det faktisk finst eit behov for det vi ønsker å skape. Det gjev mykje motivasjon å oppleve interesse, engasjement og støtte frå både fagmiljø og menneske rundt oss, slår Indrebø fast.

Privat bilde

HARMONI: Dei ulike designa til Vetlo leikematter vil passe godt inn i kvar ein heim.

VAKSDAL Næringsselskap med dagleg leiar Jørgen Lie Kjøndal, var dei første som stilte opp med gratis rådgjeving og sparring for dei to lokale gründerane. Der fekk dei òg tips om å kontakte Etablerersenteret, og i august 2024 var dei deltakarar på rådgjevingssenteret sitt etablerarkurs. 

– Tilbodet ved Etablerersenteret blei ein viktig døropnar for oss. Gjennom dei fekk vi raskt  tilgang til eit nettverk av kompetente menneske, som alle ønska å bidra med å hjelpe oss vidare. Rådgjevar Sandra Haugland ved Etablerersenteret har vist genuin interesse for det vi ønsker å få til, rosar Bjørneboe-Iversen.

Etablerersenteret tipsa Vetlo-gründerane om Gründer Academy, eit akseleratorprogram for nyetablerarar. Der fekk dei plass i haustkullet i 2024. Tre månader med intensiv gründeropplæring gav dei økt kompetanse og framdrift i oppstartsfasen.

På den økonomiske sida har Innovasjon Norge og Industriutvikling Vest (IUV) bidratt med oppstartstilskot, og det same har Vaksdal kommunale næringsfond.

– Ein oppstartfase for produktproduksjon er kostbar, så desse tildelingane har vore gull verd.  I tillegg må Vekstpartner og KORT (Kompetansesenteret for robotteknologi) nemnast. Begge desse har vore verdfulle støttespelarar på rådgjevingssida. Vi har møtt på så utruleg mange bra folk! utbryt Bjørneboe-Iversen.

DEI TO bedriftsetablerarane omtalar oppstartfasen som spennande og lærerik, og krevjande. Det har vore utfordrande å stå i alle vala som føl med det å kreere eit heilt nytt produkt.

– Som gründerar må ein ofte handtere mange roller samtidig – alt frå produktutvikling og merkevarebygging, til økonomi og strategi. Det har kravd mykje læring på kort tid, men det har også gjort oss tryggare og meir bevisste på vegen vidare, ytrar Indrebø.

Om dei ser bakover er dei sikre på at dei ikkje ville ha vore noko i gründerreisa forutan.

– Det er læring i alt, sjølv dei møta og samtalane det ikkje kjem noko ut av, understrekar dei.

MEST TID av planleggingsfasen har gått til å lande på rett materiale for leikemattene.

– Vi har snakka med ei lang rekke av ulike materialleverandørar, i alle verdshjørne, påpeikar Bjørneboe-Iversen.

– Blant anna har vi forhøyrt oss om materialet fungi, som er framstilt av sopp, og vi har sett på algi, framstilt av sjøgras. Trespon og minneskum har òg vore inne i bildet. No har vi landa på det vi meiner er det beste alternativet som finst, når det tas i betraktning at mattene og skal vere økonomisk overkommeleg for småbarnsforeldre å kjøpe. Materialet TPU er haldbart, og samtidig er det nedbrytbart over tid. Vetlo sine leikematter skal kunne brukast i minst ti år, og slik blir dei miljøvenlege på ein litt anna måte enn det vi hadde sett for oss i starten.

Det er ein anerkjent og velrenommert kinesisk produsent av barneprodukt som har fått æra av å lage Vetlo sine leikematter.

– Ambisjonen vår er at det ein gong i framtida vil vere økonomisk forsvarleg å lage produkta våre i Noreg, i samarbeid med KORT. Det ville vore fantastisk kjekt å kunne seie at Vetlo sine leikematter er norskprodusert.

VISJON: Vetlo leikematter vil i første omgang bli selde i Noreg og resten av Skandinavia, men gründerane bak har fått råd om å ikkje vente for lenge med å gå internasjonalt med produkta sine.

HEKTISKE to år er overstått. Med to småborn kvar, og med sine faste jobbar i tillegg til gründerstatusen, har dei måtta bruke dei tidslukene dei har funne. Men at dei bur på kvar si side av jorda, ser ikkje venninnene på som noko stort problem.

– Ingvild blir naturleg nok den som må ta hovudstøyten av dei fysiske arbeidsoppgåvene, men elles vil arbeidsoppgåvene falle naturleg på plass etter kvart. Bedriftssamarbeidet vårt hadde nok ikkje fungert for 20 år sidan, men verda er ikkje lenger så stor som før, og eg, mannen min og ungane ønsker å ta jamlege turar heim til Noreg for å jobbe med Vetlo og treffe familie og vener, informerer Indrebø.

På spørsmål om kva som er den viktigaste eigenskapen til ein gründer, kjem svara kjapt:

– Tolmodigheit! ler Bjørneboe-Iversen.

– Og pågangsmot, legg Indrebø til.

– Alt tar så mykje meir tid enn ein trur. Rundt juletider i 2024 trudde vi at vi skulle klare å lansere produkta våre i løpet av våren, og her set vi, endå eit år seinare. Sjølv om ein står på heile tida, så dukkar det stadig opp utfordringar som må løysast. 

GRÜNDERAR: Linn Indrebø og Ingvild Bjørneboe-Iversen.

LIVET som bedriftseigarar kjem med mange positive sider.

– Det er så mange moglegheiter. No planlegg vi eit tilleggsprodukt med mål om å inspirere til familietid på mattene. Vi omtalar det som eit Vetlo-univers. Visjonane våre er det ingenting i vegen med, smiler Bjørneboe-Iversen.

Indrebø tar over:

– Draumen er å skape fleksibilitet i kvardagen – å ha moglegheit til å levere borna i barnehagen seint, og hente dei tidleg. Vi likar å reise, og i framtida ønsker vi å kunne arbeide frå kvar som helst i verda, eller for min del, å kunne ta turen heim til Noreg utan å måtta trygla sjefen om fri.

Det dei er mest stolte av, er at dei har tatt ein idé frå tanke til konkret konsept.

– Vi er særs kry av at vi har klart å forme eit uttrykk og ein retning som kjennest genuint riktig for oss, og som vi trur mange småbarnsforeldre vil kjenne seg igjen i.

ETABLERARANE bak Vetlo sine tre beste råd til andre gründerspirer er desse:

– Våg å starte før det kjennest perfekt. Mange venter for lenge fordi dei vil ha alt klart, men ein lærer utruleg mykje av å berre faktisk sette i gang, avgjer Bjørneboe-Iversen.

Det andre rådet deira er å vere open for hjelp og innspel.

– Det å bygge ei bedrift kan kjennast einsamt, men det finst mange gode ressursar, fagmiljø og menneske som gjerne vil bidra. Det tredje rådet vårt er å være tolmodig og holde fast i kvifor du starta. Det kjem periodar med usikkerheit og mange spørsmål, men det er nettopp då det er viktig å hugse kva som driv deg, og kva du ønsker å skape.


Nettsiden finner du her: www.vetlo.no





Neste
Neste

Maling møter perler