Strekmakarane
GRÜNDERAR: Runar Solberg, Morten Sellevold, Eivind Hansen og Erik Neerland.
Fire vestlendingar har samla sine 120 år med arbeidserfaring i STREK Prosjektering AS.
– Om dette går så bra som vi trur, er det einaste minuset at vi ikkje har gjort dette for lenge sidan, seier Erik Neerland.
Arkitekten utgjer ein fjerdedel av gründerbedrifta STREK Prosjektering AS. Dei andre tre drifterane er arkitektane Eivind Hansen og Runar Solberg, samt Morten Sellevold, som har stillingsbeskrivinga teknisk konsulent og byggmeister.
Etablerersenteret sin journalist møter heile gründerfirkløveren i Vestlandshuset – Vestland fylkeskommune sin tilhaldsstad i Bergen sentrum, der òg rådgjevingssenteret deira for bedriftsetablerarar har sine lokalar.
– Rådgjevarane ved Etablerersenteret sine positive tilbakemeldingar på bedriftsplanane våre, hadde stor innverknad på at vi valde å satse på prosjektet vårt, fastslår Sellevold.
GODE RÅD: Dei fire gründerane bak STREK Prosjektering AS er storfornøgde med rådgivinga dei har fått hos Etablerersenteret.
STREK PROSJEKTERING tar på seg oppdrag både frå private og profesjonelle kundar. Dei leverer all nødvendig teknisk dokumentasjon for ulike bygnings- og konstruksjonstiltak, primært innan bustadsektoren – både nybygg og ROT (rehabilitering/ombygg/tilbygg). Dei tar gjerne på seg arbeidet med heile prosessen, frå innleiande synfaring på tomta, med moglegheitsstudie og forslag, til søknads- og arbeidsteikningar, samt energiutrekningar for realisering av godkjent tiltak.
– Visjonen vår er at kundane våre alltid skal bli meir fornøgd enn dei forventa. Eitt tiltak for å oppnå dette, kan vere å overraske kunden med interaktiv 3D-visualisering av det planlagde byggverket, røper dagleg leiar Hansen, medan han koplar PC-en sin til storskjermen på møterommet.
Kort tid etter «svevar» planteikningar og fasadeteikningar over skjermen, så detaljerte at hunden som står framom huset lograr med halen.
– Ein kan til og med «gå inn» i huset og sjå seg om. Slike 3D-visualiseringar av ferdigteikna byggverk gjer det mykje enklare for kundane å sjå for seg korleis det framtidige huset deira vil sjå ut.
VISUELT: Prøv STREK Prosjektering si 3D-visualisering for ein ferdig teikna fritidsbustad ved å gå til nettsida under. Legg inn passordet: viAcdSTHE3
https://twinmotion.unrealengine.com/presentation/gn3VpVuj0Ihy7YHq
HANSEN konstaterer at bustadmarknaden er inne i si største krisetid på meir enn 50 år, og at det derfor herskar stor usikkerheit rundt mengde oppdrag STREK Prosjektering er i stand å få inn, som nyetablert i dagens marknad.
– Men, når bustadmarknaden tar seg opp igjen, og det er når, ikkje viss, har vi klokketru på at det vil vere både plass og behov for føretaket og kompetansen vår, avgjer han.
Trass nedgangen i byggemarknaden har den nystarta prosjekteringsbedrifta allereie fått bryne seg på ei rekke oppdrag. Sidan oppstarten i juni i år har det blitt teikna og prosjektert både einebustader, fleirmanns- og fritidsbustader, garasjar og anneks, samt ulike rehabiliteringsprosjekt – både tilbygg og ombygging.
– Vi tar gjerne på oss småjobbane som dei større aktørane unngår, fortel dagleg leiar Hansen.
– Vi tenker slik at ingen oppdrag er for små. Men dei kan kanskje bli for store, og då takkar vi høfleg nei. Vi har ingen planar om at STREK Prosjektering skal vekse til himmels. Vårt ønske er å vidareføre den samla kompetansen og lange erfaringa vår i vår eiga bedrift, for slik å kunne etablere trygge og føreseielege arbeidsplassar, der vi får arbeide vidare med det vi kan, vil, og trivst med.
KOLLEGAER: Dei fire etablerarane bak STREK Prosjektering trivst godt ilag.
DEI FIRE var i mange år kollegaar, og utgjorde hovuddelen av det tekniske kontoret for eit landsdekkjande bustadkonsept, tidlegare HIBA Hus. Heilt til konsernleiinga, hausten 2024, valde å flytte drifta frå Bergen til Trondheim.
– Vi er alle godt etablerte vestlendingar, og det å følgje med på lasset var ikkje eit realistisk alternativ for nokon av oss. Då valde vi heller å ta kundane våre sitt ønske på alvor, og starte for oss sjølve.
Dei ser mange fordelar med å vere godt vaksne bedriftsetablerarar.
– Først og fremst kjem den solide fagkompetansen vår. Samla har vi over 120 års allsidig yrkeserfaring innan prosjekteringsfaget, fortel Hansen.
– Eit anna av våre store fortrinn er at vi har erverva oss eit breitt kontaktnett opp gjennom åra, istemmer Sellevold.
– Det er og ein stor fordel at vi alle er ferdigetablerte på privat basis, supplerer Neerland, før og Solberg seier sitt:
– I nedgangstider er det ikkje lett å skaffe seg nytt, fast arbeid. Vi hadde ikkje tenkt tanken tidlegare, men omlegginga av arbeidsstaden vår viste seg etter kvart å vere ein gyllen anledning til å forsøke oss for oss sjølve. Det freista å halde fram med arbeidet vi kunne best, i lag med gode kollegaer frå eit allereie etablert arbeidsmiljø. Vi trivst i lag, og vi brenn for faget vårt.
ROT-prosjekt (Rehabilitering – Ombygg – Tilbygg): Fritidsbolig med tilbygg/forlengelse til venstre.
DET ER LANGT frå første gongen karane frå STREK Prosjektering er innom Vestlansdshuset sine vegger. Hos Etablerersenteret har dei fått med seg både etablerarkurs, økonomikurs og marknadsføringskurs, samt at dei har nytta seg av individuelle vegleiingstimar og informative frukosttreff. I tillegg har dei gjennomført NAV sine nettbaserte Etablererkurs, modul ein og to.
– Kursa hos Etablerersenteret er lett tilgjengelege og særs godt subsidierte økonomisk. Vi fekk med oss mange nyttige tips, og eit godt basisgrunnlag for å komme vidare i etableringsfasen, konstaterer Hansen.
– Sidan Morten bur på Vaksdal, fekk vi blant anna det gode rådet å kontakte Vaksdal Næringsselskap. Hos dei fekk vi god hjelp til å utarbeide ei grundig næringsfagleg vurdering for den planlagde bedrifta vår, noko som gjorde at vi valde å registrer firmaet STREK Prosjektering i Vaksdal kommune.
DAGLEG LEIAR: Eivind Hansen.
ETTER Å HA arbeidd saman i 14 til 20 år, kjenner dei kvarandre godt. Dét meiner dei gjer det enklare å basere drifta av STREK Prosjektering på tillit seg imellom. Kvar av dei fire er medeigarar i bedrifta, med 25 prosent kvar av aksjane. Ingen av dei kunne tenkt seg å starte for seg sjølv, aleine.
– For sikkerheits skuld har vi tatt Morten sitt fornuftige krav på alvor, og utarbeida ein detaljert aksjonæravtale. Han har tidlegare drive eige lokalt firma som byggmeister, og påpeika viktigheita av å ha papira i orden, både for «gode og vonde dagar», fortel Hansen.
Omstillingar må til når ein startar si eiga bedrift, sjølv om ein er aldri så etablerte innan yrket sitt. Til dømes har den daglege leiaren òg tidlegare hatt ansvar for administrativt og marknadsførande arbeid, men det er likevel mykje nytt som skal lærast som leiar av eit nystarta firma.
– Å stå for fakturering, momsinnberetningar, og etter kvart lønsutbetalingar er nye arbeidsoppgåver for min del, påpeiker han.
– Den største forandringa er kanskje at vi ikkje lenger får servert oppdraga opp i hendene, skyt Sellevold inn.
– Vi må sjølv innhente aktuelle oppdrag og stå for kundekontakt i alle ledd. Men, når ein kunde spør meg om råd, treng eg ikkje lenger ta omsyn til kva ein overordna ville ha svart. Og når rosen for ekstraservicen kan haustast, er det vi sjølve som høyrer han, ikkje sjefane våre.
– Vi kan velje vegen vår sjølv, og fleksibiliteten vi har fått i arbeidskvardagen ser eg på som eit stort gode, kommenterer Neerland.
Dei har valt å arbeide frå kvar sine heimekontor, noko dei opplever som både kostnads- og tidssparande.
– Så har vi faste digitale måndagsmøter, og ikkje fullt så faste fysiske møter. Kvar enkelt arbeider med sine respektive oppgåver kvar for seg, så samlast vi digitalt og diskuterer oss fram til optimale løysingar, reiegjer Hansen.
– Kundemøter fungerer òg særs godt online, og det gjer det fullt mogleg for oss å sørve kundar over heile landet.
Nybygg: 2 stk. prosjekterte 2-mannsboliger i eksisterende boligområde
PÅ SPØRSMÅL om kva som er drivkrafta deira, er svaret eintydig:
– Faget vårt!
– Å få lov til å ha direkte påverknadsmoglegheit når folk skal gjere ei av sine største investeringar i livet, er særs gjevande. Det å sjå dei fysiske bevisa som står igjen etter arbeidet vårt er alltid like stor stas. No ser vi fram til at byggemarknaden tar seg opp igjen, slik at vi får det like travelt som vi er vant til å ha det, avrundar Hansen.
Råda dei fire prosjekteringsgründerane vil sende med til andre etablerarspirer er desse:
– Først og fremst: Kontakt Etablerersenteret og delta på kursprogrammet deira. Lytt til folk med etablerarerfaring og skap gode nettverk.
Og:
– Utarbeid eit detaljert budsjett allereie tidleg i planleggingsfasen, slik at du har kontroll på flest mogleg kjente kostnader og faste utgifter i den framtidige drifta av firmaet ditt.
Sjekk ut hjemmesiden her: