Teknologioversettaren
GRÜNDER: Hedvig Moore.
– Å starte for seg sjølv har vore kjempegøy. Framtida er fylt av nye moglegheiter så langt eg kan sjå, konstaterer UX-designar Hedvig Moore.
Tekst og foto: Irene R. Mjelde
I AUGUST i fjor blei gründerselskapet Hedvig Moore Design AS innrapportert til Brønnøysundregisteret. Den ferske etableraren er UX-designaren Hedvig Moore.
– UX står for User Experience, men produktdesignar eller interaksjonsdesignar er også stillingsnemningar som blir brukt. Nøkkelorda for arbeidet mitt er problemløysing, teknologi og menneske. Jobben min er å skape ei god brukaroppleving – å gjere teknologien enklast mogleg for brukarar. Kall meg gjerne ein oversettar mellom menneske og teknologi, reiegjer Moore.
MOORE sitt arbeide går ut på å gjere teknologien til små og store bedrifter mest mogleg brukarvennleg, både for dei sjølve og for kundane deira.
– Om eit produktkjøp på ei nettside krev for mange klikk og omvegar, fell kundar ofte av. Slik går kronglete kundevegar ut over innteninga til selskapet. Eg kartlegg kvar smertepunkta i brukarreisene ligg, og ser kvar kundar møter motstand i bruken av ei løysing. Eg ser òg på kvar teknologi og arbeidsprosessar internt i ei verksemd fører til bortkasta tid for dei tilsette. I begge tilfella kan eg designe noko nytt, eller forbetre det dei allereie har. Det visuelle uttrykket er ein integrert del av arbeidet, der form, fargar og tekst støttar både funksjon og bruk.
Arbeidsbakgrunnen hennar som UX-designar har vore innan hjelpemiddelteknologi, men kunnskapen hennar kan brukast nesten uansett bransje.
– Akkurat no arbeider eg på eit oppdrag for ei HR-bedrift. Eg oppdagar at faget mitt er aktuelt for dei aller fleste brukargrupper. Variasjonen eg opplever som gründer er gjevande og utruleg spennande.
Workshops er òg et tilbod Hedvig Moore Design leverer.
– Under ein workshop hos ei bedrift kan vi i samarbeid finne ut kvar dei kan spare tid og pengar i kompliserte prosessar. Eg får innblikk i teknologien i selskapa, undersøker kva kundane vil ha, og lagar noko som dei intuitivt forstår.
GRÜNDER: Hedvig Moore.
I SLUTTEN av 2024 mista Moore jobben etter nedbemanning på arbeidsstaden, samtidig som ho var i svangerskapspermisjon. På den tida karakteriserer ho seg sjølv som «djupt nede».
– Eg fekk med meg ein såkalla sluttpakke, og starta å skrive jobbsøknader. Eg var på mange intervju, men nådde aldri heilt opp.
KI var noko ho hadde høyrt om, men aldri brukt.
– Mitt «forhold» til KI starta då eg skulle oppdatere porteføljenettsida mi. Ved hjelp av KI var det gjort på eit par timar, og det gav meg ei sterk glede å kunne produsere noko igjen.
Ho hadde arbeidd i same bedrift i elleve år, og heile tida hadde ho vore ein del av eit team.
– No kallar eg ChatGPT for «teamet» mitt. Eg bruker den samtalebaserte KI-varianten som ein sparringpartnar og ber gjerne om å få kommentarar frå fiktive fagpersonar med ulike personlegdomar; til dømes frå den realistiske produktleiaren, og den positive UX-designkollegaen min. Så får eg svar tilbake som hjelper meg til å sjå ulike sider av arbeidet eg driv med.
Moore ler.
– Om eg har ein dårleg dag og sjølvtilliten er lav, kan eg sutre litt til ChatGPT og få trøyst og oppbacking tilbake. Det kjennest som at eg har eit team i ryggen, sjølv om eg arbeider åleine. KI har vore med på å gje meg tru på at det å drive for meg sjølv vil fungere, at eg åleine kan lage noko som kundar vil ha god nytte av.
– Kvifor gje kunstig intelligens ein del av æra for din eigen suksess?
– Hmm! Den gav meg vel den sjølvtillitsboosten eg trengte, der og då?
– KVA GAV deg ideen til å starte di eiga bedrift?
– Eg såg at eg, ved hjelp av KI og ulike støtteordningar, hadde både kunnskapen og moglegheita til det.
Støtta av faktiske menneske har nemleg òg vore vesentleg for Moore si avgjerd. Rådgjevarane hos Etablerersenteret, og Vest Næringsråd i heimkommunen hennar Øygarden, får gode skotsmål hos teknologigründeren.
– Hos Etablerersenteret kursa eg meg innan bedriftsetablering og -økonomi. Eg blei introdusert for alt som skal til, og kursa deira går såpass ofte at det var lett å få passa dei inn i kalenderlogistikken min.
Gründermøtene med andre kursdeltakarar omtalar Moore som særs verdfullt, sjølv om dei skulle levere heilt andre tenester, i heilt andre bransjar.
– I tillegg innvilga Nav søknaden min om å få behalde dagpengar i 12 månader under etablering av bedrifta. Summen av dette gjorde at eg våga å satse. Oppi alt det som kjentest som kaos, dukka det opp denne gylne moglegheita som eg berre måtte gripe.
Det ho har sakna som fersk bedriftsetablerer er ei tydeleg tidsline for kva som skal gjerast gjennom oppstartsprosessen.
– Det er så mykje å lære og så mykje å halde styr på at ein klar oversikt over kva som bør gjerast og når, hadde gjort starten av gründerløypa mindre tidkrevjande og overveldande. Sjølv for ein UX-designar var det vanskeleg å finne fram i mylderet, særleg på offentlege nettsider, påpeiker Moore.
PROMOTERING: Hedvig Moore blir intervjua av Anders Ekanger i Vest Næringsråd, i høve Etablererdagen i Øygarden denne månaden.
– KORLEIS ser notidas arbeidsdag ut for deg?
– Etter at eg har levert borna mine i barnehagen startar eg oftast arbeidsdagen med ein snartur innom YouTube for å sjå kva som er nytt i verda. Teknologiutviklinga skjer så fort at eg må ta tempen på det kvar dag. Så jobbar eg nokre timar med arbeid for kundar, før eg gjer administrasjonsarbeid, svarar på og skriv mailar, gjer nødvendig rekneskap, eller eg utvidar nettverket mitt ved å kontakte aktuelle samarbeidspartnarar.
– Eg meiner bestemt at nettverksarbeid er svaret på alt, spesielt for nystarta bedrifter, men og for godt etablerte. Særleg innan sal av tenester til bedrifter er det viktig å vere eit kjent fjes.
I 2023/2024 var Moore deltakar på Women in Tech-programmet til Agenda Vestlandet, sponsa av Sparebanken Norge.
– Arbeidsstaden min gav meg fri på kursdagane, og leiarkurset blei ei særs god yrkesutvikling for meg. Der bygde eg òg opp eit nettverk som er til stor nytte for meg no. Fleire av oppdraga eg har gjort dei siste månadane har kome via kjente frå kullet mitt i Women in Tech, fortel ho.
«Friheita» svarar 37-åringen, på spørsmål om kva som er drivkrafta hennar.
– Då eg jobba i ein stor organisasjon blei det mykje venting; på at avgjerder skulle takast, på at planar skulle leggast, eller på at kollegaane i USA skulle vakne så vi kunne ha teamsmøtet vårt. No står alt på meg, på godt og vondt. Mest godt. Det er eg sjølv som tar avgjerdene, og vegen er kort frå ide til handling. Det er eg som bestemmer.
«EG ER så glad vi fann deg», og «Hjelpa frå deg inspirerte meg. Etter møtet vårt arbeidde eg vidare til klokka to om natta», er eksemplar på tilbakemeldingar frå fornøgde kundar av Hedvig Moore Design AS. Teknologidesignaren vil satse på lokale kundar, og ho rosar bedriftene som hentar inn designhjelp i ein tidleg fase.
– Eg vil gjerne vere med på å styrke lokale bedrifter, og samtidig gjev ei lokal kundesatsing meg ekstra fleksibilitet i familiekvardagen med to små born. No er eg på leiting etter bedrifter som kan tenke seg å vere pilotkundar, for eg vil gjerne gjere bedrifta mi betre kjend i Øygarden kommune.
Bedriftsetableraren fastslår at det å starte for seg sjølv har vore særs utviklande.
– Rekneskap, marknadsføring, sal – å meistre nye ting gjev god sjølvtillit. Ikkje minst gjev det ei spesielt god kjensle å sjølv kunne fakturere for jobben eg gjer, avgjer ho smilande.
TRIVSEL: Hedvig Moore har snudd nedturen ved å bli oppsagt, til gleda ved å drive sin eigen arbeidsplass.
SJØLV OM Moore set pris på tips om snarvegar og gode løysingar, meiner ho at kvar enkelt si gründerreise er personleg, og at utviklinga som gründer kjem av å lære og oppleve sjølv.
– Eg syg til meg rettleiing, informasjon og gode råd frå dei som har meir etablererkunnskap enn meg, men eg ser òg verdien av å lære av mine eigne feil, å gå i baret og finne ut av det. Ein lærer mykje av prøving og feiling. Eg er stolt av at eg har funne fram i jungelen av informasjon i oppstarten.
For henne kjennes det trygt å sjølv ha ansvar for sin eigen arbeidskvardag.
– I store konsern, eller for visse typar leiarar, er ein berre ein lønnskostnad – eit namn og eit tal på eit ark, som kan strykast ut etter elleve år. No skapar eg ein stabil arbeidsplass for meg sjølv. Eg er i ferd med å bygge opp ei berekraftig bedrift, ved å halde fram med nettverksbygging, tenesteutvikling, og ved å levere arbeid av god kvalitet.
– KVA RÅD har du til andre som tenker på å starte sin eigen arbeidsplass?
1. Sats på nettverksbygging! Å ha ei fin nettside og ein lekker logo er langt ifrå like viktig som å delta på relevante tilstellingar og gjere seg kjent i miljøet. Om det kjennest skummelt, så finn nokon andre som står åleine, og sei hei.
2. Lær deg å bruke KI. For meg er den kunstige intelligensen blitt ein nyttig sparringspartnar. Men ver klar over at faktamessig kan han tulle ein del, så dobbeltsjekk om du er usikker.
3. Finn ut kva støtteordningar og instansar som finst rundt deg, du treng ikkje å gjere alt åleine sjølv om du kan. For meg har Etablerersenteret, Gründerparken til Vest Næringsråd og Øygarden kommune vore veldig viktige kontaktar på gründervegen.
Sjekk ut hjemmesiden her: