Toppen av frisørlykke

IDYLLEN er fullkomen utom vindauga til Vaag Frisør. Kyrkjetårnet til Hosanger kyrkje speglar seg i det solblanke saltvatnet inst i Mjøsvågen, to kajakkar ligg klare på brygga, og den flytande badstua Flabellina duppar fredeleg i sidesynet.

– Eg har fått det akkurat slik eg ønskja meg. Min eigen frisørsalong, lokalisert heilt i sjøkanten og i gangavstand til heimen, smiler Eirin Tysse Bysheim.

FREDLEG: Utsikta frå pauserommet til Vaag Frisør er det ingenting å seie på.

Idyllen er heller ikkje fråverande innanfor dei store glasgluggene. Bygget som ein gong husa ein kistefabrikk er no blitt totalrenoverte lokalar for fleire små gründerforetak, blant anna Bysheim sin Vaag Frisør. Resepsjonen hennar er passande nok ei gammal, særs lokalprodusert trekiste. Sett på sida og opna blir ho som eit særeige lite skap. Frisørdisken i klippeområdet er sida av ei gammal, velbrukt treseng. Harmoniske fargar, iderikdom, kreativitet og ei kjensle av ro, er stikkorda i lokala hennar.

VELVÆRE: Kunde Inger Helen Kallekleiv nyt ein behageleg hovudbotnmassasje.

– Eg brenn for at kundane mine skal kjenne seg bra, også på innsida, når dei går herifrå. At dei får med seg ei kjensle av velvære og glede er etter mi meining like viktig som den nye frisyren.

Den erfarne frisøren er takksam for alle dei kjekke kundane sine, både nye og gjengongarar, unge og eldre.

– Eg har så mange fine folk innom. Det gjer meg audmjuk og rørt. Dei gode menneskemøta er grunnen til at eg framleis elskar yrket mitt, etter nesten 20 år i faget.

SOLO: Det er berre Eirin Tysse Bysheim som er tilsett i Vaag Frisør AS, og det kjem det til å vere òg i framtida.

 

I ÅTTE ÅR var Bysheim ein av fire eigarar av ein annan, meir sentralt plassert frisørsalong på Osterøy. Men den siste tida sneik det seg inn eit ønskje om noko nytt.

– Eg kjente meg ferdig med arbeidssituasjonen som han var, og funderte på kva eg skulle gjere framover. Samtidig har eg hatt kjempefine år i lag med kollegaane mine, og eg er så glad i dei alle. Det var dét som gjorde at det tok tid å bestemme meg for å bryte ut og starte opp, heilt åleine. Det er ein stor overgang å gå frå å vere ein del av eit team, til å plutseleg vere den som skal ta seg av alt, i alle ledd.

Til dømes har ikkje rekneskap og anna papirarbeid tidlegare vore noko ho har prioritert, eller hatt lyst til å lære seg.

– No har eg ikkje hatt noko val. Eg har lært mykje, blitt meir sjølvstendig, og det trengte eg.

Prissetting syns ho har vore ei av dei vanskelegaste oppgåvene.

– Det er ikkje lett å sette ein pris på sitt eige arbeid, men eg har blitt flinkare til å kjenne min eigen verdi. Frisøryrket er underbetalt, og eg heiar på at alle frisørar skal ha ei betre inntening på arbeidet dei gjer. Det er uansett inga gullgruve å drive frisørsalong, men så lenge eg har så eg klarar meg spelar ikkje omsetninga noko stor rolle. Det viktigaste er å lytte til seg sjølv.

 

KLAR, FERDIG: 28. mai 2022 opna Eirin Tysse Bysheim sin Vaag Frisør i Mjøsvågen på Osterøy.

DEN BLIDE førtiåringen har helseerfaringar bak seg som gjer at ho set ekstra stor pris på dei positive sidene ved å drive eige firma.

– Eg starta eiga bedrift fordi eg ønskjer å drive for meg sjølv, på min eigen måte. Eg ville så gjerne bevise for meg sjølv at det var mogleg for meg å arbeide som frisør utan å slite meg ut. Eg er ein energisk person, men eg har vanskar med å regulere aktivitetsnivået mitt, og  har fleire gongar køyrd meg sjølv rett inn i utmatting.

Smellane blei mange før Bysheim klarte å finne balanse mellom arbeidsmengd og kvile.

– Eg har lært meg å prioritere helsa mi. For å klare det måtte eg seinke tempoet.

Frisørgründeren har òg ei deltidsstilling som yogainstruktør. Ho ønskjer å leie andre inn i det som har hjelpt henne sjølv.

– Eg får inspirasjon og motivasjon gjennom samvær med andre, anten det er snakk om yogaundervisning eller frisørtimar. Med dei to jobbane mine kan eg regulere arbeidstida mi som det passar meg best. Eg styrer meg heilt sjølv, kan jobbe mykje når det er mogleg og treng ikkje å spørje sjefen om lov til å ta fri når dét trengst. Slik unngår eg å strekke meg for langt.

No er det gått eitt år sidan ho opna dørene første gongen. Litt undrande innrømmer Bysheim at ho har hatt full ro når det gjeld oppstarten av Vaag Frisør.

– Eg har tenkt: «Går det, så går det!» Eg har klart å legge vekk alle katastrofetankar og heller stole på meg sjølv.

KLIPP: Dagens første kunde skal blir fin til åttiårsdagen sin.

 

ETABLERERSENTERET  arrangerer gründerdagar rundt om i distrikta, blant anna på Osterøy. Den første gongen Bysheim deltok var i 2021.

– Allereie dèn gongen hadde eg begynt å leike med tanken om å starte eigen frisørsalong. Då dei igjen arrangerte gründerdag her i fjor, hadde planane mine fått forma seg vidare eit heilt år. Eg hadde difor både øyrer og alle andre sansar på stilkar, og saug til meg alt eg kunne av kunnskapar om korleis ein startar eige firma.

Seinare har ho deltatt fleire gonger når Etablerersenteret har hatt gründerkurs på Osterøy.

– Desse kursa var særs inspirerande og lærerikt påfyll, og rådgjevarane følgde meg opp og gav god hjelp både undervegs i kurset og i etterkant.

 

MORGONREGN har vore innom, vaska rutene og fordufta. No skin sola igjen over heile Mjøsvågen, og Bysheim stemmer i med nokre refrengtonar til «What a beautiful day!» Gründeren har budd på Hosanger nesten heile livet. Ho innrømmer at innfødde lett blir blind for eigne omgjevnader.

– Det hender kundar som kjem langvegs ifrå minner meg på kor fint me har det her. Det å ha slekta rundt seg er og ei uvurderleg gode.

Ein hjelpsam fetter er rekneskapsførar, mora er kunstnar med atelier og galleri på nabobrygga, far hennar driv føretak i nabobygget, og sambuaren og dei fire borna hennar, frå seks til tjueto år, er gode støttespelarar.

– Kundane mine kjem frå heile Osterøy. Eg har òg nokre som kjem heile vegen frå Bergen sentrum, og tanta mi tar turen heilt ifrå Halsnøy når ho treng ein klipp.

Eit par kundar kjem faktisk heilt frå austlandet. Dei passar hytteturane til Osterøy inn med hårveksten.

– Vaag Frisør blei den siste babyen min. Eg har skapt eit pusterom både for meg sjølv og andre, akkurat slik eg ønska.

 

RÅDA Bysheim vil gje andre ferske gründerar er desse:

1. Berre gå i gang, utan å overtenke.

2. Snakk med andre som har starta eiga bedrift, og då gjerne noko liknande som den du sjølv skal starte.

3. Ha tru på deg sjølv, og at det du tilbyr er unikt.


Forrige
Forrige

Hjertefølt jobbhjelp 

Neste
Neste

Ferskt filmeventyr